Kunngjering av detaljregulering Førdehuset til offentleg ettersyn

Formannskapet i Sunnfjord kommune har gjort vedtak om å sende Detaljregulering Førdehuset til høyring og offentleg ettersyn. Planframlegget er utarbeidd av Sunnfjord kommune, areal og byggesak. Vi ønsker innspel frå deg. Høyringsperioden er 7. mai – 12. juli.

Kort om planen

kartutsnitt Statens vegvesen med avgrensing bru over Jølstra - Klikk for stort bilete

Føremålet med planen:
Førdehuset er i utvikling og det er behov for ein detaljreguleringsplan for å fastsette ulike rammer for utbygging. Det er laga eit forprosjekt for ny svømmehall og planforslaget er harmonisert med det. Det er nødvendig å samordne denne planprosessen med Førdepakken sitt planarbeid Bru over Jølstra (tiltak 1). Det gjeld både utforming av reguleringsplanane og seinare etablering av anlegga. Den planen har med seg heile p-plassen framom Førdehuset fordi den skal hevast saman med Angedalsvegen som eit flaumførebyggande tiltak.  

Planområdet:
Førdehuset ligg ved fv. 601 1 km aust for rv.5 (Naustdalsvegen). 

Sjå viktige dokument i saka

Planframlegget inneheld planomtale, reguleringsføresegner, plankart, risiko- og sårbarheits-analyse, m.m. Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art. 

Sei di meining innan 12.juli

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 12. juli.

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Møt planleggarane

27. mai vert det høve til å treffe planleggarane frå Førdepakken og Sunnfjord kommune i Førdehuset i kafeområdet frå kl. 14 -18. Du er velkomne til å stille spørsmål og prate kring denne planen og detaljreguleringsplanen Bru over Jølstra 

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 22/2686

Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 22/2686

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Vigdis Lobenz om det er noko du lurer på.

Lovverk

Kontakt

Vigdis Randine Rørstad Lobenz
Sakshandsamar planavdeling - Førdepakken
E-post
Telefon 57 82 87 80
Mobil 97 51 73 80

Jobbar med planarbeid for utbygging av Førdepakken