Kan Sunnfjord bli årets kulturkommune?
Vi er stolte over å kunngjere at Sunnfjord kommune har sendt inn sin søknad om å bli kåra til Noregs kulturkommune. Dette er eit viktig steg for å få nasjonal merksemd rundt vårt mangfaldige og levande kulturtilbod.
Kva inneber det å bli Noregs kulturkommune?
Dersom vi vert utvalde, vil Sunnfjord få status som Noregs kulturkommune for ein periode på to år. I denne perioden vil vi, i samarbeid med Norsk kulturforum, arbeide målretta for å profilere vårt kulturarbeid på dei nasjonale møteplassane. Dette vil styrke både den kulturelle identiteten og dei lokale kunst- og kulturtilboda våre, og bidra til eit samla nasjonalt kulturliv.
Alle kommunar kan søkje
Sunnfjord har tatt del i den nasjonale konkurransen der kvar kommune har moglegheit til å vise fram sine kulturelle satsingar. Ved å søkje om denne tittelen, legg vi vekt på viktigheita av å skape inkluderande arenaer for kultur og idrett, og å vere ei drivande kraft i utviklinga av det kulturelle landskapet i Noreg.
Juryen består av leiar for familie- og kulturkomiteen, Grunde Almeland, spesialrådgivar i avdeling for oppvekst, kultur og utdanning i KS, Line Anni Solbakken, og styreleiar i NOKU, Bård Jacobsen.
Vinnaren vert kåra tysdag 24. juni klokka 11.30 på hovudscena på KULTURYTRING i Drammen.
Du kan lese meir om søknaden og ordninga her
Frå fjorden til breen
Sunnfjord kommune
Den lokale skulesekken i Sunnfjord kommune «Frå fjorden til breen» skal fremje det som er unikt for kommunen vår, samt bygge omdøme og identitet. Alle elevane i kommunen skal få det same tilbodet i løpet av skuletida, og vert med på «ei reise» frå fjorden, via elvane, og opp på breen der naturen er som ein raud tråd.
Denne veka har 4. klassingane i kommunen blitt kjent med Førdehuset og kulturskulen gjennom heildagsbesøk med verkstader, opplevingar og aktivitet. Dei får verkstader i biblioteket med høgtlesing, folkedans i teatersalen, lyd- og lysopplevingar i storsalen, lydforming til film og teaterverkstad på kulturskulen. Vatn er tema for forarbeidet i skulen innan kunst, og på bilda kan de sjå dei flotte dropane elevane har laga som scenografi. I tillegg har dei øvd inn to nynorske songar med tema vatn som dei framfører i ei sluttframsyning i Storsalen med flotte sceniske effektar.
Den lokale skulesekken i Sunnfjord kommune er utvikla i 2022 av eit samansett kulturforum og er spesielt tilpassa til barn og ungdom i vår kommune. I arbeidsgruppa sit Elin Trude Villung, Skei skule, Andreas Fonn Macsik, fagutvikling og Trude Skarvatun, kulturskulen.
Nettverk for berekraftig omstilling
Den politiske og administrative leiinga var saman med representantar for dei tillitsvalde med på samling 2 i nettverk for berekraftig omstilling. Det var ei to-dagars samling der vi hadde fokus på leiing i omstillingsfasen og eit sterkare fokus på organisering av helse- og omsorgstenester. Sunnfjord kommune vart utfordra til å seie noko om korleis vi har drive omstillingsarbeid i det siste. Vi sa meir om korleis vi spesielt har arbeidd med kvalitet og kapasitet i skular og barnehagar. Kva vi har lukkast med og kva vi kunne gjort betre.
Bømlo kommune fortalde om deira omstillingsarbeid innanfor organisering av omsorgstenestene. Dei har nett lagt ned ein institusjon for å samle alle sjukeheimsplassane i ein ny felles institusjon, samt at dei skal styrke heimetenestene. Det første har dei gjennomført, styrking av heimetenestene skal dei begynne på.
Vi hadde også ein gjennomgang av Kostra-tal innan helse og omsorgsektoren for dei deltakande kommunane. Det var ei nyttig runde som gjer oss betre i stand til å forstå kor vi både har utfordringar og moglegheiter, sett i høve til dei ressursane vi bruker i denne sektoren. Dette er eit arbeid vi vil følgje opp betre i Sunnfjord kommune. Vi har blant anna snakka om ha ein eigen temadag for denne sektoren. Det vil den administrative og politiske leiinga følgje opp.
Vil du prøve ein skulerobot?
Skulefråværsprosjektet i kommunen har eit førebyggande utgangspunkt, det betyr ikkje at vi ikkje også jobbar med dei som er på veg ut eller på veg tilbake. Her er det mange ulike teoriar og metodar knytt til kva som kan ha effekt, og ingen fasit som passar alle. Eit verkty som har vist seg å ha effekt for nokre av desse gruppene er skulerobot, AV1. No skal vi prøve ut ein pilot med 10 robotar fram til sommaren, desse vert delt ut til dei som melder seg veka etter påske.
Det er eit lågterskeltilbod som ikkje krev utgreiing eller sakkunnig vedtak, skulane kan gjere vedtaket «på huset» etter Opplæringslova §11-7 om fysisk tilrettelegging. Om eleven er ute av klasserommet, enten eleven er på eit anna rom eller heime, nokre timar eller heile dagen, så kan dette prøvast ut. Det gjev eleven høve til å delta og følgje med både sosialt og fagleg, noko som kan gjere det lettare å vere i og/eller komme tilbake til klasserommet. Ta kontakt med rektoren din om du vil prøve!
8. mai markeringa
8. mai er det 80 år sidan krigen vart slutt og det vart fred i landet. Det vil bli markert både på fredsdagen og det vil bli fleire arrangement den veka. Med den tida vi lever i no ønskjer eg mange deltek på dei ulike tilstellingane, og såleis syner at vi ønskjer fred framfor alt anna.
Program for 8. mai markering
Plan for helga?
Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helgatil, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen !
God helg til alle!
Terje Heggheim
Kommunedirektør