Minneord til Reidar Tveit

Bilde frå 100 års dagen -tilReidar Tveit - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Eg vil uttrykke medkjensle i sorga til familien og dei næraste som har mista sin kjære. 

Reidar Tveit vart 102 år. Han var klar og samfunnsengasjert heilt til det siste. For knapt ein månad sidan - deltok han på bokslepp av «Førde si historie» på Førdehuset, og eg fekk helse på han der - for siste gong.

Tveit var ordførar i Førde frå 1967-1980, og var ein sentral person i utviklinga av Førde-samfunnet. Vi vil takke han for hans store innsats for utviklinga av Førde som fylkessenter.

Han var fødd i Gulen og flytta seinare til Leikanger. I 1941 starta han på tannlegestudiet, men vart i 1943 sendt til fangeleirane Sennheim og Buchenwald. Han var blant dei heldige som kom heim i live. 

Etter krigen fullførte Tveit tannlegestudiet. Han vart den første fylkestannlegen Sogn og Fjordane, og var sentral i oppbygginga av dei offentlege tannklinikkane i heile fylket. Jobben som fylkestannlege hadde han fram til 1989. 

Då Tveit kom til Førde, engasjerte han seg i Røde Kors, og vart formann der. På den tid var organisasjonsarbeidet viktig. For nettopp Røde Kors og helselaget var sentrale i å etablere både sjukestove, ambulansetilbod og etter kvart helsetunet i Førde. Dette var truleg bakgrunnen for at han vart spurd om å gå inn i politikken. Han vart vald som ordførar i 1967 og sat i 12 år - fram til 1980. I heile perioden var han også fylkestannlege. 

Reidar Tveit var ein sentral person i utviklinga av Førde-samfunnet. I den perioden han var ordførar voks folketalet sterkt. Her spelte ordførar Tveit ei hovudrolle saman med rådmann Lars Askevold og ei gruppe med lokale strategar. Det var sentralt å skaffe Førde flyplass, få bygd Sentralsjukehuset og Førdehuset. 

Det var ei heilt spesiell tid Reidar Tveit fekk vere ordførar. I 1965 vart Førde peika ut som vekstsenter av SIVA. Det forklarar noko av utviklinga Førde - men slett ikkje alt. SIVA (selskapet for industrivekst) var ein viktig medspelar. I 1969 var dei med på å etablere ein elektrisk bilfabrikk. Same år vart konfeksjonsbedrifta Hagbarth Schjøtt A/S i Førde etablert med 30 syersker, - etter at ordførar Tveit hadde teke kontakt med bedriftsleiinga i Bergen. Han var òg med å etablere Sogn og Fjordane Teater, og var den første styreleiaren der. 

Etableringa av Ankerløkken var nok eit resultat av den status Førde hadde - som vekstsenter. Tveit var samstundes oppteken av at følgjene av å bli eit vekstsenter ikkje skulle gå ut over Florø. 

Bygging av ei flystripe midt i Førde sentrum utan konsesjon var likevel kanskje noko av det meir dristige tiltaket Tveit har vore med på. Det meinte òg samferdsleminister Håkon Kyllingmark. Då folkesnakket tok til å gå om at det såg veldig ut som ei flystripe ute på Øyrane, skal Tveit ha sagt; «Nei, det er heilt tilfeldig». Men konsesjon fekk dei. «Du veit, det hadde ikkje gått i dag», skal Tveit ha humra. 

Det har nok ikkje vore heilt enkelt for Reidar Tveit å sjonglere rolla både som ordførar og medlem i fylkestinget. Fylkestinget var på den tida ikkje nokon medspelar i utviklinga av Førde. Sjukehussaka er kanskje det beste døme på det. Og det var til slutt Stortinget som vedtok å bygge Sentralsjukehuset. 

Prøvesenterstatusen gav Førde gode kort på handa. Det visste radarparet Tveit og Askevold å nytte, gjerne gjennom å gå utanom fylkesnivået og etablere tett dialog både med departement og det politisk nivået sentralt.

Det er med stor takksemd og djup respekt vi i dag tek farvel med Reidar Tveit. Vi vil takke for den store arbeidsinnsatsen Reidar Tveit gjorde gjennom heile si levetid for Førde kommune. Det la eit viktig grunnlag for den vidare utviklinga i Sunnfjord. 

Eg skal også bere fram ei siste helsing og ei stor takk frå tidlegare ordførar i Førde Aud Viken, Nils Gjerland og Olve Grotle, og tidlegare rådmann i Førde kommune Ole John Østenstad.

Reidar Tveit har vore ei viktig drivkraft og er ein bauta.  Sunnfjord kommune takkar for den store innsatsen han har gjort for Førde. Eg lyser fred over minnet.

Jenny Følling