Gledens dag for Astruptunet visningssenter – no er visningssenteret sikra framdrift!Siste brikke har falle på plass for finansieringa av det nye visningssenteret til Astruptunet. Det er ein gledas dag, seier ordførar Jenny Følling. Musea i Sogn og Fjordane Sunnfjord kommune kan med stor glede melde at realiseringa av det nye visningssenteret ved Astruptunet no er forankra både lokalt, regionalt og nasjonalt. Med regjeringa si løyving på 31,8 millionar kroner, dei store gåvene frå sparebankstiftingane, kommunal medfinansiering og ei viktig avklaring frå Vestland fylkeskommune er grunnlaget for framdrift svært godt.I 2028 er det 100 år sidan Nikolai Astrup døydde. Det vil ha ei sterk symbolsk kraft med eit nytt visningssenter på plass ved Astruptunet hundre år etter.Sunnfjord kommune er i dag eigar av tomt og bygningar i tunet. Musea i Sogn og Fjordane er driftar av Astruptunet, regulert gjennom ein driftsavtale med kommunen. Driftsavtalen blir utvida ved realisering av visningssenter. Sunnfjord kommune ved Bygg- og eigedomsforvaltning vil vere byggherre.Regjeringa: 31,8 millionar kroner til AstruptunetKulturminister Lubna Jaffery kunngjorde i Astruptunet at regjeringa løyver 31,8 millionar kroner til visningssenteret. Dette er eit stort løft for å synleggjere og vidareutvikle kulturarven etter Nikolai Astrup.Gåvedryss: 40 millionar frå sparebankstiftinganeTidlegare i år mottokk Sunnfjord kommune gåver på 20 millionar kroner kvar, totalt 40 millionar kroner, frå Sparebankstiftinga DNB og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.Dette er ei sterk anerkjenning av prosjektet og eit heilt avgjerande bidrag til finansieringa.Fylkeskommunen sitt vedtak – sikrar planlagd framdriftVestland fylkesting gjorde i PS 111/2025 eit avgjerande vedtak for Astruptunet Visningssenter. I vedtaket står det:«Fylkestinget viser til søknader om medfinansiering av Astruptunet og Fyllingsdalen teater. Fylkestinget vil imøtekome desse søknadane i økonomiplanperioden gjennom å auke opp ordninga «Regionale kulturbygg» med 15 millionar årleg i 2027, 2028 og 2029 slik at desse prosjekta vert sikra planlagt framdrift. Kulturutvalet forvaltar dei årlege løyvingane i ordninga.»Denne forpliktinga frå fylkeskommunen er heilt sentral. Sunnfjord kommunestyre har i revidert budsjett stadfesta si løyving. Eit breitt samarbeidSunnfjord kommune vil takke alle bidragsytarar og samarbeidspartnarar som har stått på for dette prosjektet over lang tid.Visningssenter ved Astruptunet - Sunnfjord kommune Sist endra 11.12.2025 14.02