Instruks for drift av Sunnfjord kommune i 2025Vi er inne i ei særs krevjande tid. Kommuneøkonomien krev all fokus for tida, men det er også rett. Vi har no sendt ut ein instruks om drift av kommunen i år. Instruksen vart stadfesta i formannskapet 13. mars. Den fortel om ei rekke ulike tiltak som vert sett i verk. Sunnfjord kommune er i ein alvorleg økonomisk situasjon med eit netto driftsresultat på minus 135 millionar for 2024, noko som medfører at frie fondsmidlar vert oppbrukte. Vi må styrke konomistyringa og budsjettdisiplinen. For at kommunen skal få ein berekraftig økonomi må ein vere førebudd på at særleg 2025 og 2026 vil være to ekstraordinært krevjande år med naudsynt omstilling, samtidig som ordinær drift av kommunen vert å oppretthalde.Denne instruksen vart stadfesta i formannskapet 13. mars 2025. Den var sendt einingsleiarane tidleg veke 11 med pålegg om at alle tilsette er informert om tiltaka i instruksen innan arbeidstida sin slutt fredag 14. mars 2025. Instruksen gjeld blant anna:Etablering av eit økonomiteam som blant fleire oppgåver skal følgje opp einingar som varslar om meirforbrukDet vert innført tilsettingsstopp frå noVi må sikre inntektene våreDet vert innført innkjøpsstoppDet vert sterke reguleringar på overtid, vikarar og meirarbeidFull gjennomgang av framtidige og pågåande investeringarReisestoppStopp med deltaking i kurs og konferansar, med nokre få unntakIngen nye leigekontraktarSal av bygg og anleggGjennomgang av kommunen sin eigarskap i selskap og samarbeid Les heile instruksen for drift av Sunnfjord kommune i 2025 (PDF, 456 kB) Det er viktig at vi jobbar godt med alle tiltaka nemnd ovanfor. Dersom vi ikkje lukkast med det er det fare for at vi blir satt under statleg administrasjon. Det er det ingen som vil. Driftsåret 2025 vil difor bli krevjande for alle i organisasjonen. Sist endra 23.04.2025 09.55