Instruks for drift av Sunnfjord kommune i 2026Instruksen er ein vidareføring av instruks for 2025 med nokre justeringar. Instruksen er sett i verk av kommunedirektøren etter godkjenning i leiarmøte 5. januar 2026 og handsaming i økonomiteamet 6. januar 2026. Sunnfjord kommune er i ein alvorleg økonomisk situasjon med eit netto driftsresultat på minus 135 millionar for 2024 og ei prognose på 42,2 mill. kroner i meirforbruk i 2025. Dette medfører at frie fondsmidlar vert oppbrukte og at kommunen ved utgangen av 2025 har eit oppsamla underskot på 12,7 mill. kroner. For at kommunen skal få ein berekraftig økonomi vil særleg 2025 og 2026 være to ekstraordinært krevjande år med naudsynt omstilling, samtidig som ordinær drift av kommunen vert å oppretthalde. Les heile instruksen for drift av Sunnfjord kommune i 2026 (PDF, 453 kB)ØkonomiteamDet vert vidareført eit økonomiteam som skal følgje den økonomiske utviklinga tett, med mål om å få ein økonomi i balanse i 2026. Politisk og administrativ leiing skal få vekentlege statusrapportar frå økonomiteamet. Formannskapet får månadleg rapportering på prognose og iverksette tiltak for å ta ned eventuelt meirforbruk frå alle einingane. Økonomiteamet rapporterer i kvart formannskapsmøte på framdrift, tiltak og effekt av tiltak.Økonomiteamet skal:Dagleg følgje opp økonomien i einingane saman med kommunalsjef med særleg fokus på einingar som varslar meirforbrukSikre at kommunen får inn budsjetterte inntekterUtarbeide og legge fram milepælsplanar for vedtekne innsparingar i 2026 og rapportere på gjennomføring og gevinstrealiseringUtarbeide og legge fram gjennomføringsplan med gevinstrealiseringsplan for innsparing i organisasjonen og andre vedtekne omstillings- og innsparingsprosjekt og rapportere på framdrift. Revidere budsjettet for 2026 etter avlagt rekneskap og sikre realistisk budsjett i balanse Sist endra 27.01.2026 12.13