Manglande lys på turvegen mellom Jarane – Grimsethmarka

Turvegen som vart etablert i 2022, fekk montert solcelledrivne gatelys våren 2023.

Arbeid med lyktestolpe - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Desse skulle lyse opp turvegen, men ny teknologi virkar diverre ikkje alltid som den skal med det same.  Etter monteringa viser det seg at det berre er 1/3 av dei som virkar. Dette skuldast ein feil i programvaren som styrer lysa. Leverandøren av gatalysa har jobba med å oppdatere programvaren sidan juni, og vi fekk melding om at dette skulle vera løyst i slutten av oktober. For at dette skal oppdaterast på lysa som ikkje virkar, må vi restarte anlegget. Dette betyr at vi må opp i kvar stople og kople frå og til lysa. 

Vi hadde planar om å utføre dette i starten av november, men fekk ikkje utført dette før kulda/snøen kom. Sidan det er vinter, er det uvisst kor tid vi får høve til å restarte anlegget. Dette betyr at ein del av lysa forsatt ikkje vil virke fram til vi får restarte anlegget.