Nytt frå kommunedirektøren 17. februar 2023

Har du nokon gang høyrt om ein vakker plan? Korleis gjekk det med besøket frå Kunnskapsdepartementet? Korleis står det til med folkehelsa i Sunnfjord? Den kulturelle spaserstokken held fram. Vi deltek i det grøne skiftet og kan få det første kommunale bygget med solcelleanlegg. Dette kan du lese meir om i dagens Nytt frå kommunedirektøren.

Famside av kulturminneplanen - Klikk for stort bilete Tore Karlsen

Kulturmiljøplan for Sunnfjord

Eg har etter kvart arbeidd mange år i offentleg sektor. Både i stat og kommune. I løpet av desse åra har eg vore med på å lage, og ikkje minst lese mange planar. Nokre les du med større interesse enn andre. Nokre er lettare å lese enn andre. No har Sunnfjord kommune ein spennande plan ute på høyring. Kulturmiljøplanen for Sunnfjord. Ein heilt spesiell plan. Eg har ikkje sett noko liknande før. Planen sin stil og form, i kombinasjon med ein lettfatteleg og nesten syngande tekst, inviterer deg beint fram til å halde fram med lesinga. På toppen av det - er den krydra med nokre råflotte bilete frå kommunen. I sum vert der rett og slett ein vakker plan. Eg har liksom ikkje vore budd på å omtale ein kommunal plan på ein slik måte. Eg håper du finn den fram og les den ved høve. Det er ei lenke lenger ned i teksten.

Planen vart lagt ut av Utval for samfunn, kultur og næring 8. februar, og den fekk svært gode tilbakemeldingar frå utvalsmedlemene. Den samla planen for Sunnfjord kommune bygger på vedtekne kulturminneplanar for Gaular, Jølster, Naustdal og Førde. I den samla planen for Sunnfjord er det lagt ekstra vekt på formidlingsaspektet. Den er som sagt utradisjonell i si utforming og vil vonleg føre til auka kunnskap, engasjement og entusiasme for den rike kulturarven vi har i kommunen.

Eg håper du les planen, og ikkje minst at du kjem med dine innspel. I så fall gjere innan 10.mars

Besøket frå Kunnskapsdepartementet

Førre fredag skreiv eg om at vi ville få eit besøk frå Kunnskapsdepartementet. No har dei vore her. Onsdag denne veka fekk var dei her i samband med at dei arbeider med ei

stortingsmelding om 5.-10. trinn. Dei ville høyre korleis Sunnfjord kommune arbeider med viktige område som stortingsmeldinga skal omtale. Dei var særleg interessert i korleis vi arbeider med motivasjon, undervisning og praktisk tilrettelegging i skulen.

I møte deltok elevar, lærar og rektorar som presenterte korleis dei arbeider på sin skule. Sunde skule snakka om motivasjon og undervisning, Naustdal skule om vurdering og Halbrend skule om arbeidslivsfag og elevbedrifter. I tillegg fekk representantane frå Kunnskapsdepartementet høyre om prosjekt skulefråvær og alternativ opplæringsarena. I tillegg til dei tre skulane deltok det elevar frå Vassenden skule og Førde ungdomsskule.

Det vart ein god dialog om skule og skuleutvikling. Eg syns det er kjekt då eg fekk høyre at elevane var veldig flinke og formidla på ein god måte kva dei meiner skal til for at skulen skal bli ein endå betre plass for læring og utvikling. Godt jobba!

Korleis står det til med folkehelsa i Sunnfjord?

Onsdag kveld var det folkemøte om kommuneplanen sin arealdel på Vassenden. Fullt hus. Der tok den pensjonerte gymnastikklæraren Magnus Hope til ordet for at vi i større grad må legge til rette for fysisk fostring i planane våre. Konkret sakna han ei idrettsbane på Vassenden. Han viste til eit døme der mange tidlegare var i stand til å gjere kroppshevingar over bom. I dag er det færre som klarar det. Vi er for tunge. Eg må trene meir. No er folkehelse noko meir enn kor mange kroppshevingar du klarer i bom, men korleis står det eigentleg til med folkehelsa i Sunnfjord.

Den seier blant anna at dei fleste av oss lever gode liv, tek gode og sunne val til det beste for seg sjølv og familien.

Vi skårer godt på dei fleste indikatorane. Innan oppvekst og levekår er det flott å lese at fleirtalet av ungdomsskulelevar er svært tilfreds med livet. Her er vi blant dei 10 beste kommunane i landet, vidare viser undersøkinga at dei også er nøgde med lokalmiljøet, men mindre nøgde med møteplassar. Ungdomane seier at dei opplev tryggleik. Dette er bra, men livsvilkår som økonomi, trygg oppvekst, val av utdanning, tilgang til eit interessant arbeid, og ei meiningsfull fritid er ulikt fordelt og gjev utslag i ulik helse og levealder.

Eg vil vi skal vere open om det vi kan bli betre på. Fråvær i barne- og ungdomsskulen kan i mangel på tidleg innsats føre til arbeidsløyse, økonomiske utfordringar og dårlegare helse. Difor syns eg det er rett at Sunnfjord kommune no har eit prosjekt som skal gå over fire år som nettopp skal fokusere på skulefråvær. Det fokuset skal gi både dei som er vekke frå skulen, og dei som skal prøve å sjå samanhengen, auka kunnskap om kva vi kan gjere. Dersom vi finn dei gode løysingane, får det truleg også positive verknader for elevane i den vidaregåande skulen.

Eg vil også trekke fram at aldersgruppa 45 år og eldre som bur åleine er lågare enn landssnittet. Vi har færre barn som lever i ein husstand med låg inntekt enn landsnivået. Sjølv om det er positivt, er det likevel noko vi må vere følgje med på.

Vi skal tenke helse for alle. Torsdag kveld hadde vi siste folkemøte om kommuneplanen sin arealdel i Førde. Då fekk vi eit spørsmål om kor dei eldre skal bu. Kor planlegg vi for det? For ordens skuld; vi fekk også spørsmål om kor studentar og dei yngre skal bu. Svaret; dei skal bu der dei vil. Det må vi planlegge for.

Utvikling av aldersvennlege samfunn er eit viktig prinsipp i samfunnsutvikling generelt. Nærmiljø som er bra for eldre, er også bra for andre. Det er god folkehelse, og folkehelse skal vere eit overordna tema i Sunnfjord kommune.

Den Kulturelle spaserstokken held fram i 2023

Den kulturelle spaserstokken er ei ordning der kommunane kan søkje om tilskot til profesjonell kunst- og kulturformidling tilpassa eldre. Spaserstokken skal leggje til rette for auka samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren. Slik kan gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk. I 2022 er det biblioteka i Sunnfjord, Kulturskulen og Aktivitetseininga ved Frivilligsentalen som har vore formidlarar. Det er gjennomført fleire konsertar, samt litteratur- og kulturformidling til glede for bebuarar og heimebuande. 2023 er under planlegging og målet er å tilby god og variert kulturformidling til eldre som bur på våre institusjonar, men også heimebuande.

Det grøne skiftet - Sande omsorgssenter først ut med solcelleanlegg

Til slutt ei skikkeleg gladmelding om energieffektiviseringa i kommunen.

Kommunestyret vedtek ei årleg løyving til energieffektiviserande tiltak på kommunale bygg. Her er målsettinga å redusere energibruken og at det vert investert i dei tiltaka som gjev best effekt. Difor har eininga bygg- og eigedomsforvaltning (BEF) har gjennomført ei kartlegging av energitilstanden på alle bygga våre.

Den enklaste og billigaste måten å redusere på straumbruken skjer ved at alle leiarar og tilsette tenker energisparing. Ved eit medviten straumbruk ligg sparepotensialet på 10-15 %, utan at det går utover komforten. Difor jobbar vi no med å innføre eit eige system for energioppfølging på alle bygg og einingar.

BEF jobbar også med å få på plass automatisert drift av alle våre bygningstekniske anlegg, på den måten kan vi detaljstyre drift av ventilasjon, varme og lys i døgnrytmar som er tilpassa bruksbehova. Varmepumper, solenergi og effektive varmegjenvinnarar er aktuelle investeringar, i tillegg til etterisolering og kvitte oss med vindauge med stort energitap.

Då er det kjekt å melde at vi i år vil ha eit spesielt ha fokus på omsorgssentra. Dei er i drift døgeret rundt, heile året og då har vi eit stort potensiale til å spare pengar der. Den eldste delen av Skei omsorgssenter vil få nye vindauge. Sande omsorgssenter er planlagt utbetra med varmepumper, fornya varmegjenvinning, automatisk driftskontroll og eit solcelleanlegg. Spesielt gledeleg er at Husbanken her er med å finansierer begge prosjekta med eit samla tilskot på kr 3.3 millionar kroner. Tilskot i frå Husbanken mogleggjer ei skikkeleg kraftsatsing på energieffektivisering ved våre omsorgssenter.

Elles har vi funne plass til nokre mindre prosjekt ved Naustdal skule og ved Gaularhallen. Men, kanskje mest spennande er at vi får Sunnfjord kommune sine fyrste solcelleanlegg.

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66