Høyring – Felles prinsipp for drift og utvikling av kommunale fotballbaner

Felles prinsipp for drift og utvikling av kommunale fotballbaner er lagt ut på høyring. Vi ønsker innspel frå deg. Du kan gje innspel fram til 22. mai.

Sunnfjord kommune har i samarbeid med Sunnfjord idrettsråd utarbeidd framlegg til Felles prinsipp for drift og utvikling av kommunale fotballbaner.

Dette er ein del av arbeidet med oversikt og lik handsaming av like anlegg i kommunen.

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 22. mai

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om prinsippa. Fristen for å sende inn innspel er 22. mai

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 26/3160 

Du kan også sende innspel på eDialog eller per post , då må du merke saka med saksnummer: 26/3160 

  • eDialog
  • Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde 

Kontakt

Profilbilde av Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Einingsleiar
Telefon 57 72 61 14
Mobil 90 65 10 70