Nytt frå kommunedirektøren 3. februar 2023

Les meir om at arbeidet på Frisksenteret i Naustdal har starta. Vi får betre økonomisk resultat i 2022 enn det vi tidlegare har meldt. God respons på folkemøta om arealplanen. Sunnfjord kommune vil handsame ei eventuell sak om vindkraft etter ny lov. Det vert folkemøte om vindkraft. Kva kan du finne på i vinterferien, fristar ein tur til Kaupanger? Kjenner du nokon, eller kunne du sjølv tenke deg å bli trainee i den nye Bemanningsavdelinga? Kven er dei tre nye leiarane vi har tilsett?

Frisksenteret i Naustdal – då er vi i gang!

Uteområdet til Frisksenteret i Naustdal - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

No skjer det! Kommunestyret vedtok i desember 2022 oppstart av arbeidet med ombygging av kommunehuset og bankbygget i Naustdal til «Frisksenter».

Etter mange år med vurdering av ulike løysingar vart det i 2021 bestemt at vi skulle nytte kommunehuset og bankbygget i Naustdal som lokale for dei kommunale helsetenestene.

Det har vore eit godt og konstruktivt samarbeid mellom brukargruppa, arkitekt og rådgjevarar. Våren 2022 la dei fram planar som gir funksjonelle, gode og framtidsretta løysingar for tenestetilbodet og innbyggarane i bygda.

Kommunehuset skal byggast om til servicetorg, legesenter, psykisk helse og rus, helsestasjon, aktivitetseining og personalkantine med meir.

Vi skal også bygge om bankbygget. Der vil vi plassere tenester som heimetenesta, fysio-/ergoterapi og aktivitetseininga med frisklivstilbod.

Kommunen har inngått kontrakt med Harald Kapstad AS som totalentreprenør.

No er entreprenøren på plass i Naustdal og i ferd med å sette opp rigg og gjerde inn området rundt bankbygget som blir det første tiltaket. Arbeidet med det bygget skal vere ferdig hausten 2023. Når bankbygget er ferdig vil dei tilsette i kommunehuset mellombels flytte over i bankbygget slik at ein kan ta til på arbeidet med ombygging av kommunehuset.

Heile prosjektet skal etter planen vere ferdig i juni 2024 og då vil alle tenestene flytte inn i nyoppussa lokale.

Då er vi altså i gang. Berre nokre veker etter at kommunestyret sa GO!

Betre økonomisk resultat for 2022

Tidlegare i veka fekk vi oppdaterte tal for kva vi får av skatt og rammetilskot for fjoråret. For Sunnfjord er det rett og slett kjempepositive tal. Då vi lagde budsjettet for 2022 rekna vi med å få skatteinntekter på om lag 754 millionar kroner. No syner dei nye prognosane at talet blir over 865 millionar kroner. Det er nærare 102 millionar meir enn vi budsjetterte. Vi får ikkje hand om alt, inntektssystemet reduserer rammetilskotet då med 39 millionar kroner. Likevel; vi sit att med over 62 millionar meir enn vi la til grunn. Gledeleg, rett og slett. Det gir oss eit heilt anna utgangspunkt for både å gjere opp rekneskapen for 2022, men også ein annan inngang når vi seinare i vår skal starte arbeidet med økonomiplanen. Dette gleder vi oss over.

Gode folkemøte om arealplanen

Leiar i Nærmiljørådet i Viksdalen Torstein Hatlestad orienterte om rådet sitt arbeid og om saker dei ønskjer fokus på. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Denne veka har ordføraren, eg og tilsette i planavdelinga, vore på to folkemøte om kommuneplanen sin arealdel. Måndag kveld var det 90 som møtte opp på skulen i Viksdalen. Torsdag var det tilsvarande godt oppmøte i Vevring.

Eg opplever gode møte der deltakarane er godt budde både med spørsmål og kommentarar om det dei er opptekne av. I Viksdalen orienterte vi også om ein rapport frå NVE som handla om tiltak knytt til flaumsikring. Dette er noko viksdølen har fokus på og kjenner godt til. For Viksdalen heng flaumsikring og arealplanen i hop. Å planlegge for utvikling av Vikja som senter, handlar om løysingar som både sikrar utvikling samstundes som konsekvensane av ein flaum vert så små som råd. Dette skal vi få til, kommunen saman med innbyggarar og tiltakshavarar. Det vil vi byrje på etter at vi har fått vedtatt arealplanen.

I Vevring hadde dei sjølvsagt fokus på arbeidet med planen for områderegulering. Det starta for nokre år sidan som ein prosess der bygdefolket var med i den første planlegginga. Mykje av det som dei ønskja inn i ein slik plan, er no tatt med. Arne Kringlen frå Norconsult orienterte om områdeplanen som vert ferdig i løpet av våren.

Det kan nok vere at møtedeltakarar både i Viksdalen og Vevring oppdaga at deira innspel ikkje er komen med i planen. Ja, slik kan det vere. Også for ditt innspel. Det er rett og slett ikkje mogeleg å ta med alle dei 260 innspela vi har mottatt. Både kommunedirektøren og dei folkevalde måtte sile. Men, som ordføraren sa i Viksdalen; «dette er 1. generasjons arealplan for (nye) Sunnfjord kommune. I staden for å halde oss med 4 ulike planar for dei tidlegare kommunane, har vi no ein felles for heile kommunen.» Vi får gode tilbakemeldingar på planen, men den kan sjølvsagt ha nokre feil og manglar ved seg. Det skal vi starte med å rette opp til hausten.

Måndag kl. 1800 er det folkemøte på Sande. Kjem du?

Sunnfjord kommune vil handsame saker om vindkraft etter ny lov

Førre torsdag orienterte eg formannskapet om dei føreslegne endringane i plan og bygningslova og energilova. Framlegga har som føremål å klargjere kva deler av saker om vindkraft kommunen skal ta stilling til, og kva NVE skal bestemme. Sunnfjord kommune skal sende sine innspel i høyringsrunden, og du kan lese meir om det på kommunen si heimeside i neste veke.

Formannskapet drøfta framlegget til lovendringar utan å gjere vedtak. Ordføraren fekk likevel formannskapet si tilslutning til at det vil vere uaktuelt for oss å handsame ei sak om vindkraft etter lova vi har no. Sjølv om det er mykje uklart i den nye, legg den likevel opp til at kommunane skal avklare arealbruken, før NVE skal starte handsaminga si. Denne klargjeringa har ikkje lovene i dag.

Folkemøte om vindkraft 1. mars

I midten av januar deltok ordføraren og eg på folkemøte om vindkraft i Høyanger. Seinare har vi fått spørsmål om ikkje Sunnfjord skal halde eit slikt møte. Det skal vi. Møtet vert onsdag 1. mars kl. 1830 på Sande i Gaularhallen. No har vi starta å planlegge det. Vi kjem med annonsering og opplegg for møte så snart vi har fått detaljane på plass.

Grill’n chill Sunnfjord til Kaupanger

For nokre nærmar det seg endeleg nokre vinterferiedagar. Eg håper dei som snart skal ha skuleferie får nokre fine daga, Vi har noko å by på desse dagane, og vonar det fell i smak.

Grill`n chill Sunnfjord er eit tilbod om aktivitetar som anten er gratis, eller i alle fall låge kostnader for å vere med på. No er programmet klart for vinterferien som kjem. Målgruppa er barn og unge i heile kommunen, og vi ynskjer å legge til rette for gode opplevingar. Gjennom Grill`n chill får vi også vist fram ulike aktivitetstilbod som barn og unge kan delta på heile året.

No har ungdomen sjølv kome med framlegg om aktivitetar og vi har laga eit variert program etter dei innspela. Målgruppa er blant anna opptatt av gratis mat, lågterskel-aktivitetar som til dømes sosiale møteplassar, kino og bowling.

Men folkens; denne gongen prøver vi noko nytt. Vi tar turen til Kaupanger for å besøke ViteMeir-senteret. Det vert heilt sikkert moro, interessant og lærerikt.

Arbeidsgruppa i Grill’Chill Sunnfjord består av tilsette i kommunen som jobbar med forebyggande arbeid på ulikt vis. Dei kjem frå Kultur og ungdom, psykisk helse og rus, friskliv og frivilligsenter . Følg gjerne Grill`n chill Sunnfjord på facebook og instagram. Her viser vi noko av det vi driv med. Vi nyttar kommunen sin aktivitetskalendar til påmelding, og gir informasjon om dei ulike aktivitetane der. Nokre aktivitetar er «førstemann til mølla» så du må vere rask med påmelding.

Dersom det grunna manglande transport vert vanskeleg for deg å delta på arrangement eller ein spesiell aktivitet, kan vi også hjelpe til med det.

Traineestillingar som sjukepleiar i Bemanningsavdelinga

No kan vi by på noko spennande og nytt; to traineestillingar som sjukepleiar.

Bemanningseininga har gjennom samarbeid med Framtidsfylke oppretta to traineestillingar som sjukepleiarar. Framtidsfylket har ei av dei mest attraktive regionale traineeordningane i

landet for kandidatar med bachelor- eller masterutdanning. Ordninga skapar eit unikt nettverk både for arbeidsgjevarar og traineear, og skal vere med på å styrke rekrutteringa til vårt område i Vestland.

Kan hende du kjem som nyutdanna til ein heilt ny stad og ein ukjend arbeidsgivar. Når du skal starte livet som arbeidstakar kan det vere krevjande, både fagleg og sosialt. Det er nettopp det ei slik ordning har fokus på. Målet er å møte dei utfordringane på ein god måte.

Både traineen og arbeidsgjevar skal jobbe saman om læring, finne gode arbeidsverktøy, samtalar, erfaringsutveksling og kan hende fylle på med meir kompetanse. Ein slik periode varer frå august til ut juli året etter.

Framtidsfylket er ansvarleg for opplegget. Som traineebedrift vil Bemanningseininga i samarbeid med den tilsette utarbeide eit læringsprogram. Du vil få prøve deg innan ulike tenester i sektoren. Både tenestene og Bemanningseininga vil støtte traineen med gjennomføring av programmet. Samstundes får vi som kommune erfaringar med kor det passar å ha slike ordningar.

Bemanningseininga vil vere mentor for traineen, i tett samarbeid med dei avdelingane vedkomande arbeider i. I tillegg vil vi ha ei fadderordning der den tilsette gjer teneste.

Kjenner du nokon, eller kunne du tenke deg sjølv?

Nye tilsettingar

  • Erik Øksenberg Wold er tilsett som assisterande einingsleiar ved Sande bu- og miljøteneste.
  • Aina Mikkelsen er tilsett som assisterande einingsleiar i Butiltak psykisk helse.
  • Mona Osberg er tilsett som assisterande einingsleiar i Naustdal bu og miljøteneste.

Eg gratulerer med tilsettingane og ønskjer alle tre lukke til med nye utfordringar.

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66