Framtidas barnehagestruktur skal opp til politisk behandling

Denne veka kjem ei omfattande sak på bordet til politikarane om framtidig struktur, kapasitet og investeringar i barnehagesektoren. Den skal først til behandling i utvalet for oppvekst og kultur 10. juni, og i formannskapet 11. juni. 

Saka er ei oppfølging av kommunestyret sitt vedtak frå mars 2025, og inneheld både faglege vurderingar, kostnadsoverslag og forslag til nye løysingar for barnehagetilbodet i kommunen.

Kommunestyret skal gjere endeleg vedtak i møte 18. juni. 

Sjå saksutgreiing og vedlegg i saka.

I saksframlegget frå kommunedirektøren blir det foreslått to hovudgrep:

gutt med leikeapparat M365 - Klikk for stort bilete

Flatene skule blir foreslått bygd om til storbarnehage

Kommunedirektøren tilrår at Flatene skule blir bygd om til ein barnehage med inntil 12 avdelingar. Barnehagen kan tidlegast stå klar til bruk frå 1. august 2028, avhengig av finansiering i økonomiplanen.

Den nye barnehagen skal erstatte:

  • Halbrend barnehage
  • Slåttebakkane barnehage
  • Ytre Hafstad barnehage

Planlegginga skal starte hausten 2026, og byggestart er tidlegast sett til hausten 2027. Kostnadsramma for ombygging er berekna til mellom 63,5 og 71,4 millionar kroner, i tillegg til trafikktiltak.

Barn og voksen ute - Klikk for stort bilete

Ny barnehage på Slåtten

Det blir òg foreslått å etablere ein ny barnehage med seks avdelingar på Slåtten, med mogleg oppstart frå august 2030. Denne skal erstatte:

  • Hatlehaugen barnehage
  • Vieåsen barnehage

Kostnaden for nybygg er estimert til 98 millionar kroner.

Sal av eigedomar knytt til barnehagane som blir avvikla skal bidra til å finansiere investeringane.

Bakgrunn og vurderingar

Utgreiinga som ligg til grunn for saka omfattar både tilstandsrapportar, trafikkvurderingar, kostnadskalkylar og pedagogiske vurderingar. Kommunedirektøren peikar på at valet står mellom å oppgradere gamle bygg eller satse på nye, større og meir framtidsretta barnehagar.

Begge alternativa blir vurderte som gjennomførbare, men med ulike konsekvensar for økonomi, kvalitet og langsiktig berekraft.

Vidare behandling

Saka skal først bli behandla i utvalet for oppvekst og kultur 10. juni, før formannskapet vedtek innstilling i møte 11. juni. Endeleg vedtak blir gjort av kommunestyret 18 juni.