Næringsarbeidet i Sunnfjord kommune

Formannskapet vil i møte 18. september behandle organisering og finansiering av næringsarbeidet i Sunnfjord kommune.

Kort om bakgrunn for saka

Næringsutvikling er ein sentral del av kommunen sitt samfunnsutviklingsansvar og skal bidra til arbeidsplassar, verdiskaping og attraktivitet. Samstundes står Sunnfjord kommune i ein krevjande økonomisk situasjon der alle tenesteområde må vurderast.

Kommunestyret handsama i K-sak 38/26 økonomiske hypotesar for å betre kommunen sin økonomiske situasjon. Ei av hypotesane var å redusere det kommunale tilskotet til Sunnfjord Utvikling AS med 2,7 mill. kroner. Kommunestyret endra ikkje dette innsparingskravet ved handsaminga.

Kommunedirektøren vurderer at nivået på driftstilskotet er avgjerande for evna til å arbeide strategisk og langsiktig med nærings- og samfunnsutvikling, og saka omfattar derfor både organisering og finansiering av dette arbeidet. 

Saka drøftar: 

  • kva næringsarbeidet skal oppnå 
  • korleis oppgåvene bør organiserast 
  • korleis arbeidet bør finansierast

 

Les heile saka: Organisering og finansiering av næringsarbeidet i Sunnfjord kommune

Kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak: 

  • Sunnfjord kommune skal vidareføre eit samla næringsarbeid som bidreg til verdiskaping, arbeidsplassar og attraktivitet i kommunen. 
  • Næringsarbeidet skal organiserast ved kjøp av tenester frå Sunnfjord Utvikling AS.
  • Reiselivsarbeidet vert frå 1.1.2027 organisert ved eit direkte eigarskap i Visit Fjordkysten & Sunnfjord. Det blir lagt fram eiga politisk sak om avtale og finansiering.
  • Årleg tilskot til Sunnfjord Utvikling AS blir redusert frå 5,7 mill. kroner i 2026 til 4 mill. kroner i 2027 og vidare til 3 mill. kroner frå og med 2028, innanfor vedtekne budsjettrammer. 
  • Kommunedirektøren får i oppdrag å utarbeide årlege resultatmål og rapporteringskrav for Sunnfjord Utvikling AS, og vidareutvikle den strategiske samhandlinga mellom Sunnfjord Utvikling AS og kommunen.
  • Næringsarbeidet og konsekvensane av endra finansiering skal rapporterast status på i 2027 og evaluerast innan utgangen av 2028. Evalueringa skal òg omfatte ei vurdering av moglegheitene for eit meir forpliktande samarbeid om næringsutvikling innanfor den større bu- og arbeidsmarknadsregionen rundt Sunnfjord.

Kontakt

Profilbilde av Lise Mari Haugen
Lise Mari Haugen
Konstituert kommunedirektør
Telefon 57 61 27 04