Kort om planarbeidet
Kartutsnitt med plangrense er henta frå Norconsult si varsling.Norconsult AS gjennomfører planarbeidet for Vestland fylkeskommune.
Planområde:
Planavgrensinga ved oppstart av planarbeidet er på om lag 234,1 daa, og omfattar eigendomane g/bnr. 0/1, 210/13, 211/22, 211/20, 0/0, 210/1, 211/23, 211/10, 202/26, 211/32, 211/19, 202/26, 210/2, 211/2, 211/57, 202/3, 210/5, 211/2. 211/1, 202/22, 210/5, 211/2, 211/28, 202/18, 211/27, 211/2, 211/53, 202/19, 211/3, 211/1, 211/49, 202/3, 211/4, 211/23, 210/2, 211/11, 211/1, 211/5, 212/2, 212/29.
Bakgrunn og formål:
Detaljreguleringsplanen sikrar ei betre linjeføring og trafikktryggleik for køyrande og gåande på eksisterande fylkesveg. Tiltaka heng saman med framtidig utbygging av E39 Storehaugen – Førde (Hafstadfjelltunnelen), der ein ønsker å justere og forbetre vegen i gjeldande plan gjennom å nyttiggjere seg av masseoverskotet frå tunnelprosjektet.
Planområdet er vurdert til å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar, men at det ikkje er krav om planprogram. Fokus vert retta mot tema kultur og vassmiljø.
Sjå viktige dokument i saka
Sei di meining innan 24. januar
Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 24. januar.
Slik sender du innspel eller spørsmål
Send innspel eller spørsmål til Norconsult AS v/Sindre Eikenes
Lovverk