Høyring – utgreiing om det regionale flyrutetilbodet

I møte 23. oktober gav formannskapet uttale til Høyring – utgreiing om det regionale flyrutetilbodet. 

Kort om saka

  • På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Oslo Economics gjennomført ei utgreiing av korleis det regionale flytilbodet kan optimaliserast innanfor gjeldande budsjettramme. Departementet ønsker å hente inn synspunkt på utgreiinga, og sender ho med dette på open høyring. Innspela vil, saman med denne utgreiinga og andre transportfaglege utgreiingar, utgjere ein viktig del av grunnlaget for avgjerder når departementet skal førebu framtidige konkurransar om FOT-rutedrift.

    Sunnfjord kommune er sterkt bekymra for forslaget i rapporten «OE-rapport 2025-62 – Utredning av statens kjøp av regionale flyruter i Sør-Norge», som vurderer å fjerne FOTtilskotet til flyruta mellom Førde og Oslo. Dette vil ha alvorlege konsekvensar for samfunnsfunksjonar, næringsliv og innbyggarar i regionen. 

    Samferdsledepartementet ber om innspel til rapporten innan fristen 19. desember 2025. Førde lufthamn Bringeland dekker eit område med over 35 000 innbyggarar i kommunane Sunnfjord, Fjaler, Askvoll, Høyanger og Hyllestad. Flyruta Førde–Oslo har om lag 80 000 passasjerar årleg og er ei livsnerve for regionen.

    Sjå viktige dokument i saka

 

Vedtak i formannskapet 23. oktober

    1. Sunnfjord kommune går sterkt imot at flyruta Førde–Oslo vert fjerna frå ordninga med FOT-rute. Ordninga med nattstasjonert fly må leggast inn som kriterium for innkjøp, og Førde lufthamn Bringeland må sjåast på som eit regionalt transportknutepunkt i det nasjonale flyrutetilbodet.
       
    2. Kommunen ber om at dagens tilbod med fem daglege avgangar på kvardagar blir oppretthalde og vurdert auka i tråd med behovet i regionen. FOT-ruta mellom Førde og Oslo bør vidareførast i komande kontraktsperiode, med bakgrunn i samfunnsnytte, næringsutvikling, rekruttering og helseberedskap. Alternative lufthamner gir ikkje eit reelt likeverdig tilbod for innbyggarar og verksemder i Sunnfjordregionen, verken på reisetid, kollektivtilknyting eller moglegheit for dagstur t/r. 

      Ved utlysing bør staten særleg vekte: 
      a. nattstasjonering på Bringeland, 
      b. minimumsfrekvens som gjer dagstur t/r Oslo mogleg, 
      c. regularitet/punktlegheit, 
      d. føreseielege billettprisar (makspris)
       
    3. Sunnfjord kommune ber om at ruta Førde–Bergen blir ein del av ordninga med FOT-rutenettet. Dette vil styrke den regionale samanhengen på Vestlandet og betre transportløysingane mellom sentrale funksjonar i fylket. 
       
    4. Kommunen meiner det ikkje er føremålstenleg å innføre bebuarrabatt/bebuarbevis på Førde–Oslo-ruta, då ein stor del av passasjerane reiser i nærings- og tenestesamanheng og ei slik ordning vil føre til auka maksprisar for andre reisande. 
       
    5. Kommunen understrekar at tilgang til stabile transportløysingar er ein føresetnad for likeverdige moglegheiter, verdiskaping og busetjing i heile landet. Staten må difor sikre eit desentralisert og føreseieleg flytilbod som gjev folk og næringsliv i distrikta dei same moglegheitene for samfunnsdeltaking som i sentrale område. 

Sjå behandlinga i formannskapet

Sending i KommuneTV 23. oktober 

Kontakt

Profilbilde av Trond Ueland
Trond Ueland
Konstituert kommunalsjef for teknisk og miljø
Telefon 57 61 27 05
Mobil 91 33 74 10