Fritids- og meistringsgruppe ASD (Autisme-spekter/ Asperger)

Eit tilbod for deg som bur i Sunnfjord kommune som ønsker å bli meir sosial. Og som gjerne vil bli kjend med andre. 

Samlingar i 2024

Måndagar klokka 18:00–20:00

  • 13. og 27. mai
  • 10. juni – siste samling før sommaren
  • 19. august
  • 16. og 30. september
  • 14. og 28. oktober
  • 11. og 25. november
  • 9. desember – siste samling før jul
To personar som pratar Foto: Pexels - Klikk for stort bilete

Målet er at gruppa skal bli ein sosial møteplass for meistring og støtte

Du synest gjerne det er utfordrande å snakke med andre. Kanskje kan det vere vanskeleg å innleie ei samtale eller å avslutte den. Mange har det slik. De vil kanskje kjenne dette att som ASD (Autismespekter/Asperger).

Fast møteplass

Vi tilbyr deg over 16 år ein fast møteplass, der du kan møte andre menneske i same situasjon og kanskje bli meir kjent med nokre av dei?

Møteplassen er på Prestebøen 8 i tredje etasje. Bygget ligg ved sidan
av Førdehuset og nokre kjenner huset som «gamle husmorskulen».

Miløpersonale

Miljøpersonale vil vere tilstade og hjelpe til i gruppa. Dei arbeider til
dagleg i helse- og omsorgseiningane våre i kommunen.

Kva likar du å gjere saman med andre?

På møteplassen vil det vere enkel mat og aktivitetar. Du er velkommen til å vere med å påverke og utforme innhaldet i gruppa.

Har du spørsmål?