Nytt frå kommunedirektøren 21. april 2023

Vi kvitterer ut 2022. Minneleg avtale med grunneigarane i Sunnfjord næringspark. No går det framover med Bygstad idrett- og fritidspark. Måndag hadde vi møte med alle nærmiljøråda. Tidlegare i veka var den store dugnaden ved Kvernafossen. Les meir om eit spanande og skarpt klimaoppdrag i Viksdalen. Alle 4. klassingane i kommunen fekk prøve seg på ulike kulturaktivitetar. I helga kan du velje mellom fleire ulike tilbod.

Årsrapport og årsrekneskapen – takk for god innsats!

I går la vi fram årsrapport og årsrekneskapen for formannskapet. Eg skal ikkje kome med tal og andre fakta no. Dokumenta fortel i hovudsak korleis vi gjekk ut av driftsåret 2022. Kommunestyret skal godkjenne dokumenta til slutt.

Økonomisk gjekk det betre enn det vi rapporterte gjennom fjoråret. Det kom som følgje av blant anna to faktorar. For det første eit mindre meirforbruk enn det vi såg føre oss. Den andre årsaka ligg i langt høgre skatteinntekter enn det vi sjølve rekna med. Vi skal glede oss over det siste, sjølv om vi er komen langt inn i eit nytt driftsår før vi faktisk har kunnskap om kva dei totale skatteinntektene vert. Det er ikkje godt, korkje for administrasjonen og dei folkevalde å ikkje ha kunnskap om det i samband med at vi legg budsjettet for året som kjem.

Når det gjeld den første faktoren; mindre meirforbuk, så betyr det at dei tilsette har levert betre enn det vi trudde skulle bli resultatet. Kommunen er framleis ung og vi treng å bli betre med å legge dei rette budsjetta. Når meirforbruket vert lågare, betyr det at leiarar og tilsette har fokus på pengebruken. Det er flott. Eg syns også at det er kjekt i relasjon til fellesskapen, og at innbyggarane kan oppleve at vi forvaltar 2,3 milliardar kroner til beste for alle. Eg håper at det bidrar til auka tillit mellom kommunen som organisasjon og dei vi er der for å tene, innbyggarane.

Når vi no er i ferd med å kvittere ut 2022, vil eg difor takke alle tilsette i kommunen for den jobben de gjorde. Det er lagt ned stor innsats for å etablere og yte gode og likeverdige tenester i Sunnfjord kommune. Korona-pandemien kravde ekstra innsats av mange og påverka også arbeidet med å bygge vidare den nye kommunen. Likeså vil eg takke dei folkevalde for godt samarbeid og deira innsats for å kome i mål.

Minneleg avtale med grunneigarane i Sunnfjord næringspark

Grunneigarane i Jølster-delen av Sunnfjord næringspark og kommunen skulle eigentleg møtast til overskjønn for Gulating lagmannsrett i neste veke, men partane har i staden inngått forlik i saka.

I skjønnssaker er det mange variablar som inngår i fastsetjinga av grunnerstatninga. Ved utmåling av salsverdi for areal som kan opparbeidast til industritomter vil m.a. opparbeidingskostandar og tomtepris for ferdig opparbeida tomt vere sentralt. Opparbeidinga av Sunnfjord næringspark omfattar t.d. vass- og avlaupsleidningar frå Farsund til Moskog, utbetring av Moskogkrysset, gang- og sykkelbru over Jølstra og intern infrastruktur i næringsområdet.

Kommunen sel i dag tomter i den delen av næringsparken som låg i Førde kommune for 1050 kr pr. m². Planen er at salsprisen for tomter i dei neste felta skal ligge på same nivå, og innafor denne ramma var det rom for ein auke i grunnerstatninga. Hovudpunktet i avtalen er at grunneigarane får 40 kr pr. m² for areala dei avstår. Avtalen gir føreseielege rammer for det vidare arbeidet med utvikling av næringsparken. Fokus kan derfor flyttast til arbeidet med planlegging, gjennomføring og etablering av nye verksemder.

Ein forliksavtale betyr sparte prosesskostnadar, og ikkje minst er det veldig positivt at partane i fellesskap har greidd å komme til ei minneleg løysing.

Formannskapet vart informert om saka i møte torsdag denne veka.

Bygstad idrett- og fritidspark

Bygstad idrett- og fritidspark inni hallen - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Bygg og eigedomsforvaltning (BEF) kan melde om stor aktivitet ved idrettshallen i Bygstad. Mange faggrupper er i sving om dagen, tømrarar, elektrikarar, røyrleggarar, flisleggarar samt ventilasjon- og maskinentreprenør sikrar no framdrift i prosjektet.

Planen vår om ferdigstilling før sommaren står fast. I løpet av mai vil løpe- og kunstgrasdekke bli lagt ferdig. Samstundes skjer det innreiingsarbeid med garderobar, lager og teknisk rom, samt finpuss av uteområde.

Då er det jo kjekt å melde at etter ei byggetid med nokre skjær i sjøen, kan vi etter kvart tenke på ein opningsdato.

Møte med nærmiljøråda

Måndag hadde vi møte med alle nærmiljøråda i kommunen. Den gongen då kommunen vart etablert hadde råda ei sentral rolle i eit lokaldemokratisk bilete. Det vart nedfelt og stod klart definert i intensjonsavtalen. Fellesnemnda følgde opp denne intensjonen då råda vart etablert. Varaordførar og leiar i utvalet for lokaldemokrati Anne Lilleaasen heldt ei orientering om bakgrunnen for etablering av råda. For meg som vart kommunedirektør i fjor, var det ein nyttig gjennomgang, og stadfestar eigentleg den opplevinga eg har; råda spelar ei viktig rolle. Ikkje minst når det gjeld målet om å ta heile kommunen i bruk.

Eit anna sentralt tema måndagskvelden var refleksjonar om kva som skal til for å lukkast. Her kom det mange gode innspel. Jostein Kjøsnes på Vassenden har i 40 år engasjert seg i utvikling av lokalsamfunn og utvikla metodar for korleis ein kan gjere ein forskjell lokalt.

Arbeidet hans vore knytt til Vassenden og starta med å finne gode måtar for å syne fram og skape tilgjenge til elva Jølstra som flyt forbi og deler Vassenden i to. Utgangspunktet var motsett, nemleg at vegen – E39 – gjorde at all merksemd på begge sider retta seg inn mot vegen. Elva vart baksida. Løysinga var turvegar, møteplassar og tiltak i elvekanten. For Jostein er godt nettverk og gode folk avgjerande. Alle prosjekta han har vore engasjert i, må skape begeistring. Det gjer han han ved å synleggjere dei med bruk av gode skisser. Skal du lukkast må du tillegg vere motivert, kunne ta initiativ, skaffe deg rett kunnskap og kompetanse, og ha evne til å utvikle prosjektet ditt.

Det siste handlar om å vere kreativ. Brunsj & briller som Elisa Sunde starta på Skei, meiner Jostein er eit godt døme på det. Her kan du nyte god mat og drikke og ta synstesten i same slengen, som Elisa skriv på heimesida deira.

Dugnad ved samlingsplassen ved Kvernafossen

Kvernafossen dugnad - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

For nokre år sidan opparbeidde Kvernafossen grannelag ein plen og grillplass ved elva. Den blir mykje brukt av skulen, barnehage, idrettslag og andre.

Grannelaget held plassen vedlike, slår området, tømmer boss. Med andre ord; alltid velstelt . Tidlegare i veka gjekk den årlege stordugnaden av stabelen , med beising av utemøbler og grillhytte, planering , raking , gjødsling og anna naudsynt arbeid. Folk er flinke til å møte opp .

Skarpt klimaoppdrag i Viksdalen

Viksdalen skule viser rappor - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Elevane på ungdomssteget i Viksdalen leverte frå seg ein imponerande rapport førre fredag.

Som ein del av programmet Lektor 2 fekk dei tysdag etter påske eit oppdrag frå bygg og eigendom. Det gjekk ut på å kartlegge skulebygget, og kome med forslag til tiltak for å spare energi.

Elevane sette straks i gong arbeidet med varmesøkande kamera, analyse av byggteikningar og innhenting av informasjon om oppvarming, lys og ventilasjon. Deretter kontakta dei leverandørar for å innhente pris på mellom anna solceller, ledlys og etterisolering. Alt saman vart presentert fredag.

Leiaren for bygg og eigedomsforvaltning, Ørjan Stubhaug var frå seg av begeistring etter å ha fått presentert detaljerte rapportar som i følge han sjølv var på høgde med det profesjonelle konsulentar leverer frå seg. “Det er akkurat dette me var på jakt etter” -uttalte han. Takk til flinke elevar i Viksdalen!

4. klassingane prøvde seg på ulike kulturaktivitetar

4. klasse på kulturarrangement. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Torsdag og fredag denne veka var alle 4. klassingane frå heile Sunnfjord kommune samla i Førdehuset og på kulturskulen, der dei fekk prøve ut ulike kulturaktivitetar. Dette er ein del av kommunen sitt program i den lokale kulturelle skulesekken «Frå fjorden til breen», og tema var «vatn». Alle elevane hadde laga fine dråpar til opphenging på scena, og øvd inn to artige viser om vatn; «Å kjøre vatten og kjøre ved» og «No brusar bekk», som dei framførte ilag med distriktsmusikarane i Storsalen.

Dei fekk oppleve fem ulike verkstader med opplesing på biblioteket, lyd- og lysdemonstrasjon med pyroteknikk i Storsalen, animasjonsfilmar i Lisjesalen, instrumentdemonstrasjon i Sørsalen og teaterleik i Nordsalen. Til slutt samlast alle elevane i Storsalen til framsyning med flott musikk, allsong, tekstframføring og lysshow.

Det vart ein svært vellukka dag der alle fekk bli kjent med storstova Førdehuset og kulturskulen sine tilbod. Ein elev sa etter ein verkstad «dette var kjempegøy, dokke kan berre glede dokke!»

Brasskonsert i Bygstad

I helga kan du oppleve brasskonsert i Bygstad, vårkonsert med Sissel Kyrkjebø eller spelekveld på Pikant? Sjekk kva du kan få med deg av kjekke opplevingar og aktivitetar i helga via aktivitetskalenderen!

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66