Nytt frå kommunedirektøren 03. mars 2023

Vi har passert ein milestaur i arbeidet med nye Sande skule. Det var god stemning på samlinga vi hadde for alle flyktningane. Kva i all verda er FIPR? Kva føreslår Helsepersonellkommisjonen av tiltak for å møte utfordringane i helse- og omsorgssektoren? Eg har også konstituert ein kommunalsjef for barnehagesektoren.

Nye Sande skule, ein milestaur er passert

I nyhendebrevet 20. januar skreiv eg at det hadde meldt seg 10 kandidatar som vil vere med på det vidare arbeidet med Sande skule. No har vi bestemt kven av dei ti som får det.

Vi har vald dei som skal teikne og prosjektere den nye skulen. Etter å ha gjennomført ein grundig evalueringsprosess av 10 gode tilbod, har kommunen valt å gå vidare med selskapet HRP AS.

HRP AS er ein landsdekkjande leverandør av prosjektleiing, rådgjeving, arkitekttenester og tryggleiksrådgjeving. Dei har kompetanse i frå komplekse prosjekt frå tidleg fase til ferdig bygg. HRP AS kan vise til 18 utdanningsbygg som dei har vore med å realisere. Vi trur dei vil løyse oppdraget vårt på ein god måte.

Har du lyst til å følgje prosjektet tettare, nyttar du denne lenka: Nye Sande skule - Sunnfjord kommune

Det er kjekt å melde at prosjekteringa av den nye skulen vil starte allereie i denne månaden. Med det kan vi krysse av ein ny milestaur i prosjektet. Flott – og eg ønskjer dei som arbeider i prosjektet – lykke til vidare!

God stemning på samling for flyktningar i Førdehuset.

Bilde av ordførar Jenny Følling og nokre av dei som var med på samlinga - Klikk for stort bileteSamling for flyktningar Hilde Bjørkum.

Måndag denne veka fekk eg vere med på noko kjekt. Vi hadde invitert alle flyktningar som har kome til kommunen sidan 2020 på middag i Førdehuset.

27. februar inviterte Sunnfjord kommune flyktningar som har kome til kommunen vår sidan 2020 til hyggeleg samling i Førdehuset. Sunnfjord café & catering serverte nydeleg tapas, og elevar ved Kulturskulen og distriktsmusikar Ingrid Stuhaug underheldt med musikk på piano og på hardingfele. Dette vart tatt godt imot, og det var særleg interesse for å sjå nærare på hardingfela med sine resonansstrenger og vakre dekorasjon.

Ordførar Jenny Følling heldt ein fin tale og vektla kor sterkt vi føler med dei som må flykte frå krig og naud og at vi i kommunen vonar flyktningane vil finne seg godt til rette hjå oss. Vidare vektla ordføraren at kommunen ynskjer å gjere alt vi kan for at flyktningane skal få gode liv og bli ein integrert del av vårt samfunn, med sine ressursar og kultur. Samlinga enda opp med at heile festlyden heldt kvarandre i hendene og dansa i lag til ein springar frå Sunnfjord. Eit fint symbol på samhaldet vi ynskjer oss i Sunnfjord!

Ser vi denne samlinga, og markeringa vi hadde av eittårsdagen for åtaket på Ukraina, der rundt 250 deltok, meiner eg vi er medviten vår rolle som vertskommune for menneske som treng oss. Det skal vi halde fram med.

Frå Fjordane interkommunalt politisk råd til Region fjordane

I fjor vart Fjordane interkommunalt politisk råd etablert. Det er det formelle namnet på samarbeidet mellom ti kommunar. Kortversjonen er FIPR. Men, korkje det formelle namnet, eller kortversjonen egnar seg for daglegtalen. Det er som du må tenke deg om på førehand når du skal bruke det formelle namnet, og kven vil no frivillig gå rundt å snakke om fipr.

Korleis kan de ha seg at eg tillet meg å harselere slik med dette namnet? Det er jo tross alt nokon som har kome med det ein gong. Nettopp; det gjorde eg for snart to år sidan. Eg nytta det som ein arbeidstittel då Trond Ueland og eg vart beden om å utarbeide vedtekter for det nye rådet. Så den klarer vi å stå i.

Rådet hadde møte tysdag denne veka og bestemte at namnet vi skal bruke til dagleg er Region fjordane. Det er både forståeleg, dekkande og du slepp å ta sats når du skal seie det.

Det er kommunane Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler, Kinn, Stad, Bremanger, Stryn, Gloppen og Sunnfjord som er med i Region fjordane. No har også Høyanger søkt om å bli medlem.

Region fjordane skal arbeide med saker av felles interesse for kommunane, fremme kommunane og regionen sine interesser overfor myndigheiter og andre premissleverandørar. Rådet skal også gi felles uttale i saker som er viktige for kommunane og regionen, Region Fjordane skal og skape møteplassar der næringsliv, forsking og utdanningsmiljøa, og offentlege myndigheiter kan samhandle. Kommunane vil også samarbeide om interesser dei har som felles bu, arbeids,- og serviceområde.

Så då takkar vi av FIPR, og håper Region fjordane lukkast i arbeidet.

Helsepersonellkommisjonen

Tidlegare i dag deltok ordføraren, personalsjefen og eg på eit møte der vi fekk ei orientering om helsepersonellkommisjonen. Andre deltakarar var KS, Helse Førde og 12 andre kommunar i regionen vår.

Kommisjonen er eit utval som regjeringa utnemnde i 2021. Dei skulle kome med framlegg om gode tiltak for å utdanne, rekruttere og halde på personell i helse- og omsorgssektoren. Det meiner eg er heilt rett, for vi står overfor store utfordringar i åra som kjem.

I dag arbeider det fem gonger så mange i kommunane sitt helsestell som det gjorde i 1970. Det blir fleire eldre, men ikkje fleire i arbeid. Di mindre sentralt kommunane ligg, di meir vil dei misse arbeidskrafta. Om få år vil vi ha eit underskot på 14 000 årsverk i kommunesektoren. Korleis i all verda skal vi løyse desse utfordringane. Det prøver kommisjonen å svare på.

Eit av tiltaka kommisjonen foreslår er å få til ei meir heilskapeleg organisering av helse- og omsorgstenestene i form av eitt forvaltingsnivå. Då har vi ikkje eit statleg og eit kommunalt nivå, men eitt felles. Møtelyden var ikkje overtydd om at det var vegen å gå.

Kommisjonen vil også etablere eit eige program for kvalitetsutvikling som skal fremje rett organisering i helsesektoren. Her ligg også ei auka satsing på utdanning av fagarbeidarar. Utvalet vil satse 300 millionar kroner årleg i ti år.

For å halde på arbeidskrafta vert det fremma tiltak om eigne mentorordningar for nytilsette. Det ligg også eit betydeleg potensiale i å halde dei tilsette lengre i jobb. Betalt utdanning og

fleksible studieordningar er eit anna tiltak i den kategorien. I tillegg vil dei opne for forsøksmidlar til utvikling av nye arbeidstidsordningar som er meir i samsvar med behova og som bidrar til å få gode arbeidsprosessar.

Til slutt vil dei satse 500 millionar kroner årleg i ti år for utvikling av ny teknologi. Teknologi som kan gi nye arbeidsprosessar og nye måtar å løyse oppgåvene på (innovasjon).

No går vi inn i ei tid der både kommunane, KS, helseføretaka og landsdekkande organisasjonar skal kome med sine innspel til utvalet sin rapport. Det vert spanande å sjå kva prosessen kjem med, og ikkje minst kva tiltak styresmaktene til slutt vil iverksette. Noko må vi faktisk gjere, om vi let vere, gjer vi heller ikkje det beste for innbyggarane våre.

Konstituering som kommunalsjef barnehage

I samband med Kristine Steindal sitt fråvær har eg drøfta ei konstituering med dei tilsette sine organisasjonar. Med verknad frå 1. mars til og med 31. juli 2023 vert Åge Ansgar Stafsnes konstituert som kommunalsjef for barnehage. Han overtar heile stillinga sitt fulle ansvars- og arbeidsområde, med tilhøyrande fullmakter.

Eg set stor pris på at Åge tar denne ekstra utfordringa fram til hausten. Ut frå situasjonen seinare i vår/sommar, vil vi vurdere kva eventuelle tiltak vi vil iverksette på meir langsiktig basis. Det vil vi sjølvsagt drøfte med arbeidstakarorganisasjonane.

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør Sunnfjord kommune

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66