Nytt frå kommunedirektøren 25. oktober 2024

Overskrifter denne veka: Eigenberedskapsveka. Nav Sunnfjord og ytre Sogn tek form.  Nye temaplanar under arbeid. Kafédialog om frivilligpolitisk plattform

Eigenberedskapsveka 2024 

Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober. I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle landets husstandar få ei brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser.  

Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjere.  
Vi oppfordrar alle til å lese brosjyren og styrke sin eigenberedskap!  

Om eigenberedskapsråda
Eigenberedskapsråda som blir presentere i brosjyren, blei oppdaterte i 2024. Dei blei lansert på sikkerhverdag.no i mai.  

Hensikta med råda er at ein skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon. 
Bakgrunnen for oppdaterte råd er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrafter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si  avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.

Les meir på kommunen si nettside.

Nav Sunnfjord og Ytre Sogn tek form!

Fjaler, Høyanger, Hyllestad og Sunnfjord skal samarbeide tett om Nav sine tenester framover, gjennom eit vertskommunesamarbeid. Dette vart bestemt i kommunestyra i vår.
Nav Sunnfjord og Ytre Sogn startar opp i januar 2025. Etablering av den nye organisasjonen er godt i gang og organisasjonskartet er på plass. Det vil framleis vere Nav-tilsette i dei fire kommunane som før. Samstundes vil organiseringa sikre at alle tilsette høyrer til i ei fagavdeling på tvers av kommunegrensene, noko som syter føre fagleg støtte i det daglege arbeidet.

Nav sine tenester er viktigare enn nokon gong. Vi har ungdommar som står utanfor skule og arbeidsliv. Det kan vi ikkje slå oss til ro med! Vi har flyktningar som kjem til oss, som er vande med å bidra i samfunnet, og som ønskjer ein meiningsfull kvardag på ein ny stad. Samstundes treng arbeidslivet i regionen fleire hender og hovud. Nav bidreg med sine verkemidlar og ikkje minst, den viktigaste ressursen, tilsette som kvar dag står på og hjelper innbyggarar som treng dei.

Tilsette i Nav står no midt i ei omstilling. Dei skal innplasserast i nye avdelingar og bli kjend med nye kollegaer samstundes som dei skal levere på oppdraget sitt. Dette er krevjande. Eg har god dialog med Nav-leiar Magne Kjetil Berg, som er ansvarleg for omstillinga. Han vil framheve det gode samarbeidet med dei tillitsvalde i organisasjonen, som han er heilt avhengig av for å lukkast.

Eg ser fram til vi har eit nytt, felles Nav-kontor for dei fire kommunane på plass, og trur dette vil løfte tenestene til ungdommar, flyktningar, næringsliv og andre. Fram til Nav Sunnfjord og Ytre Sogn er på plass heiar vi litt ekstra på dei tilsette i denne tida.

Nye temaplanar under arbeid

Kommunal planstrategi for perioden vart 2024 - 2027 vart vedteke i kommunestyret 30.05.24. I denne vart det bestemt at vi skulle starte opp arbeidet med følgjande temaplanar i 2024:

  • Temaplan for folkehelse og sosial utjamning - prosjektleiar Catrine Vagstad.
  • Temaplan for kvalitet og kapasitet i integreringsarbeidet - prosjektleiar Cecilie Eikefjord Udberg-Helle.
  • Temaplan for natur og klima - prosjektleiar Truls Hansen Folkestad.
  • Arbeidsgjevarpolitikk og rekruttering - prosjektleiar Jan Birger Moe.

Desse planane er no starta opp. Om du har spørsmål eller innspel til planarbeidet, må du gjerne ta kontakt med prosjektleiarane!

I tillegg jobbar vi for fullt med temaplanane Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen og Sunnfjordskulen.

Kafédialog om frivilligpolitisk plattform

Denne hausten startar arbeidet med å utarbeide frivilligpolitisk plattform for Sunnfjord kommune. Har du tankar, idear eller innspel til vidareutvikling av frivilligheita håpar vi du melder deg på og kjem.  I samarbeid med nærmiljøråda inviterer vi til kafédialog på 4 stader i Sunnfjord. Neste møte er på Joker i Naustedalen 20 november klokka 1900.

Du kan lese meir om dette på heimesida til Sunnfjord kommune

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66