Best i landet på klart språk

Prisvinnarane av klartspråkprisen - Klikk for stort bilete KS

I dag vart det klart at Sunnfjord kommune har vunne Klarspråksprisen for kommunar og fylkeskommunar 2022. Kommunal- og distriktsdepartementet deler ut prisen til ein kommune eller fylkeskommune som har gjort ein ekstraordinær klarspråksinnsats.

Det er stor stas å motta denne prisen. Dette er arbeid som vi må gjere kvar dag, så det er veldig inspirerande for det vidare arbeidet å ha med seg dette. Dette er ein standard som vi må levere på også framover.

Grunngjevinga til juryen

Årets prisvinnar er ein ung og «ny» kommune som vart til i 2020, da fire kommunar slo seg saman. Kommunen såg tidleg at språkarbeid var ein måte å byggje ei ny og god verksemd på. Juryen meiner at kommunen har tenkt riktig og handla klokt.

Arbeidet er forankra godt internt: Kommunen har ei særskild klarspråksgruppe som rapporterer til kommunedirektøren. Klarspråk er sett i samanheng med strategiar for digitalisering og kommunikasjon. Kommunen gjennomfører og tek lærdom av brukarundersøkingar både internt og eksternt.

Fleirspråklegheit er eit tema i kommunen. Mellom anna ligg det ute informasjonsvideoar som er teksta på ti språk, inkludert nynorsk og bokmål.

Juryen meiner at prisvinnaren viser ei god og moden forståing av klarspråk. Juryen legg særleg merke til at kommunen handsamar språk og annan kommunikasjon som eit demokratiprosjekt. Godt språk er ein del av demokratiet, og dei tilsette veit at det er ein demokratisk rett for innbyggjarane å forstå informasjon frå kommunen.

Klarspråksprisen for kommunar og fylkeskommunar går til Sunnfjord kommune.

 

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66