Kort om planen
Planområdet ligg på Moskog ca. 1 mil aust for Førde sentrum, nord for fylkesveg 613. Planen legg til rette for å etablere ei vegetasjonssone med voll sør for eksisterande veg. Vegetasjonssona skal fungere som ei visuell skjerming mellom byggeområde og eksisterande bustader. Planen flyttar regulert veg og anna vegareal i gjeldande områdereguleringsplan ca. 15 m mot nord slik at arealformålet fell saman med den bygde vegen til Moskog trafostasjon og Jølstra kraftverk. Føresegna til reguleringsplanen fastset ramme for m.a. utforming og utbygging av vollen. Det vert vist til planframlegget for fleire opplysninga.
Eigedomar i planområdet: Gnr. bnr. Gnr. bnr. 48/7, 351/1, 351/2, 351/9-12, 351/16, 351/27, 351/28, 351/30.
Planframlegget vil erstatte delar av områdereguleringsplan Moskog industriområde, planid 4657- 14312008001 og 4657-143220220004.
Sjå viktige dokument i saka
Sei di meining innan 25. mai
Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 25. mai.
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Brukar du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.
Slik sender du innspel
Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:
Send innspel til 24/15219
Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer: 24/15219
Har du spørsmål?
Du kan ringe eller sende e-post Berit Holme om det er noko du lurer på:
Lovverk
Sjå innkomne innspel og dokument i saka
Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.
Søk og postliste - Sunnfjord kommune