Førdefestivalen 2024

I morgon skjer det igjen, VERDA KJEM TIL FØRDE og den 34. Førdefestivalen fyller byen vår med musikk frå nær og fjern. 

Festivalen har ein stor plass i hjarta våre, og set Førde og Sunnfjord på kartet med sine store og små konsertar på rundt 30 arenaer inne og ute. Vi ønskjer alle involverte lukke til, og håpar du som publikum finn vegen til mange av  dei rundt 90 programpunkta som skjer i løpet av dei fem dagane festivalen varer! 

Sjå programmet for Førdefestivalen