Frivilligpolitisk plattform

Frivilligpolitisk plattform for Sunnfjord kommune er eit overordna styringsdokument vedteke av kommunestyret 30. april 2026.

Plattforma set retning for samarbeidet mellom Sunnfjord kommune og frivillig sektor, og skal leggje til rette for eit godt, langsiktig og føreseieleg samspel til beste for innbyggjarane og lokalsamfunna i kommunen.

Samarbeidet mellom Sunnfjord kommune og frivillig sektor skal byggje på følgjande prinsipp:

  • Frivillige skal møtast med respekt
  • Lokal forankring og støtte til initiativ frå nærområda
  • Klare roller og tydeleg forventningsavklaring
     

Visjon

Sunnfjord kommune skal vere ein aktiv medspelar for frivillig sektor og bidra til eit levande lokalsamfunn.

 

Sjå plattform med tiltak (PDF, 3 MB)
 

Fleire personar som pratar og drikk kaffe - Klikk for stort bilete

Kontakt

Catrine Vagstad
Rådgjevar folkehelse og plan
Telefon 57 61 26 66

Saman skapar vi gode kvardagsliv