Frisklivssenter

Frisklivssenteret er ei kommunal helseteneste som skal forebygge sjukdom og fremme god helse. Vi er eit kompetansesenter for deg som ønsker rettleiing og oppfølging til å endre levevanar og til å meistre eiga helse.

Målgruppa (18-69år) er du som står i fare for å utvikle livsstilssjukdom, eller som alt har utvikla sjukdom, og treng oppfølging av helsepersonell til å endre levevanar og meistre sjukdom.

Fokusområda våre er fysisk aktivitet, sosiale møtepunkt, døgnrytme og søvn.

Målet med tilbodet er betre helse gjennom gode levevaner

Endring av vaner er utfordrande og krev systematisk innsats over tid. Frisklivssenteret vil vere ei starthjelp, og bidra med kunnskap og støtte for at du skal lukkast.
Oppfølgingstilbodet er samansett av individuell samtale, rettleiing og kurstilbod, gruppetrening og aktivitetstilbod. 
Deltakar og rettleiar vil i samarbeid lage ein plan for perioden.  

Kva kostar tilbodet

Du vil få ein frisklivsresept som varer i opptil 12 mnd. gratis. Deretter vil det koste deg 100,- mnd. for å kunne delta på aktivitetane våre vidare.

Korleis få tilbodet

Du kan få tilvising til Frisklivssenteret gjennom lege, NAV eller anna helsepersonell. Du kan også ta kontakt på eige initiativ og tinge time – ring eller send e-post til Frisklivskoordinator Camilla Søvig

E-post: camilla.sovig@sunnfjord.kommune.no 

Telefon: 47 68 80 25

 

Vekeplan Friskliv Sunnfjord 

Kontakt

Profilbilde av Camilla Søvig
Camilla Søvig
Frisklivskoordinator
E-post
Mobil 47 68 80 25
Profilbilde av Ellen Karin Hugøy
Ellen Karin Hugøy
E-post
Telefon 97 05 31 65

Førebyggande heimebesøk