Vi tilbyr berre 100 % plass
Sunnfjord kommune har fram til no hatt tilbod om 20-100 % plass i kommunale barnehagar. Å endre til at vi normalt tilbyr 100 % plass vil vere ei vesentleg endring. Det er få som vel deltidsplass i kommunen, 20 barn (rapportering desember 2024). Sidan det er ei opning for at ein kan få deltidsplass dersom det er
tungtvegande grunnar til det, reduserer dette konsekvensen av endringa.
Vi har spesifisert tydlegare kven som har rett til barnehageplass i kommunen
Sommarope som hovudregel
Det er sommarope i dei kommunale barnehagane. Men, det er ei opning for at barnehagar kan ha stengt i inntil tre veker samanhengande dersom det er få barn påmeldt. Styrar skal i samarbeid med samarbeidsutvalet vurdere om barnehagen skal ha stengt i inntil tre veker.
Arealnorma
Administrasjonen har endra arealnorma til eit spenn framfor å ha eit kontret tal for kor mykje areal det skal vere per barn under og over tre år. I forslaget er det lagt inn eit spenn på:
- 5,3-6 kvm for barn under 3 år
- 4-4,5 kvm for barn over 3 år
Andre endringar
- Opptakskretsen er endra til Sunnfjord kommune utan avgrensing
- Under endring av barnehageplass har vi lagt til at det er mogeleg å søke om permisjon frå barnehageplassen inntil eitt år
- Det er kommunestyret som fastsett ein makspris for mat i barnehagane. Pris i den enkelte barnehage kan variere ut i frå tilbod.
Sjå presentasjon som vart halde for formannskapet 13. november