Høyring – Skulekrinsgrenser i Sunnfjord kommuneSunnfjord kommune har lagt fram framlegg til justerte skulekrinsgrenser, og dette vert no lagt ut på høyring. Vi ønskjer innspel frå innbyggarar og andre interesserte.Bakgrunn for høyringaSunnfjord kommune har gjennomgått og revidert gjeldande skulekrinsgrenser som del av arbeidet med tiltaka knytt til Kvalitet og Kapasitet i Sunnfjordskulen.Sjå viktige dokument i sakaForskrift skulekrinsgrenser i Sunnfjord kommune (PDF, 381 kB)Sei di meining innan 4. juniKommunen inviterer skular, lag og organisasjonar, innbyggarar, føresette, elevar, tilsette og andre aktørar til å seie si meining om framlegget. Fristen for å sende inn innspel er 4. juni.Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.Slik sender du innspelDu kan sende innspel i elektronisk i skjema:Send innspel til 26/2622Du kan også sende innspel på eDialog eller per post , då må du merke saka med saksnummer: 26/2622eDialogSunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde Publisert 27.04.2026 11.55