Nytt frå kommunedirektøren 16. juni 2023

Folkemøte om gondolprosjektet i Kjøsnesfjorden. For ei kulturnatt. Sunnfjord vil bli ein demensvenleg kommune. Det nærmar seg valet. Sola skin på Sande omsorgssenter. Vi satsar på å rekruttere og hjelpe dei unge med å velje karriereveg.

Folkemøte om gondol i Kjøsnesfjorden

Tysdagskvelden var eg saman med ordføraren på folkemøte om gondolprosjektet i Kjøsnesfjorden. Det var selskapet bak tiltaket som ville orientere om kor langt dei har kome i prosjektet og kva dei vil arbeide vidare med.

Det var eit ope møte og mange møtte opp. Eg opplevde ein initiativtakar (Glacier Gondol) som også var open om dei utfordringane dei står overfor. Natur og ungdom heldt eigen appell. Dei hevda at det er eit paradoks å øydelegge natur for å kome til ein plass for å oppnå ei flott utsikt.

Tiltakshavarane peikar på at dei i det vidare arbeidet må svare på korleis dei kan løyse utfordringane på miljøet på ein best mogleg måte. Tryggleiken for personell, turistar og andre i anlegget står også sentralt. Så er det ei eiga utfordring å samordne to tiltakshavarar som har pågåande reguleringsarbeid i same område. I tillegg til planane til Glacier Gondol, held også Statens vegvesen på med regulering i same og tilstøytane område. Her kan kommunen spele ei samordningsrolle. Noko formannskapet i sitt siste møte stadfesta i høyringsuttalen til Statens vegvesen sin plan

For ei natt – kulturnatt!

Teater Vestland på Kulturnatt - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Kulturnatta til 9. juni vart ein gedigen suksess! Det var femte gongen den er arrangert i Førde, og no melder fleire aktørar og utøvarar seg på sjølve og vil vere med. Det er spesielt kjekt! Det var aktivitetar i heile sentrum av Førde på tolv ulike arenaer frå klokka 17.00 til 24.00 – ein gedigen dugnadsfestival som viser breidda av kva kulturlivet i Sunnfjord har å by på.

Oppstarten er alltid på Førde omsorgssenter med konsert inne og ute, før korps- og koropptoget har oppmarsj gjennom sentrum og over ei stengt Langebru. Over 120 musikantar deltok i toget. På rådhusplassen vart det korpsstafett og korkonsert, med biblioteket som tilhøyrar og formidlar av «Sommarles» og i ein krok var jammen Sunnfjord sin nystarta filmklubb delaktig med utefilm. I Viking dansa både unge og eldre heile kvelden medan banda spelte og jamma på Larris. På Festplassen var det både konsertar, teater, yoga, kajakkpadling og badstua «Rudledampen». I år fekk vi også vist fram nokre gamle handverkstradisjonar som tægerbinding, ullfilting og smiding, samtidig som black metalmiljøet fekk vist seg fram på Torgscena.

Turlaget hadde kulturminnevandring på Tåene, Teater Vestland hadde framsyninga «Skogsopplevingar», Sogn og Fjordane kunstmuseum hadde eit stort program med både kunst-, musikk- og danseformidling, den Norske Fløytefestival baud på gratiskonsert i kyrkja og Førdefestivalen/kokkelauget hadde smaksprøver på irsk frukost. Barn, unge, ungdom, vaksne og eldre deltok både som utøvarar og som publikum. Nokre publikummarar er berre nysgjerrige og syklar rundt i sommarkvelden for å kjenne på stemninga, andre lagar seg løyper for å rekke over mest mogleg.

Som kommunedirektør forstår eg den frivillige innsatsen som ligg bak. Eg må likevel takke arrangementskomiteen; Gro Gunnarson, Johan Bengtsson og Trude Skarvatun. Gå rakrygga! Takk til alle amatørar og profesjonelle som deltok.

Sunnfjord vil bli ein demensvenleg kommune

Eldre dame i hagehatt - Klikk for stort bilete Pexels

Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester (USHT) Sogn og Fjordane starta hausten 2022 læringsnettverk innan demensomsorg. Bakgrunn for nettverket er betre systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens – og deira pårørande. Sunnfjord kommune er med i dette nettverket for å etablere og samkøyre gode rutinar og tiltak til denne pasientgruppa. Vi er opptekne av at tenestetilbodet skal vere basert på personsentrert omsorg og at kommunen vår skal vere ein god stad og bu også for dei som får demenssjukdom. Vi har engasjerte ressurspersonar som jobbar aktivt innan demensomsorga i kommunen.

Det handlar om å tilby rett teneste til rett tid i sjukdomsforløpet, slik at personar med demens og deira pårørande kan få ein enklare og tryggare kvardag. Læringsnettverket er ein flott arena for å utveksle erfaringar med andre kommunar og til å utvikle demensomsorga vidare.

Det nærmar seg valet

No er det under 100 dagar att til kommunstyre- og fylkestingsvalet 11. september 2023. Førehandstemminga startar 10. august, då kan du stemme på tenestetorga våre i opningstida.

På valdagen kan du velje fritt mellom dei ti vallokala i kommunen. Ver merksam på at det ikkje vert vallokale i Haukedalen og på Karstad på valdagen.

Sola skin på Sande omsorgssenter

Sunnfjord kommune har tildelt sitt fyrste prosjekt for installasjon av solceller på tak ved Sande omsorgssenter. Hald dykk fast, anlegget vil ha ein årsproduksjon på 122 000 kWh. Noko som tilsvarar energiforbruket til åtte hushaldningar, eller 10 % av årsforbruket til omsorgssenteret.

Kontrakten er tildelt til Otera Infra AS. Prosjektet er forventa å starte opp i august, og vil vere ferdig i løpet av hausten.

Full effekt av anlegget vil vi sjå tidleg vår 2024. Assisterande einingsleiar Dag Inge og prosjektleiar Marika Petterson er smått euforiske.

Ny karrierefestival i Førde

I førre veke fekk Sunnfjord sin eigen karrierefestival.

I fire dagar til endes var det mange ulike arrangement rundt om i Førde. Nokre handla om karriere og kompetanseheving, andre var lagt opp slik at folk fekk møte og bli kjent med bedriftene på ein ny og uformell måte og nokre arrangement var mest sosiale. Elevate karrierefestival 2023 var eit samarbeid mellom Rekrutteringsforum Sunnfjord/Sunnfjord Utvikling, Framtidsfylket og U40. Sparebanken Sogn og Fjordane var hovudsponsor, og Peak Sunnfjord stilte med lokale til mange av arrangementa.

Blant arrangementa fann vi tema som presentasjonsteknikk, chatGPT, matreddarlunsj, bedriftspitchekveld med besøk av Dangfart, TechPub, Tapas Trail, utekino og gatefest.

Hovudmålet med festivalen var å skape ein uformell kontaktflate mellom næringslivet i Sunnfjord og folk som bur i regionen, i tillegg til dei som tok turen til Førde for festivalen si skuld. I tillegg ville arrangørane bidra til å auke både bulyst og blilyst gjennom å bidra til kveldsøkonomien og skape litt ekstra liv og røre i sentrum. Ei anna målsetting var å vise fram både Sunnfjord og det spennande næringslivet vi har her, til folk som kanskje ikkje viste så mykje om det frå før.

Det var stor oppslutning om festivalen både frå deltakarar og bedrifter, noko som viser att i tala:

  •  Ca. 1100 menneske totalt melde seg på festivalen, fordelt på dei 14 arrangementa.
  • 17 bedrifter viste seg fram og fekk fortald om seg sjølv til mange dei elles ikkje ville ha nådd fram til.
  • Stor merksemd på sosiale medium: nær 20 000 avspelingar av videoar frå arrangementa berre på Instagram åleine for kontoane knytt til Jobb i Sunnfjord og Sunnfjord Utvikling. I tillegg kjem alle visningane frå Framtidsfylket og U40 sine kontoar.
  • Vi har nådd ut til 5 983 personar på Instagram, heile 88% av desse var folk som ikkje følgde Sunnfjord Utvikling/Jobb i Sunnfjord frå før.
  • Positive ringverknader også for næringslivet: Festivalen genererte ei omsetning på meir enn 600 000 fordelt på 25-30 lokale leverandørar.
  • Fleire deltakarar har meld si interesse for å bli kontakta av nokre av bedriftene dei ble kjent med i løpet av festivalen.

Været spela også på lag, og gav ei flott ramme rundt festivalen.

Alt i alt eit vellukka prosjekt, og planlegginga for neste års utgåve startar om ikkje lenge.

Enno meir om karrieresatsing

Dei to siste artiklane i dette nyhendebrevet handlar mykje om det same, men med ulike målgrupper. Denne siste handlar om å vere tidleg ute overfor elevane på yrkesfag og ungdomssteget.

8. juni arrangerte Sunnfjord utvikling, Campus Verftet og opplæringskontora «Karriereveg 2023». Karriereveg er ei karrieremesse som samla 600 elevar og 55 bedrifter på Campus Verftet og Hellenes sitt område på Ytre Øyrane i Førde. Elevane kom frå heile Sunnfjord kommune for å møte bedriftene i kommunen og bli kjend med dei ulike yrka dei representerer. Målet med Karriereveg er å sette fokus på yrkesfaga, samt å gje ungdomsskuleelevane eit grunnlag for kva dei skal velje når dei i 10 klasse skal søkje seg inn på vidaregåande skule.

Karriereveg var ein kjempesuksess, og mykje av grunnen til dette er at så mange bedrifter kunne stille opp med både utstyr og folk. Firda Billag og Transferd sponsa transport av elevar som gjorde det mogleg for oss å invitere ungdomsskulane frå heile kommunen. Arrangementet er det første av sitt slag i Sunnfjord kommune, og vi håpar på å kunne gjere det til eit årleg arrangement.

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66