Nytt frå kommunedirektøren 24. oktober 2025

Overskrifter denne veka: Sunnfjord kommune synleg på nasjonal folkehelsearena. Brannfolka stilte opp som flyttehjelp! Korleis er det med eigenberedskapen? Lærlingkonkurranse. 

Sunnfjord kommune synleg på nasjonal folkehelsearena

Den nasjonale Folkehelsekonferansen – den største og einaste av sitt slag i Noreg – samla fagfolk, forskarar og kommunale aktørar frå heile landet til tre dagar med inspirasjon, kunnskapsdeling og nettverksbygging. Årets tema var Prioriteringar for gode liv , og Sunnfjord kommune var stolt representert med to innovative prosjekt innan folkehelsearbeid. Konferansen fann stad i midten av oktober i Kristiansand

Prosjektleiar for skulefråværsprosjektet, Cecilie Udberg-Helle, presenterte Aminahagen, eit nyskapande tiltak retta mot unge jenter som står i fare for å falle utanfor skule og samfunn. Gjennom urbant landbruk og sosialt fellesskap skal hagen bli ein arena for meistring, deltaking og livsmeistring. Piloten startar opp hausten 2025 i samarbeid med Førde barneskule, og er ein del av vidareføringa av nærmiljøhagen frå prosjektet Grøderiket Sunnfjord.

Rådgjevar for folkehelse og plan Catrine Vagstad, presenterte nettopp Grøderiket Sunnfjord, eit prosjekt som kombinerer urbant landbruk, matkultur og samskaping for å styrke trivsel og fellesskap i Førde by. Nærmiljøhagen i Prestebøen har blitt ein møteplass for innbyggarar i alle aldrar, og eit konkret døme på korleis kommunen jobbar med berekraft og folkehelse i praksis.

Konferansen, arrangert av Folkehelseforeninga i samarbeid med Agder fylkeskommune, Kristiansand kommune og Universitetet i Agder, er ein viktig møteplass for utvikling av framtidas folkehelsearbeid. Sunnfjord kommune sitt bidrag vart godt mottatt, og fleire uttrykte interesse for å lære meir om korleis kommunen jobbar med førebygging og inkludering gjennom grøne møteplassar.

Kommunedirektøren takkar dei tilsette som representerte Sunnfjord med fagleg tyngde og engasjement, og ser fram til å vidareutvikle desse prosjekta i tråd med nasjonale føringar og lokale behov.

Brannfolka stilte opp som flyttehjelp!

Brannfolk hjelper med arkivflytting - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

14. oktober vart arkivet frå gamle Naustdal kommune flytta frå mellomlagring i Førde til nytt arkivdepot i Leikanger. Brannfolka stilte villig opp og tok styrketreningsøkta på løfting og bæring av kasser med arkivmateriale denne dagen. Dei flytta 126 flyttekasser med arkivmateriale, og 19 pallar vart transportert til Leikanger! 

Takk til Brann og redning for at de stilte opp og for god innsats og godt humør undervegs i arbeidet!

 

Korleis er det med eigenberedskapen?

I neste veke (44) er det nasjonal eigenberedskapsveke. Det betyr at nasjonen Norge set fokus på eigenberedskap og stiller deg følgjande spørsmål:

Korleis vil du og dine næraste klare dykk om straumen vert borte i ei veke?  For straumbrot  kan føre til at vatnet i springen, kloakksystemet, medisinsk utstyr, lading av elbil, fylling av drivstoff, betalingsløysingar, internett, mobiltelefon, radio, kjøleskap og det å lage mat ikkje fungerer som normalt.

Eigenberedskap handlar om å vere budd på slike situasjonar. Det er ei investering i tryggleik for deg og dine næraste, samtidig som du bidreg til at kommunen kan prioritere dei som treng mest hjelp.

Om du har born som har flytta heimanfrå eller foreldre som bur for seg sjølv, spør også dei om eigenberedskapen er på plass.

På kommunen si internettside finn du meir informasjon om beredskap og eigenberedskap.

 

Lærlingkonkurranse

Lærlingane Meaza og Metasebia - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Sterk innsats og pallplasseringar Meaza og Metasebia som er lærlingar i ernæringskokkfaget.

Onsdag 23. oktober deltok våre to lærlingar i konkurranse for uttak til Norges Cup for kokke- og servitørlærlingar. Konkurransen er i regi av NKL Sogn og Fjordane og ASKO Servering.

Med høgt fagleg nivå og stort engasjement sikra dei seg 2. og 3. plass – ei imponerande prestasjon vi er svært stolte av!

Grunna alderen får dei dessverre ikkje delta i den nasjonale finalen, men konkurransen er likevel ein viktig læringsarena og ei stor motivasjonskjelde. Gratulerer til begge med flott innsats og sterke plasseringar!

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje.  Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

Terje Heggheim

Kommunedirektør

 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
Telefon 91 10 12 66