Nytt frå kommunedirektøren 10. februar 2023

I dag kan du lese om at kunnskapsdepartementet skriv på ei stortingsmelding. No vil dei vil vite meir om korleis Sunnfjord kommune driv skulane sine. Kor mange flyktningar skal vi busetje i år, kor mange kjem i desse dagar? Mange snakkar om barnevernet, men kva seier dei som får med barnevernet å gjere? Kan Sunnfjord bidra til auka lokaldemokrati? Til slutt; lån boka når du vil.

Besøk frå Kunnskapsdepartementet

Tidlegare i veka fekk eg informasjon om eit spennande besøk til kommunen.

Kunnskapsdepartementet arbeider no med ei stortingsmelding om skulekvardagen for elevane på 5.-10. trinn. I den samanhengen ønskjer dei dialog med utvalde kommunar. Sunnfjord kommune er vald ut og representantar frå Kunnskapsdepartementet kjem på besøk i veke 7. Eg syns det er kjekt at departementet ønskjer informasjon om det vi arbeider med i Sunnfjordskulen. Då skal vi , og med utgangspunkt i våre erfaringar blir det dialog om kva som skapar ein god skulekvardag. I møte deltek elevar, lærarar, leiarar og tillitsvalde.

Vi ser fram til ein spennande dag med fokus på utvikling av skulen. Kan hende måten våre dyktige tilsette i skulen arbeider på, vert referanse i ei ny stortingsmelding. Det hadde vore gjevt!

Løypemelding om busetjing

Fram til mars skal vi busette 27 nye flyktningar. Det er dei 27 fyrste av dei 160 vi har vedtak om å busette i 2023. Dei fleste er frå Ukraina. Dei vil få tildelt bustad ulike stadar i kommunen. Den 27. i denne månaden vil vi ønskje alle flyktningane som vart busett i kommunen i perioden 2020-2023 til ei markering i Førdehuset.

Gode resultat frå brukarundersøkingar i barnevernet

No har eg noko kjekt å melde. Eg trur ordet barnevern utløyser ulike refleksjonar. Nokre positive, kan hende nokre andre med ei eit meir negativt forteikn. Uansett er barnevern ein del av kommunen si velferdsteneste. Eg ser eit barnevern som gjer det dei kan for å hjelpe ungar som lever på ein måte som kan skade helsa deira. At dei faktisk får den hjelpa som er naudsynt for å sikre både helse og utvikling. Kvar gang vi lukkast med det, gir vi dei unge trygge oppvekstvilkår. Kva er viktigare?

Det eg skreiv ovanfor, stemmer det med kva andre opplever?

Vi har nyleg gjennomført ei brukarundersøking. Vi har spurt eit utval foreldre og born som mottek tenester frå barnevernet om deira opplevingar. Barna har hatt aktive hjelpetiltak eller omsorgstiltak.

Foreldra vart spurt om fleire ulike tema; tilgjengelegheit, informasjon, respektfull behandling, medverknad og plan for barnet er døme på nokre. Beste scoren er 6. Snittet i landet er 5. I Sunnfjord kom vi ut med 5,1 som resultat. Det syns eg rett og slett er gledeleg.

I ein kortversjon vil eg seie at dei fleste er godt nøgde med barneverntenesta og på mange spørsmål ligg vi litt over landssnittet. Vi skil oss også positivt ut ved at vi har godt samarbeid med andre instansar som arbeider med same målgruppa. Nokre melder at dei opplever for mange skifte av kontaktpersonar. Då må vi jobbe og bli betre på det.

Barna vart også spurt om barnevernet sin tilgjengelegheit, men også om dei opplever å bli lytta til og om omfanget og kva informasjon dei får.

Barna melder om at dei er generelt godt nøgde med barneverntenesta, og vi ligg litt over landssnittet på mange spørsmål. Eit stort fleirtal av dei som svarte meiner å ha fått det betre etter å ha kome i kontakt med barnevernet. Vi får og høg score på at barna veit kvifor dei har kontakt med barnevernet. Her scorar vi 4,6 mot landssnittet 4,1, men her går skalaen til 5. Då er jo det ei veldig bra tilbakemelding. Vi treng jobbe vidare med å sikre at alle barn har kunnskap om sin eigen plan og korleis dei kjem i kontakt med barnevernet. Flott, då veit vi kva vi kan bli betre på!

Barnevernet spurde meg om vi skulle skrive om denne undersøkinga i brevet. Eg var ikkje i tvil. Vi skal glede oss over positive tilbakemeldingar. Når vi samstundes er opne om kva vi kan bli betre på, ja, då er vi på rett veg. Det gjeld like mykje i barnevernet sitt arbeid med born og foreldre, som det gjer for dei andre kommunale tenestene i møte med sine brukarar. Eg ønskjer barnevernet og dei tilsette lykke til vidare i utviklingsarbeidet.

Sunnfjord vil styrke lokaldemokratiet

To av medlemmane i lokaldemokratiprosjektet i samtale - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Denne veka har vi vore med å arrangere ei erfaringssamling på Gjøvik i program for lokaldemokrati.

Sunnfjord kommune er ein av sju utvalde kommunar som skal arbeide for å styrke lokaldemokratiet og vise fram gode døme på lokaldemokratitiltak for heile kommune-Norge.

Vi skal evaluere ordninga med nærmiljøråd, og skape nye digitale løysingar og møtestadar for deltaking og involvering.

Eg syns det er kjekt når vi får tilbakemeldingar på at leiaren i Utvalet for lokaldemokrati Anne Lilleaasen og prosjektleiar Malin Moldestad representerte kommunen på ein god måte.

Eg tenker at den måten nærmiljøråda og grendelaga både har spelt inn, og ikkje minst bidrege til folkemøta om kommuneplanen sin arealdel, fortel at vi er på veg til å finne ein modell som på sikt kan auke interessa for dei demokratiske prosessane. Mest av alt; at ungdomen finn interesse i dei digitale løysingane og nyttar dei som talarstol for å påverke.

«Kjærleikens ferjereiser» følgjer ikkje rutene, heller ikkje biblioteket i Førde.

Måndag 13. februar markerer vi at Sunnfjord kommune får sitt andre «meirope bibliotek». No kan du låne bøker utanom opningstidene. Du treng ei lånebrikke og ein brukaravtale. Det nye, innbydande og fargerike biblioteket vert måndag kveld feira med poesi og vakkermusikk. Helge Johnsen med andre syter for det på scena i biblioteket. Sjølvsagt er arrangementet gratis for publikum.

Eg er overtydd om at vi med eit meir ope Førde bibliotek får eit tilbod som passar det travle kvardagslivet ditt. Då vonar eg både studenten, småbarnsforelderen og den leseglade pensjonisten finn bok, på ei tid det passar dei best.

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66