Kommunen har teikna ansvarsforsikring hos Gjensidige. Forsikringa dekker kommunen sitt rettslege erstatningsansvar for formueskade som følge av ugyldig enkeltvedtak. Etter forsikringsavtalen er det Gjensidige som behandlar påståtte krav mot kommunen som vil kunne falle inn under forsikringa. På grunn av omsyn til kapasitet har Gjensidige overført behandling av krava til Advokatfirmaet Kogstad Lunde & CO.
Denne veka vil dei tre første tiltakshavarane få svar på erstatningskrava sine. Alle tre krava vil bli avslått.
Konklusjonen frå forsikringsselskapet at vedtaka er lovlege og derfor ikkje ugyldige. Det er særleg tre punkt som står sentralt i vurderinga:
- Kommunen har rettsleg grunnlag til å stille strengare krav enn minstekrava i forureiningsforskrifta
- Det er nøytrale fagkyndige som har vurdert og vald reinseløysingane det er søkt om
- Det ligg ikkje føre eit økonomisk tap i erstatningsrettsleg samanheng.
Kommunen har rettsleg grunnlag til å stille strengare krav enn minstekrava forureiningsforskrifta
Føremålet med reglane om avløpsanlegg i forureiningsforskrifta er å beskytte miljøet og folkehelsa mot forureining. Det er kommunen som har forureiningsmynde og skal behandle søknader og kan stille vilkår til utsleppsløyve.
Forureiningsforskrifta oppstiller minstekrav til utslepp av sanitært avløpsvatn. Dette betyr at kommunen ikkje kan stille mindre strenge krav til tiltakshavarar som ønsker å bygge privat avløpsanlegg.
Etter forureiningsforskrifta kan kommunen likevel stille strengare krav til utslepp en det som følger av minimumskrava. Her har kommunen eit vidt skjønn. Så lenge krava er grunngitt sakleg og ikkje er uforholdsmessige vil krava vere lovlege.
I rapport frå Asplan Viak blir det peika på at kommunen har stilt strengare krav til avløpsanlegg enn minstekrava i forureiningsforskrifta ved å krevje etterpolering der det er vald minireinseanlegg, årleg prøvetaking, krav til slamsikringskum og krav om innmåling.
Krava som kommunen har stilt er altså strengare enn minstekrava i forureiningsforskrifta, men ei vurdering opp for forureiningsregelverket viser at det er rettsleg grunnlag, dei er sakleg grunngjeve, ikkje uforholdsmessige og lovlege. Dette gjer at vedtaka er gyldige og det ligg ikkje føre erstatningsansvar.
Det er nøytrale fagkyndige som har vurdert reinseløysingane
I den eine av dei tre sakene som no er behandla, er det kravd erstatning fordi tiltakshavar meiner eit infiltrasjonsanlegg ville oppfylt minstekrava til forureining i forureiningsforskrifta, og det er påstand om at kommunen stilte krav om minireinseanlegg.
I ei sak om bygging av avløpsanlegg er det fleire partar involvert:
- Det er ein ansvarleg eigar/tiltakshavar som er ansvarleg for utsleppet og som skal drive anlegget.
- I prosessen med å søke og bygge anlegget skal ein tiltakshavar få bistand frå ein nøytral fagkyndig og ansvarleg prosjekterande (kan vere same person). Den nøytrale fagkyndige skal ha relevant kompetanse og skal bistå tiltakshavar med val av reinseanlegg og dokumentasjon av løysinga. Sjå rapporten til Asplan Viak punkt 3.6.
- Det er ein ansvarleg utførande som skal sikre at bygging av anlegget er kvalitetssikra og i samsvar med prosjekteringsgrunnlag.
I saka som no er behandla er det ved vurderinga av kravet lagt vekt på at tiltakshavar har vore bistått av ein nøytral fagkyndig som etter ei samla fagleg vurdering har anbefalt og søkt om godkjenning av minireinseanlegg.
Det er ikkje økonomisk tap
I dei to sakene som er behandla er det også konkludert med at det ikkje ligg føre eit økonomisk tap. Tiltakshavarane har investert i reinsesystem dei sjølv har blitt eigarar av. Dette blir ikkje rekna som eit økonomisk tap i erstatningsrettsleg samanheng. Dette gjeld óg framtidige utgifter til drift og vedlikehald.
Vegen vidare
Krav om erstatning vil bli behandla av forsikringsselskapet fortløpande og svar vil bli sendt direkte til dei som har fremma krav. Kommunen vil motta kopi av svara og dei vil bli gjort tilgjengeleg for innsyn på kommunen sin postjournal.
Avslag på erstatning er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Det betyr at klagereglane i forvaltningslova ikkje gjeld og at ein ikkje kan klage på avslaget til kommunen. Dei som meiner at avslaget på erstatning er feil må vurdere å ta saka vidare til domstolane.
Avslag på erstatning kan bli klaga på til Finansklagenemnda. Finansklagenemnda vil i så fall vurdere om saka er eit tilfelle som fell inn under kommunen sin forsikring.