Høyring av Forskrift om opning for bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt på hjort i Sunnfjord kommune

Sunnfjord kommune har valt å lage og legge ut på høyring eit framlegg til lokal forskrift, med siktemål at restlysforsterkande og termiske siktemiddel framleis skal vere lovleg (til hjortejakt) ved jaktstart i 2026. Sjå høyringsframlegget her. (PDF, 200 kB)

Høyringsfrist er 31.juli 2026

Kort om endringane

Landbruks- og matdepartementet fastsette 26.juni 2026 endringar i jaktutøvingsforskrifta, sjå https://lovdata.no/LTI/forskrift/2026-06-26-1380. Dette vart gjort på bakgrunn av behov for tilpassingar i forskriftsverket i samband med at den nye Viltressurslova skulle tre i kraft 1.juli 2026. 

I den nye viltressurslova er det lagt inn forbod mot bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt (§ 26). Restlysforsterkande og termiske siktemiddel har før dette vore lovleg å nytte på jakt. I Sunnfjord har bruk av termiske siktemiddel vorte utbreidd, mellom hjortejegerane, dei seinare åra (ettersom teknologien gradvis er vorte lettare tilgjengeleg og billegare).

Ei av endringane i jaktutøvingsforskrifta er at kommunane har fått heimel til å fastsetje forskrift som vidareføre restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt etter hjort i ope terreng (§ 29a., 4. ledd). Sunnfjord kommune har i vår høyringsuttale til endringane i jaktutøvingsforskrifta, sjå vedlegg, drøfta behovet for restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt etter hjort. Konklusjonen i høyringsuttalen var som følgjer: «Kommunedirektøren tilrår primært at § 29a fjerde ledd vert endra slik at bruk av slike siktemiddel vert tillate ved jakt på hjort på dyrka jord, definert som fulldyrka eller overflatedyrka areal i AR5/gardskart». Administrativt fagnettverk for viltforvaltarar i Sunnfjord, Nordfjord og deler av Sunnmøre har også vurdert behovet for restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt etter hjort i høyringsuttale til jakutøvingsforskrifta, sjå vedlegg. I denne uttalen finn de meir uttømande fagleg vurderingar av behovet.

Det er ikkje fastsett nokon overgangsordningar, av departementet, for innføring av endringane som gjeld bruk av restlysforsterkande og termiske siktemiddel ved jakt etter hjort. Sunnfjord kommune har difor valt å lage og legge ut til høyring eit framlegg til lokal forskrift, med siktemål at restlysforsterkande og termiske siktemiddel framleis skal vere lovleg (til hjortejakt) ved jaktstart i 2026. Høyringsframlegget finn de som vedlegg.

For å vurdere samordning av lokale forskrifter (om restlysforsterkande og termiske siktemiddel) på tvers av kommunegrenser har framlegget vore drøfta i administrativt fagnettverk for viltforvaltarar, den 2.juli 2026. Viltforvaltarane der var einige om at det vil vere tenleg med mest mogeleg like forskriftstekstar mellom kommunane. Dette for at det ikkje skal verte uoversiktleg for jegerar (og jaktrettshavarar) å halde seg orientert om kva regelverk som gjeld. Utifrå dette meiner viltforvaltarane at det vil vere tenleg å nytte seg av tekstlege formuleringar som samsvar med dei departementet har nytta i jaktutøvingsforskrifta. Forskriftsteksten, i høyringsframlegget, er utarbeidd med dette som utgangspunkt. 

 

Sjå viktige dokument 

Høyringsuttale til forslag til forskrifter på viltområdet

Høyringsframlegg til forslag til forskrift på viltområde (PDF, 200 kB)

Høyringssvar frå administrativt fagnettverk for vilt i Sunnfjord, Nordfjord og Søre Sunnmøre (PDF, 137 kB)

Sei di meining innan 31.juli 2026

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 31.juli 2026  (Dette er dessverre ein noko kortare frist enn vi vanlegvis vil nytte ved høyring av kommunale forskrifter, men for å rekke gjere vedtak før årets hjortejakt tek til 1. september har vi funn det naudsynt).   

Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.

 

Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:

Send innspel til 24/9661

Du kan også sende innspel på eDialog eller per post , då må du merke saka med saksnummer: 24/9661

  • eDialog
  • Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde 

 

Har du spørsmål?

Du kan ringe eller sende e-post til Joar Helgheim om det er noko du lurer på.