Jostedalsbreen gondol

Det er stor interesse kring planen for Jostedalsbreen gondol. Over 100 deltakarar fann vegen frå «fjern og nær» til folkemøtet. Det er spesielt kjekt med mange unge som er engasjerte.
André Sunde, prosjektleiar for Jostedalsbreen AS, snakka om at turiststraumen er stor i området og vi må få dei til å stoppe og bli lengre. Det gir grunnlag for meir aktivitet, utvikling og framtidstru.
Norconsult v. Johannes H. Myrmel og Heine Digranes fortalte om planane for gondolen og fortalte om konsekvensane av den. Planen viser gondolbane med botnstasjon i Lundebotn og toppstasjon ved Tverrfjellet. Det er laga ei konsekvensutgreiing og den viser at tiltaka kan både ha positive og negative effektar.
Planen er ute på høyring og offentleg ettersyn, og folkemøtet skal vere eit supplement for å spreie kunnskap om innhaldet i planforslaget. Prosjektet engasjerer og det var 9 appellar og fleire spørsmål.
Kommunen ønskjer gode og opne prosessar. Derfor høyrer vi gjerne frå deg med innspel innan 2. juni 2025. Du kan gje ditt innspel her: www.sunnfjord.kommune.no/kunngjeringar
Pengar til folkehelse
Sunnfjord kommune har søkt om tilskot til folkehelseprogrammet i Vestland for perioden 2024-2026 og fått 1,5 millionar kroner fordelt på 2025 og 2026.
Skulefråværsprosjektet, som også er ein del av folkehelseprogrammet, har avdekt at vi har unge jenter, både norske og minoritetsjenter, i alderen 12-15 år som står i fare for å falle ut av skulen. Det manglar eit lågterskeltilbod som kan passe for dei.
Gjennom prosjektet Grøderike Sunnfjord skal vi bruke nærmiljøhagen som ein arena for livsmeistring for å førebygge ufrivillig skulefråvær og utanforskap. Prosjektet har fått arbeidstittelen Aminahagen, som betyr draumar på arabisk og ønskjer på swahili. Målet er å skape ein meiningsfull arena for meistring, tilhøyrsle og lokalmiljø for unge jenter, der dei kan møte gode vaksne.
Resultatet skal vere auka deltaking på skulen og vere ein del av eit sosialt fellesskap. Dette blir spennande å følgje med på.
Opptur

Onsdag 7. mai var den nasjonale OPPTUR-dagen arrangert av Indre Sunnfjord Turlag. Alle 8.klassingar i Sunnfjord kommune fekk tilbod om å vere med på ein felles tur over Hafstadfjellet. Totalt deltok 293 elevar og 30 lærarar på turen, og dei fekk ein flott dag ute i naturen. Løypa gjekk frå Bruland via Hafstadfjellet til Hunsrasta, med høve for innkortingar undervegs.
Turlaget stilte med vakter langs ruta, og ved Hunsrasta venta både quiz og s'mores. I tillegg bidrog åtte engasjerte frivillige til å legge til rette for eit vellukka arrangement. Sunnfjord kommune bidrog med midlar vi fekk gjennom Friluftslivets år til dette. Lokalt næringsliv sponsa premiar til quizzen.
Gratulerer med dagen
Ønsker alle ein riktig god 17. mai!
Sjå program for dagen
Terje Heggheim
Kommunedirektør