Gåvedryss til visninggssenter ved Astruptunet

Sunnfjord kommune vil rette stor takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftelsen DNB for generøse gåver på 20 millionar kroner kvar, totalt 40 millionar til det planlagde visningssenteret ved Astruptunet. 

Dette er ei stor anerkjenning av eit breitt forankra og solid prosjekt, som har som mål å løfte fram den unike kulturarven etter Nikolai Astrup. 

Kommunen arbeider vidare for å sikre fullfinansiering. Søknad er sendt til Vestland fylkeskommune og Kultur- og likestillingsdepartementet. Vi opplever god dialog og godt samarbeid. 

Arbeidet i kommunen skjer i tett samarbeid med Musea i Sogn og Fjordane , og vi ser fram til å utvikle Astruptunet vidare som eit kraftsenter for kunst og kultur - lokalt, regionalt og nasjonalt.

 

Bilder frå overrekking av gåve frå Sparebanstiftinga til Astruptunet