Konsert i Ålhus kyrkje laurdag 28. september

Det landet du gav oss, den gåva vi fekk. Slik skal vi synge i songen i Ålhus-kyrkja denne laurdagen. Inne i kyrkjerommet vil tonane flyge mellom tidene og minne oss om kor stor den gåva er. At vi får vår tid i eit land vi kan hauste fritt frå og leve fritt i. At vi har ei lov som seier at det er vår rett.

Kyrkjekonsert laurdag 28. spetember kl 15.00 i Ålhus kyrkje.

Vegen til kyrkje går langs velstelte gardar og vakre kulturlandskap som fortel om berekraftige levemåtar i generasjonar. Landslova knesette berekrafta og likeverdet som rettsprinsipp lenge før slike ord fanst:

«Alt vatn skal renne slik det har runne frå gammalt av, ingen skal veite det frå eller til annan manns bø, om det ikkje sjølv bryt seg veg.»

Vatnet renn og tida går. Vegen til kyrkje er også ein veg gjennom tida. Når du går over kyrkjetrappa denne laurdagen opnar tida seg for deg.

Medverkande i kyrkjekonserten på Ålhus er Henning Sommerro, Kim Rysstad, Synnøve Bjørset, Kyrre Eikås Ottersen og Førde kyrkjekor.

Kjøp billett til kyrkjekonserten