Nytt frå kommunedirektøren 1. september 2023

På besøk hos Nils Gjerland. Førde-festivalen leverte igjen. Vi får eige sykkelombod. Mange styrkar fagkunnskapen. Vil du førehandsstemme? No er det hjartesone ved Førde barneskule. Vi gjer det betre på kommunebarometeret. Ny kommunalsjef byrjar på tysdag. Kommunal og distriktsdepartementet vitja Sunnfjord. Lønsforhandlingane er i gang.

På besøk hos Nils Gjerland

På besøk hos Nils Gjerland - Klikk for stort biletePå besøk hos Nils Gjerland Sunnfjord kommune

Tidleg i juli reiste ordføraren og eg til Haukedalen og vitja tidlegare Førde-ordførar Nils Gjerland og kona Aud Hestenes. Då eg byrja i stillinga reiste eg rundt å vitja alle dei 83 kommunale einingane, men det førte meg ikkje til Haukedalen. Så difor passa det bra å reise til ein stad eg ikkje har vore, samstundes som vi fekk ein hyggeleg prat med ein tidlegare ordførar i distriktet vårt.

Nils viste oss rundt på garden som sonen Nils Anders no har tatt over. Nils og Aud har flytta inn i eit anna hus i tunet. Han tok oss med og synte oss resten av dalen. Frå Frøysland og like til Grøneng oppunder fjellheimen. Haukedalen er ein vakker dal med velstelte gardar og grøne bøar. Det er tydeleg at landbruket er viktig for dei som bur her.

Tilbake på garden fekk vi ein hyggeleg prat over ein kaffikopp og gode vaflar. Eg spurde Nils om kva han syns var kjekkast med det å vere politikar generelt og ordførar spesielt. Han var ganske klar på at det var møta med alle menneska i kommunen som var det kjekkaste. Deretter å få til gode løysingar på innbyggarane sine utfordringar. Han trekte også fram at det av og til var mindre ressursar som skulle til for å glede mange. Å omtale Nils Gjerland handlar også om å trekke fram den spesielle interesse han har for kultur. Det kom fram då han sa at vølinga og oppussinga av Førdehuset var noko av det han syns var spesielt kjekt å vere med på.

Det vart litt kultur på Gjerlandstunet også. Før Jenny og eg reiste tilbake til Førde, las Nils eit av sine mange dikt. Diktet heitte Utvaska spor ved Flø, og tok såleis utgangspunkt i ein stad i Haukedalen. Vi takkar for at vi fekk kome, og ønskjer Nils og Aud det beste!

Takk til Førdefestivalen!

Atter ein gang har Førdefestivalen levert. Nokre fantastiske dagar i juli med musikk frå heile verda. Temaet i år var Draumar. Sjølv likar eg gamle folketonar og fekk fleire opplevingar eg seint vil gløyme. At eg i tillegg skulle stå til langt på natt og bevege meg etter kongolesiske danserytmar, var eg ikkje heilt budd på. Kjekt, og eg trur ikkje eg har gjort noko liknande sidan eg var sytten.

Takk til Førdefestivalen - Klikk for stort bileteTakk til Førdefestivalen Sunnfjord kommune

Men, først og fremst takk til festivalleiinga med Sølvi Lien i spissen. Førdefestivalen set ikkje berre Førde på kartet, den byggjer identiteten til oss som bur her. Når den i tillegg tek i bruk både sentrum, grender, fjell og bøar, ja, då byggjer den både sunnfjordingen og førdianaren.

Måndag etter festivalen inviterte vi dei som kunne i festivalleiinga til lunsj på Sunnfjord hotell. På vegner av kommunen og oss alle takka og gratulerte ordførar Jenny Følling.

 

 

Sunnfjord kommune får eige sykkelombod

Sunnfjord kommune får no eit eige sykkelombod. Ungdomsrådet har bedt om at kommunen opprettar ein slik funksjon. Truls Folkestad vert kommunen sitt første sykkelombod. Kva rolle skal eit slikt ombod ha?

Først og fremst er ikkje sykkelombodet ei eiga stilling eller stillingstittel, men inngår som ein funksjon i arbeidsoppgåvene til dei Truls har frå før.

Sykkelombodet har uttalerett om syklistane sine interesser i relevante saker der kommunen er myndigheit eller interessent. Ombodet skal leggje særleg vekt på barn og unge sine interesser, som ei viktig gruppe syklistar som bør takast særskild omsyn til. Vidare skal rolla bidra til tverrfagleg tilnærming og samarbeid i kommuneadministrasjonen, særleg bygg og eigedom, areal og byggesak, teknisk drift, folkehelse og klima.

Han skal også vere kontaktpunkt i kommunen for sykkel-relaterte innspel frå innbyggarane og næringslivet. Til slutt skal sjølvsagt ombodet fremje Sykkelbyen Førde og Sunnfjord som sykkelkommune.

Eg takkar for at Truls tek på seg oppgåva, og ønskjer han lykke til i arbeidet.

 

67 tilsette frå sektorane helse- og sosial og omsorg aukar kompetansen sin og styrkar fagkunnskapen

USHT (Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester) Vestland (Sogn og Fjordane) tilbyr kvart år oppstart av ulike ABC-løp. I haust skal 67 tilsette i kommunen byrje si opplæring på fagområda demens og utviklingshemming.

ABC-opplæring er ein tverrfagleg opplæringsmodell utvikla av Nasjonalt senter for aldring og helse på oppdrag frå Helsedirektoratet. Målet er å gje tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester mogelegheit til å tileigne seg oppdatert fagkunnskap knytt til aktuelle fagtema, og styrke kunnskapen om kva som er god praksis i tråd med nasjonale retningslinjer, lovverk og forskrifter.

Demensomsorgas ABC gjer naudsynt og oppdatert kunnskap om demens, personsentrert omsorg og miljøbehandling. Mitt livs ABC omfattar ei grunnleggjande opplæring i viktige tema innan tenesteyting til personar med utviklingshemming, gjennom livsløpet.

Opplæringa er eit lågterskel tilbod for å auke kompetansen til alle tilsette, uavhengig av utdanning, rolle eller yrkesbakgrunn.

Kva er ABC opplæring

 

Har du bestemt deg for å førehandsstemme?

Du kan førehandsstemme på ulike stader i kommunen til og med 8. september.

Førstkommande laurdag 2. september mellom kl. 12.00 og 16.00, er valmedarbeidarane på plass for å ta imot di stemme på Alti Skywalken i Førde, på Jølstraholmen, og på tenestetorga i Naustdal og på Sande.

I neste veke har alle tenestetorga utvida opningstider for å gi deg høve til å førehandsstemme der. Sjå oversikt over vallokala og opningstidene på www.valglokaler.no.

Vi legg også til rette for mottak av førehandsstemmer på omsorgssentera våre, på sjukehuset og på høgskulen.

Treng du å stemme heime?

Dersom du ikkje kan stemme i eit vallokale på grunn av sjukdom eller fysiske eller psykiske vanskar, kan du kontakte kommunen og be om å få stemme heime eller der du oppheld deg. Siste frist for å be om dette er tirsdag 5. september kl. 12.00.

 

 

Opning av hjartesona ved Førde barneskule

Tysdag den 22. august 2023 vart hjartesona ved Førde barneskule høgtidleg opna av ordførar Jenny Følling. Hjartesona er eit samarbeid mellom Trygg trafikk og skulen. Målet er ein tryggare skuleveg for elevane gjennom haldningsskapande arbeid. Enkle tiltak som hjartesoneskilt og trafikkregulering skal i tillegg minne foreldre og tilsette om kor viktig det er med ein sikker skuleveg for elevane. Førde barneskule er den tredje skulen i Sunnfjord kommune som blir hjartesone skule. Frå før er Vassenden skule og Sunde skule hjartesone skular. Sunnfjord kommune har som mål at alle skulane i kommunen skal bli hjartesone skular.

Opning av hjartesona ved Førde barneskule - Klikk for stort bileteOpning av hjartesona ved Førde barneskule Sunnfjord kommune

Formannskapet rosar kommunen sine resultat i kommunebarometeret

I går, torsdag var det møte i formannskapet. Dei var sterke og klare på at dei sat pris på den utviklinga Sunnfjord har utvikla seg innan dei fleste områda som vert målt i dette barometeret. Dei streka spesielt under det gledelege ved at dei store sektorane som skule, helse og omsorg; dei grunnleggande tenestene for innbyggarane våre, har utvikla seg positivt. Så må vi samstundes ta inn over oss at vi har eit forbetringspotensiale på økonomisk resultat og arbeidet med klima og miljø. Det skal vi bli betre på. Formannskapet bad meg om at eg måtte sørge for at dei positive tilbakemeldingane vart formidla vidare til dei tilsette. I første omgang takkar eg formannskapet for dei positive meldingane, så brukar eg Nytt frå kommunedirektøren som eit første steg til å sende takka vidare til alle tilsette. Takk for den flotte jobben de alle gjer!

Anita Nordheim byrjar som kommunalsjef kultur og idrett på tysdag i neste veke

Ny kommunalsjef Anita Nordheim startar i jobben tysdag neste veke, 5. september. Vi har skrive om Anita tidlegare, men som sagt; ho kjem frå tilsvarande stilling i Høyanger kommune og ho seier sjølv at ho er spent og ser fram til å byrja i stillinga. Vi ønskjer ho velkomen til Sunnfjord kommune og ønskjer ho lukke til med nye utfordringar.

Besøk frå Kommunal og distriktsdepartementet

Besøk frå Kommunal- og distriktsdepartementet - Klikk for stort bileteBesøk frå Kommunal og distriktsdepartementet Sunnfjord kommune

I går torsdag fekk vi besøk av fire medarbeidarar i Kommunal og distriktsdepartementet. Dei arbeider alle i kommunalavdelinga. Det er avdelinga som blant anna har ansvar for kommuneøkonomi og val. I så måte; viktige ansvarsområde. Dei ønska meir informasjon om blant anna nærdemokratiprosjektet vårt, korleis vi arbeider med Klart språk, effektane av kommunesamanslåinga, og det generelle utviklingsarbeidet i kommunen. Trond Ueland hadde lagt opp eit godt program for dei besøkande og vi håper dei fekk den informasjonen som dei var ute etter. Det er jo kjekt at nettopp dette departementet finn det kjekt å vitje nettopp vår kommune. Og då stiller vi sjølvsagt opp.

Lønsforhandlingane er i gang

I går, torsdag starta eigentleg lønsforhandlingane i Sunnfjord kommune. Det skjedde i form av eit lønspolitisk drøftingsmøte. I eit slikt møte skal arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane drøfte korleis sjølve lønsforhandlingane skal skje. Det er også meininga at partane kan seie noko om korleis dei vil prioritere. No er vi i gang og i dei neste vekene vil sjølve forhandlingane gå av stabelen.

Lønsforhandlingar er i gang - Klikk for stort bileteLønsforhandlingar er i gang Sunnfjord kommune

 

 

 

 

 

 

 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66