Nytt frå kommunedirektøren 14. april 2023

Frå slamavfall til salsprodukt på Øyrane. Skal kommunen stille lag på Helse Førde-stafetten? Kommunen fekk medhald i Klagenemnda for offentlege anskaffingar. Sunnfjordprosjekt vert tema på nasjonal konferanse.

Eit spanande prosjekt på Øyrane

Ordførar og kommunedirektør får orientering om prosjekt - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Eg hadde høyrt om prosjektet før, men kjende ikkje godt nok til det. Torsdag morgon tok difor ordføraren og eg turen til Øyrane og fekk høyre meir om samarbeidet mellom Sunnfjord kommune, InnoVAte, Renasys og Hellenes. Eg veit det har vore skrive om prosjektet både i media og på kommunen sine heimesider er det også ein liten artikkel.

Kjernen i prosjektet er rett og slett å gjere slammet i avløpsvatnet til ein ressurs. Eg opplever at dei har kome langt i arbeidet. Alle samarbeidspartnarane spelar på fordelen av å ligge nær kvarandre. Renasys har bora hol i veggen og fått tilgang til kommunen sitt avløpsvatn. Då kan dei køyre prosessar med å skilje ut slammet. Det vert ein relativt tørr masse som Hellenes hentar og arbeider vidare med. Både Renasys og Hellenes kan tilpasse prosessane sine for å få ulike sluttprodukt. Vi snakkar om biokull, gjødsel, tilsetting til matjord og liknande.

For meg er dette eit prosjekt som gir innhald til ordet berekraft. I dag fraktar vi relativt tungt slamavfall til lokalt deponi, for deretter å sende det vidare til eit regionalt lengre sør i fylket. Direkte meiningslaust, spør du meg. Sunnfjord kan såleis bli den første kommunen i landet som i samarbeid med andre kan gjere eit avfall til eit salsprodukt.

Det er økonomiske storleikar i eit slikt prosjekt. Om vi lukkast; ja, då kan kommunen i løpet av 20 år spare 200 millionar kroner. Det er mykje pengar, om vi reknar det om i gebyr som vi alle må betale for desse tenestene. Difor heiar i alle fall eg på prosjektet. Sett i lys av nye regulativ som er varsla, vil ei slik løysing vere midt i blinken. Difor signaliserte både ordføraren og eg at vi vil bidra til større merksemd rundt prosjektet.

Skal vi vere med på Helse Førde-stafetten?

I dei seinaste breva har eg skrive mykje om folkehelse og ulike aktivitetar vi kan vere med på. Vi held fram.

Frå arrangementskomiteen til Helse Førde-stafetten er vi oppmoda om å stille lag. Dei minner om at fysisk aktivitet gir dokumentert god helsegevinst, men i tillegg gir samhaldet og energien av å meistre noko saman, veldig godt mentalt påfyll.

Vi snakkar om torsdag 1. juni. Dei lokkar vidare med at stafetten er ein sosial arena for fellesskap, meistring og med fokus på folkehelse. Vi har flotte artistar med oss på scena, det blir servert grillmat, og vi byr på masse god stemning både i løypa og på arenaen.

Ut frå det faktum at det blir servert grillmat, og med bakgrunn i at eg etter kvart ser behovet for eigen fysisk fostring, vurderer eg å melde på kommunedirektøren si leiargruppe. Sjølv må eg ha ei etappe som ikkje er over 100 meter, har tre drikkestasjonar og tilgang på førstehjelp. Eg er overtydd om at vi vil kome i mål før seglet vert tatt ned. Det vert derimot nedslåande å sjå at barneverntenesta, NAV , bygg og eigedomsforvaltning og Førde ungdomsskule ikkje rekk grillmaten.

Meld deg på Helse Førde-stafetten.

Kommunen fekk medhald i Klagenemnda for offentlege anskaffingar

Sunnfjord kommune

I mars kunne vi lese i Firda at kommunen hadde avvist ein leverandør som ønska å levere tilbod på å bygge Friskhuset i Naustdal. Årsaka var at leverandøren ikkje rakk å levere tilbodet i nettportalen før leveringsfristen gjekk ut. Fristen var kl 12 og leverandøren starta signering med bankID kl 11.59.10, men signeringsprosessen vart ikkje fullført før kl. 12.00.03. Kommunen fekk derfor ikkje inn tilbodet og leverandøren fekk ikkje deltatt i konkurransen om oppdraget.

Leverandøren klaga til Klagenemnda for offentlege anskaffingar (KOFA) og på onsdag fekk vi avgjerda som seier at kommunen gjorde rett i å avvise leverandøren. Ein anbodsfrist må overhaldast.

Som kommunedirektør synst eg i utgangspunktet at dette er ei lei sak. Eg liker ikkje at vi må avvise leverandørar som viser interesse for prosjekta våre. Vi skal strekke oss så langt som råd for å gjere det enkelt for leverandørane, men regelverket er strengt. I denne saka var det ikkje rom for skjønn hos kommunen. Mange av dei digitale løysingane er konsekvente med tanke på fristar. Det let seg ikkje gjere å levere inn noko når fristen er gått ut.

Sjølv om regelverket kan verke strengt får vi løfte blikket og fokusere på at regelverket for offentlege anskaffingar skal sikre auka verdiskaping gjennom effektiv ressursbruk. Dei strenge krava til prosessane skal sikre tillit til offentleg sektor, konkurranse, lik handsaming av leverandørane og føreseielege ordningar.

Sunnfjordprosjekt vert tema i nasjonal folkehelsekonferanse

I etterkant av Kunnskapsdepartementet sitt besøk tidlegare i år, kom det ei fin tekst om fråværsprosjektet vårt på regjeringa si heimeside. Den kan du lese her

Det førte til at NRK Vestland ville høyre meir om prosjektet og kva som skjer, og det er sjølvsagt fint for oss at vi når ut til fleire. Vi oppmodar føresette som ønsker å dele sine erfaringar om å ta kontakt med prosjektleiaren.

Fråvær i Sunnfjord skulen - NRK Sogn og Fjordane

I september skal det vere ein årleg nasjonal helsekonferanse i Tromsø. Der vert fråværsprosjektet tema. Det gir oss ein unik sjanse til både å få knyte viktige faglege kontaktar i folkehelsearbeidet og samstundes få formidla korleis vi jobbar i Sunnfjord med desse spørsmåla. Eg har sagt det før; eg vert kry når andre legg merke til det gode arbeidet som vert gjort i kommunen vår, og eg vil både takke og ønskje prosjektdeltakarane lykke til vidare i arbeidet.

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66