Nytt frå kommunedirektøren 1. desember 2023

Gratulerer med eldsjelprisen. Velkomen til ny politistasjonssjef. Nærbutikkar som kommunale servicepunkt. Gladmelding frå statsforvaltaren.

Egil Hjelmeland – gratulerer med eldsjelprisen

Bilde viser ordførar Jenny Følling, Egil Hjelmeland med Eldsjelprisen og blomster, og kommunalsjef for kultur og idrett – Anita Nordheim - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Tysdag var det fest for frivillige i Sunnfjord. Her var over 150 frivillige samla og Egil Hjelmeland fekk Eldsjelprisen. Du las kan hende om han i Firda same kveld? Ei eldsjel vi blant anna kan takke for minnesteinen for dei falne på Bringeland, minnetavle i Gaular og på Kletten i Førde. Samt initiativtakar til Luftkampmuseet og oppstarten av skulekorpset i Førde, men også forfattar og komponist. Eg veit han sist veke gav ut ei barnebok med tittelen Sterkebjørn. 

Det var ein flott fest med musikkinnslag av Erlend Os og Bjarne Bergheim,  og revyinnslag frå Viksdalsrevyen. Tusen takk til arrangementskomiteen i regi av våre fantastiske Friskliv- og frivilligsentralar i Sunnfjord. De gjer ein flott jobb !

Wenke Hope – ny politistasjonssjef i Sunnfjord besøkte rådhuset

Politistasjonssjef Wenke Hope står i gangen på rådhuset saman med tre andre personar. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Wenke Hope den nye politistasjonssjefen i Sunnfjord har no byrja i stillinga. Onsdag denne veka vitja ho rådhuset saman med politikontakt Odd Helge Vågseth. Ho tok over stillinga etter Dag Fiske som no har blitt leiar for politiet i Sogn og Fjordane etter Arne Johannesen. 

Wenche Hope kjem frå stillinga som tenestestadleiar i Florø. Som leiar for Sunnfjord politidistrikt vil ho ha ansvar for eit geografisk område som strekker seg frå Høyanger i aust til Bremanger i vest.  

Wenke Hope er spesielt opptatt av førebygging og omsorg for innbyggarane, og blir ein viktig samarbeidspartnar for Sunnfjord kommune i høve beredskap, politiråd og SLT (Samordning av Lokale rus- og kriminalitetsførebyggande Tiltak). 

Vi ønsker Wenke velkommen og ser fram til godt samarbeid.

Nærbutikkar som kommunale servicepunkt 

Kommunestyret handsama nyleg eit spørsmål om våre lokalbutikkar kan få ei rolle som kommunale servicepunkt. Med det meiner vi at dei t.d. kan tilby kommunal informasjon på skjermar, vere vertskap for kommunale møte, spele ei rolle som kontaktpunkt mot kommunen, og kunne vere eit kommunalt beredskapspunkt. 

Vi kjenner ordningar frå fleire stader der den lokale butikken hjelper til med til å levere varer, vere eit sosialt møtepunkt med kaffekrok og aktivitet, møtestad for dei unge, tilby enkel digital hjelp, og turistinformasjon. Utkøyring av varer vil vere viktig for mange eldre og rørslehemma. Det vil òg kunne gjere det enklare for mange å bu heime lengre enn elles. Det er Naustedalen næringssenter (Joker Naustdal) som saman med Fjordbutikken AS i Vevring og Viksdalen handel AS som er aktuelle for å vere kommunale servicepunkt. Alle tre butikkane er med i Kommunal- og distriktsdepartement sitt Merkur-program for å utvikle og styrke butikkar i Distrikts-Norge. Målet med dette programmet er å sikre innbyggarane tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet og mange tilleggstenester. 

Kommunalt servicepunkt betyr ei utviding av rolla som nærbutikk. Kommunestyret var positive til at vi skal få til dette. Spørsmålet om løyving av 50 000 kroner til kvar kjem opp igjen i samband med økonomiplanen til våren. Sjølv kjenner eg ordninga frå Kinn kommune der den fungerer godt. Kommunale tenester kjem nærare innbyggarane på øyer og i grender, og nærbutikken får fleire bein å stå på. Eg håper vi skal få til ei slik ordning også i Sunnfjord kommune. Vi skal jo ta heile kommunen i bruk.

Gladmelding frå statsforvaltaren 

Tysdag og onsdag denne veka var ordføraren og eg på ein konferanse der statsforvaltaren møtte kommunane. Statsforvaltar Liv Signe Navarsete varsla då at dei vil kome med forenklingar i handsaminga av dispensasjonssaker. Dette er noko både administrasjonar og folkevalde har etterspurd i lengre tid. Den nye ordninga vil i hovudsak gå ut på at vi ikkje treng å sende kommunen sine vedtak i dispensasjonssaker til statsforvaltaren. Det er kun eventuelt klagesaker som vert å sende inn. 

Den nye ordninga tilseier ei betydeleg lette i all sending av dokument til statsforvaltaren, og det er bra. Men kanskje det viktigaste er at statsforvaltaren som eit statleg forvaltingsorgan, på denne måten signaliserer at dei trur på kommunane si eiga handsaming av slike saker. Eit slikt signal set vi sjølvsagt pris på. 

For ordens skuld, før jul vil statsforvaltaren kome med eit notat som vil fortelje meir om korleis den nye ordninga skal fungere.

Plan for helga? 

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

God helg til alle! 

Terje Heggheim 
Kommunedirektør 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66