Digital heimeoppfølging

Velferdsteknologi er på full fart inn i liva våre, på veldig mange ulike måtar og områder. Digital heimeoppfølging er ein type velferdsteknologi som det vert satsa på frå nasjonalt hald. No er Sunnfjord kommune i ferd med å bygge opp og rigge organisasjonen for å drive digital heimeoppfølging blant sine innbyggarar. 

Korleis dette er tenkt brukt

Vi har starta i frisklivssenteret der frisklivskoordinator Camilla Søvig no følg deltakarar av frisklivstilbod digitalt. Istadenfor fysisk oppmøte, vert ein følgt opp gjennom dialog, videokonferanse og påminningar/aktivitetar.

Frisklivsenteret har ulike tilbod, og hjelp menneske med konkrete utfordringar og å gjere livsstilsendringar. Dette er eit arbeid som tek tid, og friskliv har gjennom sine mange aktivitetar noko som passar dei fleste. Når deltakarar no kan få oppfølging digitalt, er det fleire som får tettare oppfølging då dei ikkje lenger treng å reise for å møte opp fysisk hos frisklivskoordinator eller nå henne på telefon i arbeidstida.

 

Korleis påverkar dette tenesta?

Dei som har behov for hjelp i heimen skal framleis få det. Og det er det som er det gode med dette, vi skal bruke ressursane våre annleis. Vi forventar mangel på helsepersonell i åra som kjem, vi merkar det allereie, og no må vi rigge oss for å vere klar for og stå i det.

For menneske i kommunen som til dømes slit med kroniske sjukdommar og ofte må reise til sjukehus, fastlege, fysioterapeut eller liknande for å få helsehjelp og oppfølging vil dette kunne vere eit godt alternativ. Den digitale løysinga vi no har tatt i bruk, er ei godkjend plattform som gir mange mogelegheiter samtidig som den tek omsyn til personvernet. I tillegg til å utføre «oppgåver» som innbyggaren og legen eller anna helsepersonell har blitt einige om, kan den enkelte sjølv ta målingar som blodtrykk, puls, temperatur, blodsukker, vekt, oksygenmeting, og til og med spirometri er muleg å ta heime istadenfor å utføre kontrollar på legekontor eller på sjukehus. Slik kan den enkelte også bli betre kjend med sin eigen sjukdom og normalverdiar, og kunne iverksette rette tiltak ut ifrå sin eigenbehandlingsplan som helsepersonell og innbyggjaren har kome fram til ilag. Ein kan også sende meldingar og ha videosamtalar via denne digitale løysinga.

Det er slett ikkje alle dette passar for, men det gir oss eit handlingsrom der ein kan velje denne løysinga dersom det passar for den det gjeld. Mogelegheitene er mange.

Vil du vite meir om digital heimeoppfølging

Kva skal ein gjere dersom ein tenkjer at dette er noko for meg, eller nokon eg kjenner ?

Dette er ikkje eit etablert tilbod alle stader i kommunen per i dag, men vi er i oppstartsfasen, og vil gjerne ha innspel frå innbyggjarar som ser dette som ein god løysing for seg. Dersom ein har kroniske helseplager som gjer at ein har jamleg kontakt med helsevesenet og tenkjer at ei slik oppfølging hadde kunne gjort at ein betre ville meistra eigen sjukdom, eller ville kunne forebygge forverringar, kan dette vere aktuelt for deg. Då vil vi gjerne høyre frå deg, og vi ynskjer du vil ta kontakt med ein av oss som arbeider med dette i kommunen. 

Om ein kjenner andre ein tenkjer det ville vere verdifullt for, er det bra om ein deler dette med den det gjeld. I nokre tilfelle er det pårørande som hjelp til med å utføre målingar og legge inn eventuelle svar på spørsmål eller oppgåver. 

For å laste ned appen vi nyttar oss av i digital heimeoppfølging må ein ha tilgang på ein smarttelefon eller eit nettbrett.

 

Om du vil vite meir om digital heimeoppfølging i Sunnfjord komme, ta kontakt med ein av oss:

Jofrid Aa. Djupvik, Prosjektkoordinator

Telefon: 57 72 61 74

E-post: jofrid.aardalsbakke.djupvik@sunnfjord.kommune.no

Camilla Søvig, Frisklivskoordinator

Telefon:  47 68 80 25

 E-post: camilla.sovig@sunnfjord.kommune.no

Beate Kalland, Fagansvarleg IKT, SysIKT

Telefon:  57 61 25 99

E-post: beate.kalland@sysikt.no

Johanne Kråkenes Langeland, Sakshandsamar

 Telefon: 46 83 55 38

 E-post: johanne.krakenes.langeland@sunnfjord.kommune.no

Dei fire som jobbar med digital heimeoppfølging - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune