Ber om større handlingsrom

Formannskapet skal i møte 9. april gi uttale til NOU 2026:1 frå kommunekommisjonen, ei statleg utgreiing som foreslår endringar i korleis staten styrer kommunesektoren. 

Bakgrunn

tre jenter M365 - Klikk for stort bilete

Målet med kommisjonen sitt arbeid er å sjå heilskapleg på korleis staten kan styre kommunesektoren meir treffsikkert, med mindre detaljstyring og større rom for lokale prioriteringar. 

Kommunekommisjonen vart sett ned av regjeringa våren 2025. Bakgrunnen er at kommunane har fått stadig fleire oppgåver og krav, samstundes som ressursane i form av pengar og folk ikkje strekk til. Befolkninga blir eldre, medan talet på personar i yrkesaktiv alder går ned. Dette gir særleg store utfordringar innan helse- og omsorgstenestene, men òg innan skule, barnevern og andre viktige velferdsområde. Mange kommunar, spesielt dei små og mindre sentrale, slit allereie med å rekruttere nok og rett kompetanse, og med å oppfylle alle lovpålagde krav.

Kommisjonen peikar også på at statleg styring har blitt meir detaljert over tid. Bemanningsnormer, kompetansekrav, omfattande rapportering og mange øyremerkte tilskot gjer det vanskeleg for kommunane å prioritere etter lokale behov. 

Kommunekommisjonen sine forslag 

I NOU-en foreslår kommisjonen mellom anna å avvikle eller endre lærarnorma i grunnskulen, slik at kommunane får større fridom til å fordele lærarressursar der behova er størst. Vidare blir det foreslått å fjerne konkrete kompetansekrav i helse- og omsorgstenesta, for å gi kommunane større fleksibilitet i bruken av den arbeidskrafta som faktisk er tilgjengeleg. Kommisjonen foreslår også å innlemme fleire øyremerkte statlege tilskot i rammetilskotet, for å redusere byråkrati og styrke det lokale sjølvstyret. I tillegg blir det foreslått ulike forenklingar i tilskotsordningar og rapporteringskrav.

Meir informasjon om utgreiinga og forslaga: 


Dette er den første delutgreiinga, og det kjem ei andre utgreiing til med fleire forslag. 

Formannskapet vedtok denne uttalen: 

Sunnfjord kommune opplever kommunekommisjonen si første delutgreiing som viktige og nødvendig tiltak for å opprette balansen igjen mellom statleg styring og lokalt ansvar. Skal kommunane lukkast med dei store omstillingane som er nødvendig å gjennomføre, treng vi større lokalt handlingsrom, mindre detaljstyring og ei finansiering som gjer oss i stand til å løyse oppdraget.

Kommunekommisjonen si utgreiing treffer godt dei utfordringane kommunane står i, særleg mangel på arbeidskraft, demografiske utfordringar og sterk statleg styring som over tid har redusert kommunane sitt reelle handlingsrom. Summen av statlege krav, normer, rapportering og øyremerking gjer at heilskapleg prioritering og effektiv ressursbruk blir stadig vanskelegare.

Når økonomi og tilgang på kompetanse og arbeidskraft blir knappare, må kommunane likevel sikre forsvarlege tenester og berekraftige løysingar. Dette krev at tenestene blir organiserte og prioriterte slik at kommunane òg på lang sikt kan ivareta behova til innbyggjarane innanfor eit likeverdig og rettsbasert velferdssystem.

Styrking av lokalt sjølvstyre 

Sunnfjord kommune støttar kommisjonen sitt hovudpremiss: Lokaldemokratiet krev reelt handlingsrom. Kommunar som har ansvar for heilskapen i tenestene, må òg ha fridom til å prioritere mellom sektorar, basert på lokale forhold. Ei klar vektlegging av rammestyring som hovudprinsipp er difor fornuftig.

Mindre byråkrati og detaljkrav

Summen av rapportering, normer, øyremerking og statlege føringar blir ein tidstjuv og gjev mindre rom for fagleg og politisk skjønn lokalt. Det er viktig at staten reduserer detaljstyringa og bruker nasjonale rammer i staden for detaljregulering. Mindre byråkrati gir meir tid til tenesteyting.

Eldre mann og pleiar som smiler - Klikk for stort bilete

Berekraftig finansiering

For å gi innbyggjarane gode og forsvarlege tenester treng kommunane føreseielege og tilstrekkelege rammer, og nye oppgåver og krav må finansierast fullt ut. Uklare eller underfinansierte statlege vedtak svekker både handlingsrom og tillit.

Mindre statleg overstyring i plansaker 

Sunnfjord kommune vil særskilt løfte fram utfordringane med statleg overstyring i plansaker. Kommunen opplever at statlege myndigheiter, inkludert statsforvaltaren, grip for langt inn i kommunalt skjønn – også i saker der kommunen har gjennomført solide prosessar og gjort politiske vedtak innanfor plan- og bygningslova. Dette skaper usikkerheit og lange og uføreseielege prosessar for både kommunen, innbyggjarar og er ein trussel for næringslivet sin aktivitet og utvikling av arbeidsplassar.

I tillegg varierer praksisen mellom statsforvaltarane, noko som svekkjer likebehandlinga og gjer lokal planlegging meir krevjande. Ulike tolkingar av nasjonale føringar får reelle konsekvensar for lokal utvikling.

Sunnfjord kommune meiner det er viktig å styrke det kommunale sjølvstyret i plansaker. Terskelen for motsegner må hevast og avgrensast til saker av nasjonal betydning, og ikkje brukast som eit generelt styringsverktøy. Skal kommunane lukkast med berekraftig 

arealbruk, næringsutvikling, bustadbygging og klimatilpassing, treng vi større tillit og aukar rom for lokale vurdering basert på lokal kunnskap, demokratiske prosessar og ansvar for ei langsiktig utvikling.

Behov for betre samordning i staten

Kommunekommisjonen synleggjer på ein god måte at kommunane i praksis har blitt samordningsleddet i forvaltinga. Staten er sektorisert, medan kommunane må ta ansvaret for heilskapen. I praksis betyr dette at kommunane må samordne statleg politikk og handtere målkonfliktar, prioriteringar og konsekvensar – utan at staten sjølv er rigga for ei slik heilskapleg styring.

I neste delutgreiing bør kommunekommisjonen foreslå klarare og meir forpliktande rammer for korleis staten styrer kommunesektoren. Dagens sektorvise styring, med parallelle krav frå fleire departement og direktorat, reduserer det lokale handlingsrommet og skaper ei fragmentert styring.

Utvalet bør vurdere om nye statlege tiltak må følgje tydelegare prinsipp, som:

  • krav om heilskapleg konsekvensvurdering før nye styringstiltak blir vedtekne
  • vurdering av samla belastning på kommunane, ikkje berre sektorvis
  • klar samanheng mellom oppgåver, ansvar og finansiering
  • mekanismar for justering om statlege krav blir uforholdsmessig tyngjande


Målet må vere å sikre at kommunane ikkje gradvis mister styringsevne gjennom auka enkeltkrav – og at lokaldemokratiet får reelt rom for prioritering og lokalpolitisk skjønn.

Merknader til forslaga til kommunekommisjonen

Sunnfjord kommune er generelt positive til kommunekommisjonen sin intensjon om meir fleksibilitet for kommunane og større rom for lokal tilpassing og prioritering.

Vi støttar forslaga om innlemming og forenkling av øyremerka tilskot. For ein kommune som Sunnfjord, med store avstandar og samansette behov, er det avgjerande at midlar kan bli brukt der dei gir størst samla effekt, ikkje der tilskotsordningane er utforma for å passe en «gjennomsnittskommune». Forslaget om å heve beløpsgrensa for rapportering på øyremerka tilskot er veldig positivt, og det er gledeleg at Stortinget i budsjettforliket kom utvalet i forkjøpet og auka innslagspunktet ytterlegare.

Sunnfjord kommune meiner det er riktig å halde på lærarnorma. Å flytte norma frå skulenivå til kommunenivå kan framstå som ei god løysing på papiret, men vil kunne skjule store skilnader mellom skular. Særleg vil dette gjelde i kommunar med ein miks av store og små skular. Enkelte skular kan få for få lærarar og for store klassar, samstundes som kommunen formelt oppfyller krava. Lærarnorma er eit viktig verktøy for å sikre at alle elevane får tilstrekkeleg oppfølging, lærarstøtte og tid i kvart klasserom. Sunnfjord kommune meiner difor at norma må vidareførast på skulenivå, og at kommunane må få midlar til å oppfylle den.

Sunnfjord kommune går imot forslaget om å fjerne øyremerking av tilskot til veterinærdekning. Dette kan få alvorlege konsekvensar for dyrevelferd, mattryggleik og smitteberedskap i kommunane. Husdyrandelen er veldig ulikt fordelt så det er vanskeleg å finne eit kriteria som fangar dette opp, derfor må dette vere øyremerka. Vi oppmodar om at ordninga blir styrka gjennom auke av veterinærvakttilskotet.

Forslaget om forenkling av Husbanken sitt investeringstilskot til omsorgsplassar er viktig for kommunane. I ein situasjon der vi må vri tenestene mot meir heimebaserte og fleksible løysingar, er det avgjerande at statlege verksemder ikkje låser kommunane til bestemte strukturer eller buformer.