Nytt frå kommunedirektøren 10. mars 2023

Sunnfjord kommune på tur til Bodø. Treng vi eigentleg eigen plan for kvardagslivet. No får du fri frå jobben for å gi blod. Kjenner du nokon som treng sommarjobb? I helga har vi eit godt kulturtilbod. Vi har skifta namn på tre einingar i kommunen

Sunnfjord kommune med i delegasjon til Bodø

Ordførar Jenny Følling takkar ordførar i Bodø, Ida Pinnerød for inspirerande foredrag.  - Klikk for stort bilete Sol Fure

Sunnfjord kommune var representert med fem i delegasjonen som saman med representantar frå næringslivet, Førde industri- og næringssamskipnad og Sunnfjord utvikling besøkte Bodø kommune tysdag og onsdag denne veka. Ordførar, kommunedirektør, kommunalsjef for kultur, plansjefen og byplanleggaren representerte kommunen.

Det vart tatt eit initiativ til ein slik ekskursjon etter at Bodø sin ordførar Ida Maria Pinnerød vitja Heilekonferansen i Førde i fjor haust. Ho fortalde om korleis Bodø har satsa både på byfornying og kultur samstundes. Har vi noko å lære av korleis dei arbeider på dette feltet.

Bodø har fokusert på eit samarbeid der kommunen, næringslivet, frivillige lag og organisasjonar tar aktivt del i kommunen sitt planarbeid. Det er vel dei same aktørane som vi i våre overordna planverk ønskjer skal arbeide i Sunnfjord med det same, og med eit ekstra fokus på Førde som eit kraftsenter. I neste korte artikkel kan du lese om ein ny plan som no er ute på høyring. Der seier vi at vi skal bli eit kulturelt tyngdepunkt. Kven og korleis skal vi arbeide og samarbeide om det? Det er kan hende her Bodø har knekt nokre kodar som gjer til at dei rette aktørane finn kvarandre.

Vi har dei same aktive aktørane i Sunnfjord, og vi har godt samarbeid også. Det kan likevel vere lurt, av og til, å sjå til korleis andre løyser oppgåvene på ein god måte. I så måte var turen til Bodø nyttig.

Programmet var godt og interessant. Du har sikkert lese i Firda om sjølve flyturen frå Førde som gjekk direkte til Bodø. Der fekk vi ei positiv overrasking. Då vi landa i Bodø vart vi tatt godt i mot av Widerøe. Der fekk vi omvising og informasjon om flyselskapet sitt hovudkontor.

Ordførar Pinnerød tok imot oss på rådhuset der vi fekk ei god orientering om kommunen si satsing på både byutvikling og kultursatsinga. Bodø skal jo også vere Europeisk kulturhovudstad i 2024. Dei fortalde også om arbeidet med å få det til.

Vi fekk alt i alt ganske mange orienteringar om ulike tema som hotellsatsinga i byen, korleis Bodø Glimt målretta satsa på å kome i toppen av norsk fotball.

Fagturen vart avslutta med ei oppsummering kor vi reflekterte over kva vi kunne ta med oss heim og i så måte kva vi hadde lært. Når vi no skal arbeide vidare med ein ny sentrumsplan og når vi til hausten skal starte opp att arbeidet med kommuneplanen sin arealdel, meiner eg absolutt at noko av det vi såg i arbeidet til Bodø, kan vi også ta med oss inn i dei to planarbeida. Kan hende spesielt det som handlar om møteplassane og ulike samarbeidsorgan mellom kommune og næringslivet.

Treng vi verkeleg eigen plan for kvardagslivet?

Eg nyttar til tider nyhendebrevet til å skrive om dei planane vi arbeider med. Det er ikkje få! Som ein ung kommune må vi planlegge til beste for innbyggarane. No spør vi; korleis kan vi gjere noko til beste for alle sitt kvardagsliv?

Plan for kultur, frivilligheit og inkludering skal bli ein fantastisk god plan som skal sikre at vi i Sunnfjord framleis skal vere eit kraftsenter med gode kvardagsliv i verdas vakraste ramme. Gode kvardagsliv skapar vi saman med deg som innbyggar kvar dag og i denne planen vil vi legge retninga. Ei retning som handlar om å bli eit kulturelt tyngdepunkt i Vestland. Vi er heldige som har fleire kulturinstitusjonar som er kjent i og utanfor eige fylke. Det vil vi ta i vare, men også utvikle. Vi ønskjer dine innspel på korleis vi kan gjere det.

Vi har mange frivillige som gjer ein flott jobb, og som gjer til at vi har eit rikt tilbod innan kultur og idrett, men vi kan gjerne bli fleire. Korleis skal vi få det til? Kom gjerne med innspel på det også. Vi skal skape gode kvardagsliv for alle og vi må bli best på inkludering. Vi inviterer til folkemøte 28.03 kl 19 i Førdehuset, og det er innspelsfrist 11.04.23. 

Om du ønskjer å bli blodgivar får du no fri til det

No vil eg kome inn på ei spesiell utfordring. Det er mangel på blodgivarar i Norge. Derfor har vi no lagt til rette for at fleire kan gje blod. Då kan du frå no av få permisjon den tida du skal gje blod. Om du ikkje kan gjere det på fritida får du altså permisjon frå arbeidstida i kommunen.

Det formelle er no i orden og permisjonsreglementet er retta opp i samsvar med denne endringa. Bli gjerne blodgivar – du også!

Ung jobb

Prosjektet «ung jobb» er ei tverrfagleg samansett gruppe som starta opp i 2021. Formålet med prosjektet er å satse på ungdom i kommunen. Vi tilbyr ungdom mellom 15-17 år mogelegheit til å prøve seg i arbeidslivet, der dei får arbeidserfaring og blir kjent med næringslivet i kommunen. Dette kan bidra til at ungdom får auka mestringsfølelse, bli tryggare på val av yrkesretning, og kanskje til og med få ungdomen til å flytte tilbake til kommunen etter dei er ferdig utdanna.

Vi har sommarjobbar både i kommunale einingar og i det private næringslivet. Vi hår fått mange positive tilbakemeldingar frå arbeidsplassane om at dette er eit veldig bra tiltak, ungdomane er flinke, og dei tar gjerne imot ungdom til sommaren igjen. Fleire av ungdommane har til og med fått tilbod om vidare jobb i etterkant av sommarjobben.

I fjor hadde vi 189 søkarar der 48 ungdommar fikk tilbod om sommarjobb. I år har vi utvida prosjektet ved at vi har inngått samarbeid med Sunnfjord utvikling. Sunnfjord utvikling vil bidra ved at dei presenterar prosjektet ut mot medlemsbedriftene sine, og kan på den måten hjelpe å skaffe fleire arbeidsplassar og søke næringslivet om midlar til prosjektet.

I år kan vi tilby ca 60 ungdommar sommarjobb. Vi håpar at enda fleire kommunale einingar vil ta imot ungdom framover. Kjenner du nokon som kan tenke seg ein sommarjobb, kan du gjerne formidle at det er mogelegheiter til det i Sunnfjord.

Kva med litt kultur i helga? Ung kultur møtast

Har du ikkje lagt nokre planar for helga, og lurer du litt på kva du skal finne på?

UKM lokalmønstring for Sunnfjord kommune vert arrangert frå i kveld kl. 18.00 på Førdehuset. UKM er ein heilt spesiell møteplass der ungdom får høve til å vise fram sine kulturelle uttrykk gjennom ei rekkje sjangrar som musikk, song, dans, teater, kunst og foto. Arrangementet er ope for ungdom mellom 13 og 20 år, og vi er stolte av å ha 127 påmelde deltakarar, fordelt på utstilling, scene, arrangørar og dataspel/LAN.

Det slår meg kor flinke dei unge er til å prestere framfor andre. Det næraste vi kom noko slikt i mi barne- og ungdomstid, var vel den eine gongen i halvåret, då eg på søndagsskulen vart kalla fram til søndagsskulelærarinna og beden om å feste ein fisk i garnet til Jesus. Då måtte eg skjelven og nervøs fram, finne ein fisk i ei lita pappøskje og feste den på flanellografen. Ei slik øving kravde både mobilisering og mot. I dag står dei framfor fleire tusen når dei viser sine kunststykker. Det er rett og slett imponerande.

Vi legg vekt på at UKM skal vere eit heilårsarrangement der vi m.a. samarbeider med elevar frå Førde ungdomskule - produksjon for sal og scene, som er med som unge arrangørar, e-sport linja på Sunnfjord Folkehøgskule om planlegging og gjennomføring av LAN og elevar ved Hafstad vgs om kunstutstillinga.

Vi gler oss til å fylle Førdehuset med ungdom som viser fram breidda av det vi har av kunstuttrykk i Sunnfjord, og håpar å skape ein kveld full av kreativitet og ungdommeleg energi.

Vi ønkjer alle velkommen til å vere med som publikum når vi opnar kunstutstillinga kl. 18.00 og på sceneinnslag kl. 19.00. Eg håper du tar turen innom Førdehuset i helga.

Eit par namneendringar

I dagens digitale verd spelar orda si rekkefølgje ei rolle når du til dømes skal søke i offentlege register. Kva ord som kjem først i eit eigennamn kan difor avgjere kor lett eller vanskeleg eit søk eller registrering kan bli. Difor har vi bestemt følgjande endringar for einingar i Sunnfjord kommune.

  • Biblioteka i Sunnfjord kommune blir endra til Sunnfjord bibliotek.
  • Kulturskulen i Sunnfjord kommune blir endra til Sunnfjord kulturskule.
  • Brann og redning blir endra til Sunnfjord brann og redning.

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66