Detaljregulering Førde nye omsorgssenter – varsel om oppstart

Det vert varsla om oppstart av arbeid med detaljregulering Nye Førde omsorgssenter.

Kort om planarbeidet

Planområdet er på om lag 39 daa, og føremålet er å legge til rette for nytt omsorgssenter. Statistikk og demografiske prognosar viser at ein aukande del av befolkninga vil trenge slike tenester framover. Ein ny institusjon vil kunne tilby naudsynte og spesialiserte omsorgstenester.

Det er framlagt to alternativ, å bruke tomta til Førde barneskule til nytt omsorgssenter, og utbygging på eksisterande sjukeheim i Førde. Begge alternativa vil vere aktuelle, og for å sikre areal til å vidareutvikle tenestetilbodet vil Sunnfjord kommune varsle begge områda. Prosessen vil avklare endeleg kva for eit område reguleringsplanen skal omfatte.

Sunnfjord kommune varslar oppstart av planarbeidet, medan sjølve utarbeidinga av planen skal gjerast av ein ekstern plankonsulent. Denne plankonsulenten er ikkje valt på dette tidspunktet.

Planarbeidet er vurdert til å ikkje verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar. Planarbeidet utløyser derfor ikkje krav om konsekvensutgreiing eller planprogram.

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 13. mars

Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 13. mars 2026.

Slik sender du innspel eller spørsmål

Merknadar må merkast med saksnr. 25/8813 og sendast til:

  • Sunnfjord kommune
  • Postboks 338
  • 6802 Førde

Eller via eDialog

Lovverk