Folkemøte i samband med Kvalitet og kapasitet i skule og barnehage

Sunnfjord kommune arrangerer fire folkemøte i januar som del av høyringa om tiltak i sak om kvalitet og kapasitet i barnehagar og skular. Møta er opne for alle interesserte. Det blir først ei orientering frå administrasjonen før det blir opna for innspel og spørsmål frå publikum.

Datoar og tidspunkt for folkemøta (oppdatert 19.12):

  • Onsdag 8. januar klokka 18.00–20.00 – Førde: Førdehuset, festsalen
  • Torsdag 9. januar klokka 18.00–20.00 – Skei: Thon Partner Hotel Jølster
  • Måndag 13. januar klokka 18.00–20.00 – Naustdal skule
  • Tysdag 14. januar klokka 17.30–19.30 – Viksdalen skule

 

Vi oppmodar alle som ønsker å dele sine synspunkt, eller som ønsker meir innsikt om arbeidet til å delta. Dette er ei viktig moglegheit til å påverke framtida til barnehagar og skular i kommunen. 

Her kan du lese meir om Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordbarnehagen 

Her kan du lese meir om Kvalitet og kapasitet i Sunnfjordskulen

Vel møtt.