European Heritage Excellence Day 2026 i Nikosia på KyprosSunnfjord kommune mottek i dag Europa Nostra-prisen for restaureringa av Astruptunet under European Heritage Excellence Day 2026 i Nikosia på Kypros. Prisen er Europas fremste utmerkingane innan kulturarv og vert delt ut av Europa Nostra.Astruptunet i Jølster vart løfta fram som eit framifrå europeisk prosjekt innan kulturvern og vidareføring av kulturarv. Under det offisielle programmet presenterte ordførar Jenny Følling og kommunalsjef for kultur og idrett, Anita Nordheim, prosjektet og heldt takketale på vegner av Sunnfjord kommune.I takketalen vart det understreka kor viktig Astruptunet er som kulturminne og kunstnarheim – både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Restaureringa av tunet og gardshagen etter kunstnaren Nikolai Astrup er resultatet av eit langsiktig samarbeid mellom Sunnfjord kommune, Musea i Sogn og Fjordane, fagmiljø, Sparebankstiftinga DNB og frivillige.– Dette er ei stor anerkjenning av arbeidet som er lagt ned over mange år. Astruptunet er ein heilt unik del av vår felles kulturarv, og prisen inspirerer oss til å halde fram arbeidet med å ta vare på og formidle denne historia vidare.Arrangementet samla prisvinnarar frå heile Europa, og Astruptunet vart presentert i kategorien «Conservation and Adaptive Reuse» saman med fleire tonegjevande europeiske kulturarvprosjekt.Program – 2026 Excellence Day (PDF, 3 MB) Sist endra 27.05.2026 09.23