Kommunebarometeret 2023

Kommunebarometeret er ei måling som Kommunal Rapport publiserer kvart år.

Kommunane vert rangert etter ulike nøkkeltal, på tvers av sektorar.

Kommunebarometeret er ikkje noko fasit på kvaliteten i kommunale tenester, men gir eit bilde på kor Sunnfjord kommune står samanlikna med andre kommunar.

Kommunebarometer 2023 for Sunnfjord kommune  (PDF, 3 MB)

 

Tabell som viser utvikling og resultat av kommunebarometeret i perioden 2019 - 2023. - Klikk for stort bilete Henta frå Kommunal rapport


Sunnfjord kommune er på 108. plass i årets kommunebarometer. Det er opp 39 plassar frå året før. 

Vi har best rangering på grunnskule med 42. plass, men alle tenesteområda utanom klima og natur er rangert blant dei 33 % best rangerte kommunane.

Grunnskule, helse og vatn/avløp har betra rangeringa mest frå 2022 til 2023.

Vi har svakast rangering på økonomi og klima/ natur.