Nytt frå kommunedirektøren 20. oktober 2023

Overskrifter denne veka; Demensprisen til Aktivitetseininga. Landslova vert 750 år. Oktober og sikkerheit. Vi styrkar arbeidet rundt barn og unge si psykiske helse. Restaurering av Astruptunet. Førstehjelpskurs på rådhuset.

Demensprisen 2023 til Aktivitetseininga

Tilsette i Aktivitetseininga som tek imot Demensprisen 2023 - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Dei tilsette i Aktivitetseininga er skikkeleg krye av at Dagtilbod demens Førde, på daglegtale Veglo 5, har fått Demensprisen 2023. Heile kommunen gleder seg over ein slik pris.

Det er Nasjonalforeininga for folkehelse Vestland som deler ut prisen og grunngjevinga er følgjande;

Brukarane kjem til eit hus som er innreia som ein heim, noko som gjer terskelen for å komme dit lægre. Målet for dei tilsette er å gje brukarane eit meiningsfylt liv. Kjernen i tilbodet er difor meistring. På dagtilbodet et ein mat saman, driv med formingsaktivitetar, går på turar og har faste trimøkter saman. Ein syng, høyrer på musikk, spelar spel og har bingo. Innimellom dreg ein på turar og på museumsbesøk.

Dei tilsette seier at dei har fokus på kvar enkelt, skape gode augeblikk, ta vare på det sosiale og tilpasse forholdet mellom aktiviteten og kvile.

Kommunedirektøren og resten av kommunen gratulerer med prisen og håper den motiverer dei tilsette å halde fram det gode arbeidet de no får ros for.

Vi markerer at landslova vert 750 år

Bilde frå spelet om Audun Hugleikson. - Klikk for stort bilete Oskar Andersen

Magnus Lagabøte si landslov av 1274 la fram radikale påbod som omdanna det norske samfunnet og heile vår identitet. Dei svakaste samfunnsgruppene fekk rettar til liks med alle andre. Dersom du svalt, skulle du ikkje straffast om du stal mat. I realiteten vart det dermed innført ei almisseplikt. Den riksdekkjande lovboka var den tredje i sitt slag i Europa, men den første som faktisk blei brukt. Noreg vart tidleg eit land der rett gjekk framfor makt.

Denne tida leika ein liten gut i det høge graset der elva renn ut i Jølstravatnet på Ålhus. Audun var fødd på Hegrenes kring 1240. Faren Hugleik var storbonde og hirdmann til Håkon Håkonsson. Audun fekk god opplæring, først av ein huslærar heime på garden og seinare på hirdskulen til kong Håkon i Bjørgvin. Han fekk undervisning i språk, kyrkjeleg rett, våpenbruk, administrasjon og høvisk framferd.

Med god utdanning, slektsband til kongen og ein sterk personlegdom låg vegane opne for guten frå Ålhus. Som kongens stallare (høgt rangert embetsmann) sat han så tett på makta som det var råd å komme, og det vert rekna som sannsynleg at han var ein av opphavsmennene til landslova.

I Sunnfjord kommune arbeider vi med ei storstilt markering av at landslova fyller 750 år, der vi både vil utforske middelaldershistoria vår og reflektere over korleis vi tek vare på og vidarefører verdiane lova byggjer på. Både skulane og biblioteka våre, lag, organisasjonar og

kulturlivet elles vil bli involverte i program gjennom året, men allereie no vil vi særleg oppmode om å setje av siste helga i september 2024 for eit rikhaldig jubileumsprogram i vår eigen tusenårsstad på Ålhus!

Oktober – månaden med fokus på sikkerheit

Nasjonal sikkerheitsmånad vert markert i oktober kvart år. Tema i år er sosial manipulering. Kort sagt går sosial manipulering ut på å manipulere menneske til å utføre handlingar eller avsløre informasjon som kan brukast i kriminell aktivitet. Svindlarane tek ofte kontakt gjennom sosiale medium, e-post, tekstmeldingar, telefonsamtaler eller andre digitale kanalar.

Både Sunnfjord kommune og du som privatperson kan verte utsett for slik manipulering. I kommunen brukar vi sikkerheitsmånaden til å auke medvitet og kunnskapen om dette. Du som innbyggjar kan òg redusere sjansen for å verte lurt. Passorda dine er private, og skal ikkje delast med andre. Ikkje ein gong familiemedlem, banken din eller IT-avdelinga. Seriøse aktørar vil aldri be deg om å dele passordet ditt. Dersom du opplever dette er det stor sjanse for at nokon prøver å lure deg.

Sunnfjord kommune styrkar arbeidet rundt barn og unge sin psykiske helse

Sidan januar 2023 har Sunnfjord kommune hatt auka fokus på det psykiske helsetilbodet til barn, unge og deira familiar. Arbeidet er tett knytt opp til nasjonale føringar og er ei viktig satsing i det førebyggande arbeidet rundt barn og unge i vår kommune.

Vi veit at det er eit aukande tal barn og unge som i dag opplever press og bekymringar i kvardagen, og at fleire treng hjelp med psykiske helseplager. For barn og unge som opplever dette, er det viktig at terskelen er lav for å oppsøke hjelp. Er det behov for oppfølging og/eller behandling av psykiske helseutfordringar, skal hjelpa vere samanhengande, heilskapleg og godt koordinert i samarbeid med relevante tenester.

Sunnfjord kommune lyser no ut fleire stillingar til eit nyoppretta lågterskel psykisk helseteam for barn, unge og deira familiar. Teamet vert etablert som ei eiga avdeling under Helsestasjonen. Tenestetilbodet er under utvikling og vert eit supplement til andre helse- og omsorgstenester som helsestasjon, skulehelseteneste og fastlege.

Det psykiske helseteamet skal vere tverrfagleg samansett av familierettleiarar, terapeutar, psykologar, ungdomskontaktar, Utekontakt, erfaringskonsulent. Teamet skal ha spesialisert kompetanse på psykisk helse, rus, åtferd, foreldrestøtte-/rettleiing og vil være lett tilgjengeleg for både innbyggjarar og tilsette. Teamet skal jobbe førebyggande, i tillegg til oppfølging og behandling av psykiske helseutfordringar. Sentrale samarbeidspartar for teamet er barnehage, skule, skulehelsetenesta, helsestasjon, fastlegar og spesialisthelsetenesta.

Slik kan vi gjere Sunnfjord til ein betre kommune å bu i – for alle!

Restaurering av Astruptunet

Bilde av prosjektgruppa, handverkarar, gartnarar med fleire samla i Slåttetunet. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Etter 3 år med eit omfattande arbeid på husa i tunet samt opparbeiding og attendeføring av hagen nærmar vi oss ei avslutning av det store restaureringsprosjektet i Astruptunet.

Det byrja med at Sparebankstiftinga DNB i 2015 tinga eit forskningsarbeid knytt til å skrive om historia, utviklinga og situasjonen på Astruptunet. Dette er dokumentert i ein hagehistorisk rapport utarbeidd av Ingeborg Mellgren Mathiesen; Arkadia Landskap, Astruptunet i Jølster. Nikolai Astrups gårdshage, Sandalstrand, - hagehistorisk rapport 2017.

I tillegg til den historiske rapporten har Arkadia landskap utarbeidd ein rapport med restaureringsforslag for hagen og NIKU har utarbeidd ein rapport for å ivareta bygningane i Astruptunet. Restaureringsarbeidet som er gjennomført byggjer på desse rapportane samt funn og innspel frå prosjektgruppa og handtverkarane som ha jobba i tunet.

Denne veka var prosjektgruppa, handverkarar, gartnarar med fleire samla i Slåttentunet til ei markering av at dette viktige arbeidet nærmar seg slutten. Her vart det mellom anna servert noko av det hagen i Astruptunet har å by på. Arbeidet vil halde fram i vinter og det blir ei formell avslutning og overlevering av prosjektet jonsokhelga 2024.

Kommunedirektøren vil rette ein stor takk til Sparebankstiftinga DNB som har støtta prosjektet økonomisk og gjort det mogeleg og få dette realisert. Vidare vil eg rette ein stor takk til dei dyktige rådgjevarane, handverkarane, gartnarane, vaktmeistrar, dugnadsgjengen mm som har delteke i dette viktige restaureringsarbeidet. Vi gleder oss til juni neste år.

Førstehjelpskurs på rådhuset

Bilde av person som utfører hjarte- og lungeredning på dokke - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Måndag denne veka vart det gjennomført førstehjelpskurs på rådhuset i Førde. Deltakarane kom frå heile kommunen. Kurset hadde fokus på korleis du skal undersøke ein medvitlaus perrsom. Både ein som pustar og dei som ikkje gjer det. Det var eigne øvingar i sideleie og hjarte- og lungeredning. Andre tema som vart gjennomgått gjekk blant anna på hjartesjukdomar, hjerneslag, indre og ytre blødningar, brannskade og kva gjer du dersom du er først på skadestaden til dømes ved ei bilulykke.

Eg har tidlegare skrive om at Sunnfjord kommune skal vere ein god og trygg kommune å bu i. Med 2 300 tilsette skal også kommuneorganisasjonen vere ein trygg stad å arbeide. Vi er spreidd over eit stort geografisk område og driv med mange ulike arbeidsoppgåver. Nokre med større risiko for uhell og ulykker enn andre. Slik er det. Då er det godt å vite, både for leiinga og alle tilsette at vi har nokon i organisasjonen som veit kva dei skal gjere om ein situasjon skulle oppstå. Slik vert kommunen også ein tryggare arbeidsstad. Takk!

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

God helg til alle! 

Terje Heggheim 
Kommunedirektør