Fritidskort for barn i Sunnfjord kommune

Barn og fotball - Klikk for stort bilete

Sunnfjord kommune har ei fritidskort-ordning som gir støtte til fritidsaktivitetar for barn og unge i husstandar med samla brutto årsinntekt under 560 000 kroner.

Kva er fritidskort? 

Fritidskortet er eit tilbod til born og unge i låginntektsfamiliar med bustadadresse i Sunnfjord kommune. Kvart barn kan få ein gratis fritidsaktivitet kvart år.  

Fritidskortet bidrar til å dekke utgifter til medlemskap og aktivitetsavgift i kor, korps, idrett, 4H eller liknande. Aktiviteten må skje minst 10 gongar i løp av ein sesong.

Translate the text into other languages

Use translate at the top of the page and select the language you want to translate into.

Kven kan få fritidskort?

Fritidskortet er for born og unge i husstandar som har ei samla brutto årsinntekt på under 560 000 kroner. Føresette må gje skriftleg stadfesting på at familien er i målgruppa for ordninga.  Dette kan du gjere når du melder barnet på aktiviteten.

  • Eit fritidskort tilhøyrer kvart enkelt barn. Det kan ikkje bli overført til søsken eller andre barn.
  • Fritidskortet gjeld for barn og unge frå og med 6 til og med 18 år.

Korleis får eg fritidskort til mine barn?

Fritidskortet er digitalt og du kan hente det på aktivitetskalenderen til Sunnfjord kommune. Føresette lagar ein profil i eige namn og følgjer rettleiinga for å hente fritidskort for kvart barn.

Her finn du fritidskortet

Er det arrangørar du saknar i kalenderen, så tips dei gjerne direkte og oppmod dei om å registrere seg. Det fint med fleire tilbydarar av Fritidskortet.

Nyttige lenker

Har du spørsmål eller treng hjelp? 

Finner du ikkje aktiviteten du ønsker i aktivitetskalenderen til kommunen eller har andre spørsmål, så ta kontakt: 

Treng du låne utstyr?

BUA Sunnfjord har korttids utlån av utstyr til sport og fritid gratis.

Les meir om BUA


Er du arrangør av aktivitetar? 

Dette er kriterie til arrangørar:

  • Du må registrere deg som arrangør i aktivitetskalendaren til kommunen om du ikkje alt har ei side der. Her kan du registrere deg som ny arrangør
  • Du må legge til fritidskortet på arrangørsida di i aktivitetskalendaren.
  • Aktiviteten må føregå minimum 10 gonger i løp av sesongen, og strekke seg over fleire månader.
  • Aktiviteten må vere for barn og unge mellom 6-18 år. 
  • Barna må få prøve aktiviteten før dei binder seg.
  • Trenarar / aktivitetsleiarar skal ha gyldig politiattest. Dette gjeld for alle som jobbar direkte med barn og unge.
  • For kvart barn mottar arrangør 800 kroner frå kommunen kvart år, for å dekke alle utgifter knytt til aktiviteten. Kostnader utover dette må arrangør dekke. Gjeld ikkje personleg utstyr.