NAV Sunnfjord og ytre Sogn

NAV rustar seg for framtida ved å inngå eit vertskommunesamarbeid om tenester til innbyggarane og støtte til næringslivet. Organiseringa av det nye NAV Sunnfjord og Ytre Sogn tek til med det same. Eit klart premiss for organiseringa er at det framleis skal vere NAV- lokale i alle kommunane. 

Sist veke stemte kommunestyret i Fjaler, Høyanger og Sunnfjord for eit vertskommunesamarbeid i NAV og i går gjorde Hyllestad det same. Ørjan Haram, kommunedirektør i Høyanger og leiar av styringsgruppa seier:
Det har vore ein lang prosess frå vi starta utgreiinga av eit mogleg vertskommunesamarbeid, og Askvoll har undervegs vedteke å ikkje bli med. Det er kjekt at det no er avgjort og ein kan starte arbeidet med organiseringa.
 

Terje Heggheim, kommunedirektør i Sunnfjord er godt nøgd med at alle dei fire kommunane sluttar seg til avtala. Vi er eit felles bu- og arbeidsområde, og har god tradisjon for å samarbeide på tvers, seier Heggheim. Innbyggarane flyttar seg mellom kommunane for jobb og skule, og eit interkommunalt samarbeid om NAV sine tenester vil gjere det lettare å yte gode tenester både til innbyggarar og til næringslivet når dei har behov for arbeidskraft. 


Kommunedirektørane har i prosessen med å få til vertskommunesamarbeidet vore opptekne av ambisjonane om at samarbeidet skal syte føre likeverdige tenester av god kvalitet og eit stødig fagmiljø. I tillegg har dei vektlagt at det skal vere lokasjonar i alle kommunane, slik at dei som treng det, kan møte NAV i sitt nærmiljø. 


Heggheim poengterer at det er gode grunnar til å sikre stabile tenester frå NAV framover, og nemner flyktningane som har behov for hjelp til å komme i arbeid og ungdom som fell utanfor skule og jobb. Dette er utfordringar vi deler på tvers av kommunane, seier Heggheim.


Fylkesdirektør i NAV Vestland, Bjarte Hysing-Olsen stiller seg bak Heggheim sine ord og legg til:
Mange bedrifter i Vestland slit i dag med å få tak i arbeidskraft. Dette vil bli ei endå større utfordring i åra som kjem, når vi blir færre personar i arbeidsfør alder. Eg er oppteken av eit godt samarbeid med næringslivet. NAV kan hjelpe bedriftene med arbeidskraft samstundes som dei kan gje personar som treng det ein sjanse i arbeidslivet. 


Hysing-Olsen avrundar med at samarbeidet som no skal byggast opp mellom kommunane vil gje eit godt grunnlag for å støtte næringslivet i regionen.