Nytt frå kommunedirektøren 22. september 2023

Takk til kommunestyret i Sunnfjord. Kvardagen i Sunnfjord. Seniorar på kurs for å lære meir om digitale verktøy. Tannhelsedagane 2023. 4 H hadde stormønstring på Vassenden. Opning av sikker skuleveg.

Takk til kommunestyret i Sunnfjord!

Bilde av kommunestyrerepresentantane  - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

I går torsdag 21.september hadde kommunestyret i Sunnfjord sitt siste møte. Sitt siste møte før det nyvalde kommunestyret vert samla. Det skjer onsdag 4. oktober. Då skal dei velje formannskap, ordførar, varaordførar og medlemer til utvala.

No takkar vi dei som har vore medlemer av kommunestyret i Sunnfjord kommune sine første fire år. Dei har lagt ned ein formidabel innsats til beste for innbyggarane i kommunen. Eg bruker å kalle summen av alle politiske organ for den politiske verkstaden i ein kommune. Dersom vi ser på alle saker og vedtak kommunestyret, formannskapet, utval, råd og nemnder har gjort, vert talet 3793.

3793 vedtak og saker er rett og slett imponerande. Dei folkevalde skal lese, vurdere, drøfte i eige parti, mellom partia, forhandle og til slutt vedta dei. Det krev tid, det krev innsats. Dei folkevalde har levert.

Eg har vore kommunedirektør i litt over eitt år. Vil spesielt trekke fram korleis det politiske nivået gjennom kommuneplanen sin arealdel, har prøvd å legge til rette for utvikling av heile kommunen. Det arbeidet vil halde fram.

Så er det verdt å merke seg at i det siste kommunestyret, vedtok dei plassering av ny brannstasjon i Førde, samstundes som dei fokuserte på kvalitet for uteområdet til nye Førde ungdomsskule. Val av modell for bygging av ny skule på Sande vart bestemt. Det vart også finansieringa av uteområdet ved Vassenden skule. Kommunestyret tar heile kommunen i bruk.

På vegner av administrasjonen og 2 300 tilsette takkar eg dei folkevalde for godt samarbeid mellom politikk og administrasjon i desse fire åra. Eg tek meg også fridomen på vegner av alle i kommunen å takke for innsatsen. Det gjer eg samstundes som eg på vegner av innbyggarane sitt val, ønskjer dei nye folkevalde velkomen!

Kvardag i Sunnfjord

Bilde frå Folkehelsekonferansen i Tromsø der prosjektleiar Cecilie Udberg-Helle og rådgjevar for folkehelse og plan stod for presentasjon av Sunnfjord sitt arbei. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Tidlegare i år skreiv eg om kvardagsplanen for Sunnfjord, plan for kultur, frivillighet og inkludering. Det er viktig for oss at denne planen er med på vise retning for at Sunnfjord skal vere eit kraftsenter med gode kvardagsliv i verdas vakraste ramme. Gode kvardagsliv skapar vi saman med deg som innbyggar kvar dag og no er planen ute på høyring. Vi ønsker tilbakemelding frå deg.

Onsdag denne veka var Sunnfjord representert på Folkehelsekonferansen i Tromsø og hadde innlegg om skulefråværprosjektet i kommunen. Prosjektleiar Cecilie Udberg-Helle og rådgjevar for folkehelse og plan stod for presentasjon av Sunnfjord sitt arbeid for å møte og forebygge skulefråvær. Dersom du vil lese om dette prosjektet, finn du det her. Eg tykkjer det er flott når andre, og som i dette tilfellet, nasjonale fagmiljø og konferansar ønskjer å vite meir om korleis vi gjer det. Godt jobba!

Seniorar på kurs for å lære seg meir om digitale verktøy.

Bilde av kommunedirektøren saman med Monrad Kolseth - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Då kommunestyret var samla til sitt siste møte, vart eg i ein pause hanka inn av biblioteksjefen til eit anna rom. Der sat det mange vaksne og skulle ta til med eit kurs om digitalisering. Kjempeflott tiltak som eg spesielt vil rose Monrad Kolstad for. Han er både initiativtakar og drivkrafta bak desse opplæringane. Han har heilt sikkert med seg andre gode krefter som hjelper til i kursa.

Fleire og fleire av tenestene vi nyttar i kvardagen vert digitaliserte. Det er etter kvart færre og færre som har behov for å vitje eit kontor for å få gjennomført tenester. Det gjeld private så vel som offentlege tenester. Dei som ikkje meistrar dei digitale løysingane, kan hende kjenner på ei form for å bli halden utanfor, eit slags utanforskap. Det er ikkje bra.

Då er det eit prisverdig og flott tiltak å køyre eigne opplæringsøkter for dei som framleis har behov for oppfrisking eller hjelp til å kome inn på løysingane. Difor skal Monrad og støttespelarane ha stor takk for at dei køyrer desse kursa. Slik vert også dei kommunale digitale tenestene meir tilgjengeleg for alle. Takk for det!

Tannhelsedagane 2023

Bilde viser ein person på scena som snakkar til publikum under tannhelsedagane 2023 - Klikk for stort bilete Anne Mette Hjelle

Onsdag denne veka hadde eg gleda av å vere med på opninga av Tannhelsedagane 2023. Det er ein konferanse for alle som er tilsett i den offentlege tannhelsetenesta i Vestland fylke. Det er ein av dei største konferansane som nokon gong er arrangert i Førde. Det var over 400 deltakarar. Eg fekk høve til å ønskje dei velkomen til Førde og Sunnfjord, og sjølvsagt presentere kommunen vår overfor deltakarane.

Eg synst det er flott at slike store konferansar vert lagt til Førde og kommunen vår.

4H med stormønstring i Sunnfjord

Bilde viser ordførar Jenny Følling som klipper snora på 4H si stormønstring - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Førre fredag var det stormønstring av 4H ungdomar på Vassenden. Der var ordførar Jenny Følling og kommunalsjef for kultur og idrett med på å opne samlinga og Veldig kjekt oppdrag å få vere med å opne storkurs på Vassenden fredag kveld . Ordførar Jenny Følling klypte snora medan born og unge i salen begeistra talde ned for opninga av ei helg fylt med trivsel, samhald og aktivitet.

Arr: 4H Sogn og Fjordane og Blåklokka 4H-klubb

Opning av sikker skuleveg

Bilde av ordførar Jenny Følling som klipper snora under opninga av tiltak 13 i Førdepakken - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Tysdag denne veka opna ordførar Jenny Følling tiltak 13 i Førdepakken. Det tiltaket handlar utelukkande om sikker veg til skulen for elevane på Hallbrend og Flatene skular. Det har ikkje berre vorten ein sikker veg. Det er eit flott anlegg som ligg i bakkane opp Hallbrendslia. Steinsetting, asfaltering og grøne plenar gjer det til ei fin ramme på veg til og frå skulen.

Klassar frå dei to skulane deltok i markeringa og ordføraren fekk hjelp av elevar då ho klipte snora. Vi takker alle som har bidratt til anlegget og gratulerer alle som skal buke det i åra som kjem.

 

 

 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør