Nytt frå kommunedirektøren 17. mars 2023

Hilde Bjørkum vil bli pensjonist. Denne veka vart det gjennomført ein velluka landbrukskonferanse på Skei. Det er planar om ny fotballhall i Hafstadparken. Det er også konstituert ny leiar for Vaksenopplæring og integrering.

Hilde Bjørkum vil bli pensjonist. Vi startar jakta på ny kommunalsjef

Det er nokre veker sidan no. Hilde spurde om ho kunne få ein prat med meg. Sjølvsagt. Ho har bestemt seg for å bli pensjonist. Det er litt løye. Sjølv om mi eiga fartstid i denne organisasjonen er noko kort, har eg i alle år, frå Flora, Kinn og Florø, sett ho som ein kulturinstitusjon i seg sjølv. Førde og seinare Sunnfjord sitt kulturarbeid er kløva over skuldrane til Hilde Bjørkum. Saman med alle dei dyktige tilsette, friville lag og organisasjonar og samarbeidspartnarar, har kommunen verkeleg markert seg på kultur og idrettskartet. Lokalt og nasjonalt, så vel som internasjonalt.

Hilde seier sjølv at ho syns det både er litt vemodig og ei lette å ha tatt denne avgjerda. Trist fordi det vil bli eit farvel til ein god arbeidsplass, med gode kollegaer og spanande oppgåver. Men, også rett fordi ho vil prioritere dagane annleis. Meir tid til familien.

Etter Hilde sitt eige ønskje vil ho fråtre stillinga i september i år. Vi har alt vurdert og konkludert på at vi vil lyse ut stillinga som kommunalsjef for kultur og idrett. Kommunen sine overordna og strategiske satsingar innan kultur og idrett er omfattande og viktige for Sunnfjord. Arbeidet må skje innanfor styring og leiarskap til ein eigen kommunalsjef.

Vi vil difor om kort tid kome med ei utlysing av denne kommunalsjefstillinga.

Velluka landbrukskonferanse på Skei

Sunnfjord er den største landbrukskommunen i Vestland fylke. Då er landbruket også ei viktig næring for fellesskapen. Torsdag denne veka sat vi landbruk på dagsorden i ein eigen konferanse på Skei.

Gjennom Landbrukskonferansen ønskja Sunnfjord kommune, Sunnfjord utvikling og Førde vidaregåande skule å legge til rette for vekst og utvikling i landbruket og tilleggsnæringane. Konferansen samla 108 deltakarar som fekk ein tettpakka dag med inspirasjon og kunnskap.

Konferansen viser at det er eit bredt spekter av moglegheiter innan tradisjonelt landbruk og tilleggsnæringar. Ved å jobbe tverrfagleg og samarbeide på tvers av bransjar kan ein skape gode løysingar som både ivaretek miljøet og gjev økonomisk bærekraft. Deltakarane fekk sjå korleis produksjon av lokalmat og turisme kan bidra til å skape arbeidsplassar og auka verdiskaping i regionen, samtidig som det kan vere ein måte å formidle historie og verdiar om lokalt landbruk til besøkande.

Det er tydleg at det er eit stort engasjement for landbruket i regionen. Det er viktig å fortsette å jobbe for å styrke og utvikle bransjen slik at den kan vere ein berekraftig og attraktiv næring også i framtida.

Konferansen var ein viktig del av kommunen sitt arbeid med ny plan for landbruk og Sunnfjord utvikling sitt arbeid med ny strategisk næringsplan.

Jenny Følling på talarstolen på landbrukskonferansen - Klikk for stort bilete Astrid Marie Vie

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fotballhall i Hafstadparken

I bakgrunn av at Førde IL har fremma eit ynskje om å bygge ein isolert dukhall for fotballen i Hafstadparken, som er eit tiltak som ikkje er i samsvar med gjeldande reguleringsplan for Hafstadparken og dermed ev. utløyser behov for reguleringsendring, søkte eg planfagleg råd i formannskapet den 2.mars. Spørsmålet gjaldt i hovudsak om ein bør opne opp ein storhall i Hafstadparken og på kva vilkår, samt om dette er eit reguleringsarbeid som kommunen sjølv skal ta på seg.

Forslag til vedtak var at før ei eventuell reguleringsendring skal kommunen som eigar av Hafstadparken utarbeide eit forprosjekt som skal evaluere dagens bruk og sjå på vidareutvikling – inkludert initiativet frå Førde IL om å sette opp ein storhall. Forprosjektet og ei eventuell planendring skal elles bygge vidare på følgjande prinsipp:

  1.  Hafstadparken skal vidareutviklast etter gjeldande grunnprinsipp om å vere ein park for alle – med høg krav til estetikk
  2.  Planprosessen skal sikre brei involvering, der at alle får høve til å kome med sine synspunkt om korleis parken bør   utvikle seg i framtida – med særleg fokus på tilrettelegging for born og eldre i samfunnet
  3.  Det skal sjåast på alternative lokaliseringar i- og utanfor Hafstadparken – for etablering av ein ny fotballhall i Førde

Det vart også vedtatt at forprosjektet med tilråding skal bli lagt fram for politisk handsaming i kommunestyret i juni 2023. Hafstadparken er viktig for mange, og eg håpar du no nyttar høve til å seie di meining – slik at me i samband med forprosjektet kan kome med ei tilråding til våre folkevalde om korleis ein bør vidareutvikle Hafstadparken på ei slik måte at me sikra at den fortsett er ein folkepark med høg estetisk standar og der alle føler seg velkomen!

Innbyggarundersøking om utvikling i Hafstadparken.

Tidslinje - Hafstadparken - Klikk for stort bilete
Oversiktskart Hafstadparken - Klikk for stort bilete
Fotballhall Hafstadparken - Klikk for stort bilete

Ny einingsleiar

Gunn Heidi Hansen er konstituert som einingsleiar for Vaksenopplæring og Integrering frå 13. mars til 1. august 2023.

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør Sunnfjord kommune