Nytt frå kommunedirektøren 28. november

Overskrifter denne veka: Budsjettet ute på offentleg ettersyn. Instruksen for drift av kommunen vert vidareført. Personal og Service vert ei eining. Ny nettside for regionen – ta del!  Kulturkort for studentar vert vidareført. Markering av Johannes Haarklou.

Budsjettet lagt ut til offentleg ettersyn

 I går vedtok formannskapet å legge ut budsjettet for 2026 til offentleg ettersyn.

Sunnfjord kommune står framfor store økonomiske utfordringar. I arbeidet med budsjett og handlingsprogram og økonomiplan for dei komande åra, er det særleg 2026 som peikar seg ut som eit avgjerande år. Kommunen må gjennomføre vesentlege innsparingar for å sikre økonomisk balanse og langsiktig berekraft. Dette krev målretta innsats og tett samarbeid på tvers av heile organisasjonen.

Vi er inne i ei tid der vi må prioritere knallhardt, tenkje nytt og arbeide effektivt. Det handlar ikkje berre om å kutte kostnader, men om å finne løysingar som gjer at vi kan levere gode tenester til innbyggjarane – innanfor dei økonomiske rammene vi har. For å lykkast med dette, må alle einingar og medarbeidarar bidra aktivt. Det krev openheit, ansvar og vilje til endring.

Samtidig vil eg som kommunedirektør løfte fram dei politiske prosessane som har vore gjennom dette arbeidet. Dei folkevalde har stått i krevjande vurderingar og har vist stort engasjement og ansvarskjensle. Eg har stor respekt for den innsatsen som vert lagt ned i dei politiske drøftingane, og for det arbeidet som vert gjort for å finne gode og framtidsretta løysingar for kommunen.

Budsjett og handlingsprogrammet er eit resultat av eit omfattande arbeid – både administrativt og politisk. Det er eit styringsverktøy som skal hjelpe oss å navigere gjennom ei krevjande tid, og samtidig halde fast ved målet om å vere ein kommune som leverer kvalitet, tryggleik og utvikling for innbyggjarane våre.

Eg vil takke alle som har bidrege i prosessen, og oppmode til vidare samarbeid og dialog. Vi har eit felles ansvar – og eit felles mål.

Instruks for drift av kommunen vert vidareført i 2026

Ovanfor har eg peika på nokre av dei utfordringane vi står overfor når det gjeld økonomien.

Sunnfjord kommune har det siste året hatt eit sterkt fokus på kontroll og styring av drifta. Det har vore heilt avgjerande for å sikre økonomisk berekraft og kvalitet i tenestene våre. Instruksen for drift har vore eit viktig verktøy i det arbeidet, og vi vidarefører den for 2026.

Tidlegare har vi fått ulike innspel på kva måte vi skal ha ein instruks på vidare.  Nokre meiner at vi kan sleppe opp for dei einingane som leverer i høve budsjett. Andre meiner instruksen bør gjelde for alle.  Som kommunedirektør må eg sikre at vi når så mange som mogleg av dei økonomiske måla våre.  Vi har god måloppnåing i 2025.  Vi må ha det same i 2026 og 2027. Det er framleis nødvendig å halde eit stramt grep om drifta. Først når vi ser at økonomien og styringa er vorten sterkare, kan vi vurdere om det er rom for å lette på nokre av krava i instruksen. Det vil vi komme tilbake til når situasjonen tilseier det.

I kommunedirektøren sitt utkast til budsjett og handlingsprogram for 2026 har vi balansert budsjetta slik at alle no har realistiske budsjett.  No ligg tidlegare meirforbruk som noko den enkelte sektor må ta inn i form av tiltak som skal saldere meirforbruket.

Eg vil takke alle einingsleiarar for den lojale og profesjonelle oppfølginga av instruksen. Dykkar innsats er heilt avgjerande for at vi saman skal lykkast med å skape ein berekraftig kommuneøkonomi og gode tenester for innbyggarane våre. La oss halde fram det gode arbeidet – med fokus, samarbeid og løysingsvilje.

For ordens skuld vil formannskapet stadfeste ei vidareføring av instruksen.

Samanslåing av Personal og Service til felles eining frå januar 2026

 Frå 1. januar 2026 vil einingane Personal og Service bli slått saman til ei felles eining. Dette var eit forslag i omorganiseringsrapporten og tiltaket fekk tilslutning i fleire høyringsuttalar.   

Den nye eininga vil heite Personal og service, vil ha om lag 30 tilsette og Solveig Masdal Haugsvær vert einingsleiar.

Personalsjef vert frå då av ei fagstilling med fagansvar for personaloppgåvene i heile organisasjonen med det mynde som har lagt til stillinga fram til no. Ellen Jensen er konstituert som personalsjef fram til august 2026. 

No vert det jobba med samanslåingsprosessen og korleis dei to einingane skal bli ei eining med gode arbeidskvardagar for alle tilsette og der vi saman klarer å ta ut synergiar og utviklingspotensiale.

Felles møte mellom plasstillitsvalde, verneombod og einingsleiarane er unnagjort og vi skal vere klare til innsats i ny eining over nyttår!

Ta del!

skjermbilde - Klikk for stort bilete

Ta del! Det er skikkeleg tak i det – Ta del! No lurer de kanskje litt på kvifor eg er så øsen av eit uttrykk. Eg er rett og slett litt opprømt fordi eg er stolt. Eg er stolt over regionen eg bur i, jobbar i og ikkje minst kjenner meg som ein del av. Det er nettopp dette den nye nettsida til regionen vår har som mål om å få meg til å kjenne. Dei lukkast med det..

Regionen Sunnfjord (Askvoll, Fjaler, Sunnfjord og sørlege del av Kinn og Bremanger) lanserte tidlegare i november ei ny nettside. 

Bakgrunnen for å lage denne nettsida er eit ønske om å hjelpe næringslivet å lukkast med rekruttering. Regionen vår treng fleire folk skal vi auke verdiskapinga og næringsutviklinga. Difor blir vekstregionen Sunnfjord som bu- og arbeidsområde no løfta fram. 

Initiativet kom frå næringsutviklingsselskapet Sunnfjord Utvikling, men dei er ikkje aleine. Saman med næringsliv, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, kommunar og verkemiddelapparat i regionen er dei Sunnfjordlaget som  jobbar for:

  • Auka synlegheit: Saman står vi sterkare og kan skape meir merksemd enn kvar for oss.
  • Styrka omdømme: Ein samla og tydeleg bodskap byggjer tillit og gjer regionen meir attraktiv.
  • Betre rekruttering: Vi kan lettare tiltrekke oss den kompetansen næringslivet treng.
  • Auka bulyst og besøkslyst: Ein attraktiv region er bra for alle som bur og driv verksemd her.
  • Felles identitet: Vi byggjer stoltheit og samhald internt i regionen.


No oppmodar eg deg om å ta del du også, og sjekke ut den nye nettsida sunnfjord.no

Kulturkort Førdestudent vert vidareført med støtte frå Sparebankstiftinga

 Vi har gleda av å melde at ordninga Kulturkort Førdestudent blir vidareført også komande år. Sparebankstiftinga har vedteke å gå inn med heile 300 000 kroner  til tiltaket.

 Kulturkortet gir studentane i Førde tilgang til eit breitt spekter av kulturtilbod på Førdehuset og Scandic, til redusert pris. Ordninga har vore svært godt mottatt, og støtta frå Sparebankstiftinga sikrar at vi kan halde fram med å gi studentane gode og inkluderande kultur­opplevingar.

 Sunnfjord kommune vil som fortsette å administrere ordninga .

 Dette er ei svært positiv nyheit for studentmiljøet – og eit viktig bidrag til å styrke Førde som attraktiv og levande studiestad.

Flott konsertrekke ved markeringa av Johannes Haarklou – eit hundreårsminne

plakat - Klikk for stort bilete

Denne veka er det markering av 100-årsdagen for komponisten Johannes Haarklou frå Haukedalen. Med konsertar frå Førde til heimestaden hans, og med sopran Christine Marøy og pianist Rune Alver i front, har publikum fått oppleve musisering og inspirerande historieforteljing om ein av dei viktigaste musikalske pionerane frå regionen.

Konsertrekka starta onsdag 26. november med ein  promokonsert på Røyst og ein konsert i Haukedalen kyrkje på sjølve dødsdagen til komponisten. I kveld var det konsert ved kulturskulen og vidare utover veka held feiringa fram med konsertar på omsorgssentra og gratis lunsjmusikk i Nordsalen ved kulturskulen i morgon fredag. 

Haarklou, som kombinerte europeiske studiar med sterk lokal forankring, skapte musikk som spente frå opera og symfoniar til store orgelverk og vakre romansar. I denne markeringa får publikum både høyre musikken hans og lære meir om mennesket bak – ein kunstnar med internasjonale ambisjonar og eit djupt engasjement for norsk musikkliv.

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom aktivitetskalenderne for ulike kulturhendingar og anna som skal skje. 

 

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66