Detaljregulering Bruland aust – varsel om utvida planområde

Norconsult AS varslar utviding av planområdet til detaljreguleringsplan for Bruland aust i Førde, Sunnfjord kommune. Plangrensa er utvida i sør og mot vest ved E39. Oppstart av planarbeidet vart varsla 09.06.2023. Området ligg ca. 3,5 km aust for Førde sentrum langs E39, og utviding av tidlegare planområdet gjeld gnr./bnr. 60/66 og delar av gnr./bnr. 60/7, 15, 35, 227, 235 og 246.

Kart – Utsnitt som viser plangrense for detaljreguleringsplan Bruland aust - Klikk for stort bileteDetaljreguleringsplan Bruland aust Norconsult AS

Om planen

Planen skal legge til rette for deponering av steinmassar frå bygging av E39 Storehaugen – Førde, og seinare utbygging av næringsområde med plass til Firda Billag sin arealkrevjande verksemd, og eventuelt andre liknande verksemder. Det skal regulerast inn direkte tilkomst til E39 sør i planområdet. Vegsystemet på Firda Billag sitt område skal vise mogleg løysing for veg vidare i nordvest mot Førde Sementvare og andre, slik at dei kan knyte seg til vegen når det er aktuelt og relevant for dei.

Utviding av planområdet:

Planarbeidet har vist at det er behov for å inkludere areal til ein gang under E39 for mjuke trafikkantar. Målet med utvidinga er m.a. å gje trafikksikker kryssing av E39 i området. Planområdet vert derfor utvida i sørvest.

Planen vil erstatte heilt eller delar av følgjande planar:

  • Reguleringsplan Bruland II Gangveg frå 1998, palnid 4647_143219970014
  • Reguleringsplan Bruland sandtak frå 2004, planid 4647_143220020011
  • Detaljreguleringsplan Dyrshaugen næringsområde frå 2018, planid 4647_143220160001

Planprogram og konsekvensutgreiing

Planarbeidet er vurdert til å verte fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar i høve naturmangfald. Utviding av planområdet vil ikkje endre på verkeområdet til forskrifta.

Sjå viktige dokument i saka

Sei di meining innan 9. august

Dersom du har opplysningar, synspunkt eller merknader som kan ha verknad eller interesse for planarbeidet, bør du sende det inn. Dette kan vere med på å justere planen. Fristen for å sende inn innspel er 9. august.

Slik sender du innspel eller spørsmål

Send innspel eller spørsmål til Norconsult AS v/ Arne Kringlen

Lovverk